Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i historie

ingressbilde

Introduksjon

Korleis arta livet seg for menneska i fortida? Ønskjer du å lære om mennesket som eit sosialt, tenkjande og skapande vesen? Kvifor har den same fortida ulik historie? Kva har perspektiv og ståstad å seie for oppfattinga av historie og fortid?

Å studere fortid og samtid opnar for mange moglegheiter. Historiefaget gir ein brei og allmenn kompetanse og står med eitt bein i dei humanistiske vitskapene og eitt bein i samfunnsvitskapene. Historie er derfor eit fag som kan kombinerast med dei andre samfunnsfaga og opne for yrke innan for eksempel offentleg administrasjon og verksemd. Vil du bli lærar eller søkje arbeid i utlandet kan ein kombinasjon med nordisk eller eit framandspråk vere aktuelt. Studium i historie gir grunnlag for arbeid med historie innanfor arkiv og museum og for vidare studium på universitetsnivå.

Studievegar

Bachelor

Det treårige studiet i historie er sett saman av både oversyn- og fordjupingsemne. Spesialiseringa i historie består av tre obligatoriske emne og tre valfrie emne: Oversyn over eldre historie, Oversyn over nyare historie og Bacheloroppgåva er obligatoriske emne. Parallelt med dei obligatoriske emna vel du fordjupingsemne i eldre og nyare historie, eller oversiktsemne i Midtaustens historie.

Master

Med bachelorgrad i historie kan du søkje opptak til det toårige masterprogrammet i historie.

Praktisk-pedagogisk utdanning

Dersom du kombinerer historie med eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk påbygging.

Forsking

Historie i Bergen opnar for forsking innanfor norsk, europeisk og internasjonal historie. Forskinga spenner breidt både tematisk, kronologisk og geografisk - frå oldtidsbyen Palmyra til vitskapshistorie.

Sjå også desse studia

Nordisk, framandspråk, sosialantropologi, samanliknande politikk.

Visste du at ...

Då europearane byrja reise i Syrias indre på 1600-talet, møtte dei eit overraskande syn. Midt i det tørre steppelandskapet openberra det seg storslagne restar etter det som ein gong må ha vore ein viktig storby: Palmyra. I dag blir det forska på denne byen ved UiB.

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på uib.no/utdanning.

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i historie. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Tabellen er eit eksempel på korleis du kan leggje opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkjefølgje på emna i programmet - mellom anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søkje om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å setje opp ein plan. Sjå den detaljerte studieplanen for programmet på: uib.no/utdanning

Semester Emne

1. semester Examen philosophicum og Examen facultatum

2. semester Spesialisering i historie

3. semester Spesialisering i historie

4. semester Spesialisering i historie

5. semester Valfrie emne

6. semester Valfrie emne

Utveksling

Du kan reise på utveksling til utlandet og velje emne i historie, eller du kan ta andre fag som frie studiepoeng i programmet ditt. Du kan for eksempel studere ved dei norske institutta i Roma og Athen, eller ta historieemne ved universitet i Norden eller Europa. Historiefaget har ei rekkje samarbeidsavtaler med universitet både i og utanfor Europa.

Yrkesvegar

Med bakgrunn frå historie kan du for eksempel bli lærar eller journalist. Historie er ei utdanning som gir god basiskompetanse i høve til mange fagområde. Historie kvalifiserer derfor til arbeid i fleire bransjar og sektorar: undervisning, offentleg administrasjon og forvalting, museum og arkiv, internasjonalt arbeid, forlag/media, journalistikk, reiseliv og forsking.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:
www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i historie.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 41,4

Førstegangsvitnemål: 35,0

Antall studieplasser

115

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no
55 58 93 70

Graden

Bachelor i historie

Omfang

180 stp

Studiestart

Haust

Mål og innhald

Historie handlar om fortida til menneske og samfunn, og legg til grunn at vi forstår nåtida betre om vi ser henne i lys av fortida. Historiefaget ved UiB famnar om studiar på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå frå antikken til i dag. Studiet tar for seg kulturell, sosial, politisk og økonomisk utvikling over tid, og innbyr til refleksjon omkring forandring og kontinuitet. Særleg retter studiet merksemda mot betydinga av kjønn, klasse, nasjonalitet og etnisitet. Til saman skal studiet fremja kunnskap om og forståing av viktige sider ved samfunnsutviklinga, både i og utanfor Noreg.

