Hjem
Utdanning

Studieplan for BAHF-HIS Historie, bachelor, 3 år, haust 2024

Namn på grad

Bachelor i historie

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i historie har et omfang på 180 studiepoeng.

Fulltid/deltid

Bachelorprogrammet i historie er normert til 3 år.

Undervisningsspråk

Dei fleste emna i programmet vert tilbydd på norsk, men enkelte emne vert tilbydd på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Historie handlar om fortida til menneske og samfunn, og legg til grunn at vi forstår nåtida betre om vi ser henne i lys av fortida. Historiefaget ved UiB famnar om studiar på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå frå antikken til i dag. Studiet tar for seg kulturell, sosial, politisk og økonomisk utvikling over tid, og innbyr til refleksjon omkring forandring og kontinuitet. Særleg retter studiet merksemda mot betydinga av kjønn, klasse, nasjonalitet og etnisitet. Til saman skal studiet fremja kunnskap om og forståing av viktige sider ved samfunnsutviklinga, både i og utanfor Noreg.

Studiet skal gi auka innsikt i at ikkje berre dei menneskelege samfunna men også vår forståing av fortida har endra seg. I tillegg vil studiet gi innsikt i ulike metodiske tilnærmingar til studiet av fortida og korleis metodane påverkar sjølve tolkinga av fortida. Studiet inneheld både oversikts- og fordjupingsdemne, slik at studentane kan kombinera innsikt i "dei store linjene" i historia med nærstudium av avgrensa problemfelt.

Innanfor bachelorprogrammet i historie kan ein velje studieretning Midtaustens historie. Denne studieretninga er open for alle på programmet.

Studieretninga Midtaustens historie gir ei historiespesialisering som famnar alle fagets Midtausten-emne kombinert med andre historieemne. Denne studieretninga har eige krav til emnesamansetning, og studentane skriv bacheloroppgåve i Midtaustens historie (HIM250). Bachelorgrad i historie med studieretning Midtaustens historie gjev same undervisingskvalifikasjonar som ein ordinær bachelorgrad i historie.

Instituttets emne i Midtaustens historie kan òg inngå i ein bachelorgrad utan denne særskilde studieretninga.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

  • Kandidaten vil ha god oversikt i norsk og internasjonal historie frå antikken til i dag. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild god innsikt i nokre sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar både i eldre historie (før 1750) og nyare historie.
  • Kandidaten vil òg ha god kunnskap om sentrale kjelde- og metodespørsmål.

Ferdigheiter:

  • Kandidaten har ferdigheiter i å drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdering av historiske framstillingar.
  • Kandidaten kan analysere historiske data, kjelder og litteratur, samt trekkje sjølvstendige konklusjonar basert på dette materialet.

Generell kompetanse:

  • Kandidaten vil ha erfaring med å handsame store informasjonsmengder, samt å formidle historisk kunnskap både munnleg og skriftleg.
  • Kandidaten har kompetanse til å setja seg inn i nye problemfelt og å analysera saker frå fleire sider.
  • Kandidaten har kompetanse i akademisk argumentasjonsteknikk og til å dokumentere skriftleg arbeid på ein vitskapleg måte.
  • Kandidaten kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og innføringsemne (10-20 studiepoeng), og det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret. Studentar skal velje eitt av innføringsemna EXFAC00AS - Akademisk skriving eller EXFAC00SK - Språkkunnskap.

I tillegg til ex.phil kan ein anten ta to innføringsemne (20 stp) eller eitt innføringsemne (10 stp) og HIS100 (10 stp).

På bachelorprogrammet i historie er det tilrådd at ein tar ex.phil, Akademisk skriving og HIS100 Innføringsemne i historie i det fyrste semesteret.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 20 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne

I tillegg til emna omtalt i avsnittet «Innføringsemne» er følgjande emne obligatoriske i historie bachelor: HIS101, HIS102, HIS203 og HIS250

For studentar som vel studieretning Midtaustens historie, er følgjande emne obligatoriske( i tillegg til innføringsemne):

HIS101, HIS102, HIM101, HIS203, HIM250 og eitt av emna HIM103/HIM104/HIM105.

