Fordjuping i nyare historie
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeHIS116
- Talet på semester1
- SpråkNormalt undervises emnet på norsk.
- Ressursar
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelornivå
Undervisningssemester
Vår (emnet blir tilbydd kvar vår, såframt ressursane tillet det)
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i det aktuelle tema. Dei skal læra seg å formidla historisk stoff best mogeleg, å nærma seg historiske problem på ein vitskapleg måte og å bruka historisk teori og metode i behandlinga av historiske spørsmål
Når ressursane tillet det tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema, og studentane vel eitt av dei (per emne). Studiet omfattar perioden frå ca. 1750 og fram til i dag. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før kvart vårsemester.
Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.
Våren 2021 kan du velja mellom følgjande tema:
Tema 3: Staten og sjølvstyret. Den geografiske aksen i det norske styringsverket etter 1814.
Tema 4: Miljøbevægelser, miljøaktivister og miljøsyn ¿ fra Rachel Carson til Greta Thunberg
Tema 5: Tysklands andre verdenskrig: Strategiske veivalg, ressursmobilisering og folkemord
Tema 6: USAs historiehhttps://www.uib.no/fag/historie/73572/temaomtale-his116
Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har god kunnskap innan det valde fordjupingsteamet
- kjenner til synsmåtar, forklaringar og teoriar knytt til temaet
- har god innsikt i sentrale kjelde- og metodespørsmål
Ferdigheiter
Studenten
- kan problematisere, nytte relevant fagterminologi og drøfte historiske framstillingar innan temaet
- kan vurdere og analysere litteratur/kjelder og kunne trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av denne analysen.
Generell kompetanse
Studenten
- viser evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i form av førelesingar (normalt 12 førelesningar).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk skriftleg arbeid
For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk skriftleg arbeid på ca. 1500 ord. Oppgåven skal ha tilvisingar i teksten til kjelder og litteratur og liste til slutt over den litteraturen som er nytta.
Omfang, fristar og retningslinjer for den obligatoriske aktiviteten blir gjort kjent ved studiestart .
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eit semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
- 6-timars skriftleg skuleeksamen.
Obligatoriske arbeidskrav må vera gyldige for å kunna møte til eksamen
Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (haust). Denne eksamen er bare open for studentar som har gyldige obligatoriske arbeidskrav i emnet.
Våren 2021 er 6 timar skuleeksamen erstatta av skriftleg eksamen heimefrå som tiltak for å hindre spreiing av koronavirus. Studentane får 1 time teknisk tilleggstid, slik at dei har 7 timar på å utforma svaret.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime
- Dato
- 27.05.2021, 09:00
- Varigheit
- 7 timer
- Trekkfrist
- 13.05.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen