Hjem
Studentsider
erasmus+

Technische Universität Dresden og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByDresden
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtala gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i digital kultur og andre studentar som ynskjer å ta emne i digital kultur når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram i digital kultur vert prioriterte i fall det er fleire søkjarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor i digital kultur: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden. Ein rår til at studentane tar 200-nivået på utveksling då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivået enn på 100-nivået.

Studentar på andre studieprogram: ta kontakt med studierettleiaren din.

Språk

Tysk, (engelsk)

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivået. Hugs på at dersom du skal ta 200-nivået på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Technische Universität Dresden er eit relativt stort offentleg universitet, med meir enn 40 000 studentar og eit breitt fagtilbod fordelt på 14 fakultet. Universitetet sine kjerneområde er ingeniørfag, humaniora, naturvitskap og medisin. Med unntak av fakultetet for medisin og fakultetet for skogbruk, ligg heile universitet på ein samla campus sør for Dresden sentrum.

Dresden er hovudstaden i den tyske regionen Sachsen, med rundt 530 000 innbyggarar. Han ligg i eit dalføre Clausthal-Zellerfeld ved elva Elbe, ikkje langt frå grensa mot Tsjekkia. Bynamnet kjem av den gamalserbiske frasen «Drezd'an» som tyder «folket frå skogen». Dresden går òg under kallenamnet «Tysklands juvelboks» på grunn av dei mange utsmykka og monumentale byggverka som finst i byen.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden Studentenwerk Dresden om eit bustadtilbod for internasjonale studentar. Det er òg mogeleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden om du er ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli.

Grøn campus
Foto/ill.:
© Technische Universität Dresden

Informasjon