 

Studiet skal gi auka innsikt i at ikkje berre dei menneskelege samfunna men også vår forståing av fortida har endra seg. I tillegg vil studiet gi innsikt i ulike metodiske tilnærmingar til studiet av fortida og korleis metodane påverkar sjølve tolkinga av fortida. Studiet inneheld både oversikts- og fordjupingsdelar, slik at studentane kan kombinera innsikt i ¿dei store linjene¿ i historia med nærstudium av avgrensa problemfelt.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar:

Studenten vil ha god oversikt i norsk og internasjonal historie frå antikken til i dag. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild god innsikt i nokre sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar både i eldre historie (før 1750) og nyare historie. Studenten vil òg ha god kunnskap om sentrale kjelde- og metodespørsmål.

 

Ferdigheiter:

Studenten har ferdigheiter i å drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdering av historiske framstillingar. Studenten kan analysere historiske data, kjelder og litteratur, samt trekkje sjølvstendige konklusjonar basert på dette materialet.

 

Generell kompetanse:

Studenten vil ha erfaring med å handsame store informasjonsmengder, samt å formidle historisk kunnskap både munnleg og skriftleg. Studenten har kompetanse til å setja seg inn i nye problemfelt og å analysera saker frå fleire sider. Studenten har kompetanse i akademisk argumentasjonsteknikk og til å dokumentere skriftleg arbeid på ein vitskapleg måte.

 

Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i historie inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet) Førstesemesterstudiet er sett saman av:

1) Examen philosophicum

2) Akademisk skriving,

3) Enten: Tekst og kultur

Eller: Språk og kommunikasjon

Tekst og kultur er tilrådd.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne / spesialisering

Graden må innehalde ei historiespesialisering på 90 studiepoeng, seks historieemne a 15 studiepoeng: To oversiktsemne (HIS101 og HIS102), tre fordjupingsemne på 100- eller 200-nivå og HIS250 Bacheloroppgåve i historie. Oversiktsemna HIS101 og HIS102 saman med HIS250 Bacheloroppgåve i historie, er obligatoriske. HIS250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i historie har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølje for emne i studiet

Studiet startar med innføringsemne i første semester (haust).

Dei to første semestra med historie er sett saman av eitt oversiktsemne (HIS101/ HIS102) og eitt fordjupingsemne på 100-nivå (HIS113/HIS114/HIS115/HIS116) per semester. I det tredje semesteret med historie er det sterkt tilrådd at ein tar HIS203 i kombinasjon med HIS250 (bacheloroppgåva).

 

Emna vert tilbydd slik:

Haust:

HIS101 Oversikt over eldre historie

HIS113 Fordjuping i eldre historie (mappevurdering)

HIS114 Fordjuping i eldre historie (skuleeksamen)

HIM103 Islam og politikk (skuleeksamen)

HIM201 Fordjuping i Midtaustens historie (skuleeksamen)

 

Vår:

HIS102 Oversikt over nyare historie

HIS115 Fordjuping i nyare historie (mappevurdering)

HIS116 Fordjuping i nyare historie (skuleeksamen)

HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (skuleeksamen)

HIS111 USAs historie (skuleeksamen)

EUR103 Europa etter 1945: ressurser, demografi, økonomi (skuleeksamen)

HIM101 Oversikt over Midtaustens historie (skoleeksamen)

 

Haust og vår:

HIS203 Historiske kjelder og kjeldekritikk (mappevurdering)

HIS250 Bacheloroppgåve historie

 

Studenten avgjer sjølv om han/ho vil ta HIS250 i eldre historie (haustsemesteret) eller i nyare historie (vårsemesteret).

 

Fordjupingsemna tilbyr fleire tema. Sjå UiB og AHKR sine nettsider.

 

Ein kan etter søknad skifta ut eitt fordjupingsemne med eit emne på minst 15 studiepoeng frå eit anna fag.