HIS250 og HIM250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Spesialisering

Graden må innehalde ei historiespesialisering på 90 studiepoeng, sett saman av seks historieemne a 15 studiepoeng:
To oversiktsemne (HIS101 og HIS102), to valemne, HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjeldar og HIS250 bacheloroppgåve i historie.

Spesialisering med studieretning Midtøsten inneheld HIS101, HIS102, HIM101, HIS203 og eitt av emna HIM103/HIM104/HIM105, i tillegg til HIM250 bacheloroppgåve i Midtaustens historie.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i historie har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor fag som er relevante for vidare utdanning eller yrkesplanar.


Dersom ein ynskjer å gå vidare med lærarutdanning, er det tilrådd at dei 60 frie studiepoenga vert tekne i eit undervisningsfag.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje for emne i ordinær spesialisering i historie:

1. semester (haust): ex.phil, Akademisk skriving og HIS100(30 stp)

2.semester (vår): HIS101 Oversyn over eldre historie og HIS102 Oversyn over nyare historie (30 stp)

3.semester (haust): To valfrie fordjupingsemne i historie (30 stp)

4.semester (vår): HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder og HIS250 Bacheloroppgåve i historie (30 stp)

5. semester (haust): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

6.semester (vår): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

Tilrådd rekkefølgje for emne i studieretning Midtaustens historie:

1. semester (haust): ex.phil, Akademisk skriving og HIS100(30 stp)

2.semester (vår): HIS101 Oversyn over eldre historie og HIS102 Oversyn over nyare historie (30 stp)

3.semester (haust): HIM101 Oversyn over Midtaustens historie og eitt av emna HIM103 Islam og politikk, HIM104 Islam i Afrika sør for Sahara, c.1500-2000 og HIM105 Fordjuping i Midtaustens historie (30 stp)

4.semester (vår): HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder og HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie (30 stp)

5.semester (haust): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

6.semester (vår): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

Instituttet tilrår at studentane har avlagt eksamen i emna på 100-nivå før dei skriv bacheloroppgåva (HIS250 eller HIM250).

Fordjupingsemna og HIS250 tilbyr normalt fleire tema. Sjå UiB og AHKR sine nettsider.

Ein kan etter søknad skifta ut eitt fordjupingsemne med eit emne på minst 15 studiepoeng frå eit anna fag.

Emna vert tilbydd slik:

Haust:

HIS100 Innføring i historie

HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie

HIS111 USAs historie

HIS113 Fordjuping i eldre historie

HIS114 Fordjuping i eldre historie

HIS115 Fordjuping i nyare historie

HIS116 Fordjuping i nyare historie

HIS130 Politiske system i den antikke verda

HIM101 Oversikt over Midtaustens historie

HIM103 Islam og politikk

HIM104 Islam i Afrika sør for Sahara

HIM105 Fordjuping i Midtaustens historie

Vår:

HIS101 Oversikt over eldre historie (vert òg tilbode haust 2023).

HIS102 Oversikt over nyare historie

EUR103 Europa etter 1945: ressurser, demografi, økonomi

HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder

Haust og vår:

HIS250 Bacheloroppgåve historie

HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie

Fordjupingsemna vil variere frå år til år, sjå nettsidene til UiB for aktuelle tilbod.

Delstudium i utlandet

Programmet kan inkludera eit delstudium i utlandet for dei som ynskjer det. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er Universitetet i Greifswald, Universitetet i Southampton og Universitetet i Groningen .

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå www.uib.no/utveksling

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning, oppgåvekommentering og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F der F er stryk

2) greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad i historie gir grunnlag for søknad til masterprogrammet i historie.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i historie gir gode, solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar. Historie opnar for arbeid i skuleverket, kultursektoren, arkiv, bibliotek, og museum, medieverksemder, offentleg administrasjon og internasjonalt arbeid.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no

studierettleiar@ahkr.uib.no

Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@ahkr.uib.no