Hjem
Studentsider
erasmus+

Åbo Akademi University og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - CHARM-EU)

  • LandFinland
  • ByTurku
  • Studieplassar12
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

UiB er med i den europeiske universitetsalliansen CHARM-EU, som er finansiert gjennom Erasmus+-programmet. I tillegg til UiB er følgande universitet medlemmer alliansen: University of Barcelona, Trinity College Dublin, Utrecht University, University of Montpellier, Eötvös Loránd University Budapest, Åbo Akademi University, Julius-Maximilians University Würzburg og Ruhr West University of Applied Sciences. Les meir om alliansen her: Home | CHARM-EU

CHARM-EU-avtalen med Åbo Akademi University er open for alle UiB-studentar. Merk at ein del emne har krav til førehandskunnskapar.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon om utveksling og når det passar å reise ut i ditt studieprogram.

Språk

Offisielt undervisningsspråk ved Åbo Akademi University er svensk, men dei tilbyr også ein del emne på engelsk. Dersom ein skal ta emne på engelsk, må ein ha B2-nivå, noko UiB kan dokumentere for studentane sine.

Kva emne kan eg ta

CHARM-EU-avtalen med Åbo Akademi University er ikkje knytt til eit spesielt fagfelt, og så lenge ein er fagleg kvalifisert, kan ein velje blant emna som vert tilbode på bachelor- og masternivå: Faculties and subjects at ÅAU | Åbo Akademi University (abo.fi)

Hugs at du må få ei fagleg førehandsgodkjenning frå instituttet/fakultetet ditt ved UiB, slik at du får utvekslingsopphaldet innpassa i graden din.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Åbo Akademi University vart oppretta for hundre år sidan, og er det einaste universitetet med svensk som hovudspråk i Finland. Her finn ein eit breidt utdanningstilbod. Til saman er det 5 500 studentar i dei to campusbyene Turku (kalla Åbo på svensk) og Vaasa. Med ein internasjonal atmosfære og gamle studenttradisjonar, kan du få praktisert både finsk og svensk under opphaldet.

Åbo ligg sørvest i Finland. Byen blei grunnlagt på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han har om lag 180 000 innbyggarar, og rundt 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Med om lag 35 000 studentar, blir Åbo sett på som den beste studentbyen i landet. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad gjennom universitetet, og det er lurt å søke tidleg, då det er stor pågang. Les på nettsidene til Åbo Akademi University for meir informasjon.

Semesterinndeling

Haustsemester: august - desember

Vårsemester: januar til mai/juni/juli (varierer etter studieprogram)

Vinterbilde fra campus
Foto/ill.:
© Åbo Akademi

Informasjon