Krav til progresjon i studiet

Instituttet tilrår at studentane har avlagt eksamen i oversiktsemna og fordjupingsemna på 100-nivå før dei tek eksamen i HIS250 Bacheloroppgåve i historie.

Delstudium i utlandet

Instituttet oppmodar til, og vil leggje til rette for, at studentane tar delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Studentane kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning, oppgåvekommentering og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F der F er stryk

2) greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Kompetanse for vidare studium

Ein bachelorgrad i historie gir grunnlag for søknad til masterprogrammet i historie.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i historie gir gode, solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar. Historie opnar for arbeid i skuleverket, kultursektoren, arkiv, bibliotek, og museum, medieverksemder, offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Fagansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).

Administrativ ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar:

Studenten vil ha god oversikt i norsk og internasjonal historie frå antikken til i dag. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild god innsikt i nokre sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar både i eldre historie (før 1750) og nyare historie. Studenten vil òg ha god kunnskap om sentrale kjelde- og metodespørsmål.

 

Ferdigheiter:

Studenten har ferdigheiter i å drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdering av historiske framstillingar. Studenten kan analysere historiske data, kjelder og litteratur, samt trekkje sjølvstendige konklusjonar basert på dette materialet.

 

Generell kompetanse:

Studenten vil ha erfaring med å handsame store informasjonsmengder, samt å formidle historisk kunnskap både munnleg og skriftleg. Studenten har kompetanse til å setja seg inn i nye problemfelt og å analysera saker frå fleire sider. Studenten har kompetanse i akademisk argumentasjonsteknikk og til å dokumentere skriftleg arbeid på ein vitskapleg måte.

 

Studenten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

BAHF-HIS/Bachelorprogram i historie
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP)
Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne:
-EXPHIL Examen philosophicum - EXPHIL-HFSEM (seminarvariant) eller EXPHIL-HFEKS (eksamensvariant) EXFAC00AS Akademisk skriving
EXFAC00TK Tekst og kultur (tilrådd) - EXFAC00TKSEM (seminarvariant) eller EXFAC00TKEKS(eksamenvariant) eller
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.

  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00AS Examen facultatum, Akademisk skriving 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1-6
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00TKSEM Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell 10 1-6
EXFAC00TKEKS Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen 10 1-6
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1-6
Spesialisering i historie (krav: 90 SP)
Graden må innehalde ei historiespesialisering på 90 studiepoeng, seks historieemne a 15 studiepoeng: To oversiktsemne (HIS101 og HIS102), tre fordjupingsemne på 100- eller 200-nivå og HIS250 Bacheloroppgåve i historie. Oversiktsemna HIS101 og HIS102 saman med HIS250 Bacheloroppgåve i historie, er obligatoriske. HIS250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet. ( Gjeldende til og med høsten 2011 :Graden må innehalde ei historiespesialisering på 90 studiepoeng, seks historieemne a 15 studiepoeng: To oversiktsemne (HIS101 og HIS102), tre fordjupingsemne på 100- eller 200-nivå og HIS250 Bacheloroppgåve i historie. Oversiktsemna HIS101 og HIS102 saman med HIS250 Bacheloroppgåve i historie, er obligatoriske. HIS250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
HIS101 Oversyn over eldre historie 15 1-6 3
HIS102 Oversyn over nyare historie 15 1-6 2
HIS250 Bacheloroppgåve i historie 15 1-6
  Vel minst tre emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EUR103 Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi 15 1-6
HIS111 Oversikt over USA historie 15 1-6
HIS113 Fordjuping i eldre historie 15 1-6
HIS114 Fordjuping i eldre historie til 1750 15 1-6
HIS115 Fordjuping i nyare historie 15 1-6
HIS203 Historiske kjelder og kjeldekritikk 15 1-6
HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie 15 1-6
HIS116 Fordjuping i nyare historie fra 1750 15 1-6
HIM101 Oversikt over Midtaustens historie 15 1-6
HIM102 Det moderne Midtausten 1880-2000 15 1-6
HIM103 Islam og politikk 15 1-6
HIM201 Fordjuping i Midtaustens historie 15 1-6
Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP)
Valfritt
SP S A
Utveksling 1 semester - -
Utveksling 2 semester - -