Hjem
Historie
Emner

Temaomtale HIS116

Fordjuping i nyere historie

Aktivister fra den danske miljøbevægelse  NOAH på Kvæsthusbroen i København den 29. maj 1972. Aktivisterne er med  skib på vej til Stockholm for at deltage i aktiviteter i forbindelse med  FN's første miljøkonference. Foto: Niels Juul Busch
Foto/ill.:
Aktivister fra den danske miljøbevægelse NOAH på Kvæsthusbroen i København den 29. maj 1972. Aktivisterne er med skib på vej til Stockholm for at deltage i aktiviteter i forbindelse med FN's første miljøkonference. Foto: Niels Juul Busch

Hovedinnhold

Du har valet mellom ulike tema i HIS116, men du kan berre velje eitt. Les omtale av kvart tema her:

Tema 3: Staten og sjølvstyret. Den geografiske aksen i det norske styringsverket etter 1814.

Ansvarlig: Yngve Flo

Korleis og i kva grad heng Noreg saman frå landsende til landsende, som stat og som politisk fellesskap? Denne problemstillinga står sentralt for temaet Staten og sjølvstyret, som dekkjer heile perioden frå Grunnlova av 1814 fram til våre eigne dagars kommune- og regionreform. Temaet tek føre seg utviklinga av det politiske og administrative apparatet på alle nivå, og teiknar på denne måten også ei langtidsline når det gjeld den geografiske eller territoriale aksen i det samla norske styringssystemet.

I historisk og statsvitskapleg litteratur vert det ofte understreka at det eksisterer og har eksistert grunnleggjande interessemotsetnader mellom menneske i ulike geografiske delar av landet: Nordmenn er i økonomisk, sosialt og kulturelt ulike kvarandre alt etter kvar ein høyrer heime, og tilhøvet mellom sentrum og periferi vert jamvel framstilt som ei av dei viktigaste konfliktlinene i norsk politisk historie. Men trass i (eller kanskje nettopp fordi) geografien har vore ei kjelde til politisk splitting, er geografien også ein nøkkel til å forstå dei organisatoriske føresetnadene for stats- og nasjonsbygginga, og for den stendig tettare integrasjonen mellom sentralmakt og lokalsamfunn.

Gjennom førelesingar og undervisningslitteratur vert studentane både kjende med den faktiske oppbygginga og verkemåten til dei viktigaste einingane innan det «geografiske funderte» styringsverket på ulike stadium av historia, og med den politiske og ideologiske striden som har gått føre seg når dette apparatet er blitt forma og reformert. Å få eit samla grep på «realhistoria» og «idéhistoria» er avgjerande for å forstå endringane. Den norske kommunalhistoria kan til dømes lesast som ei utvikling som dels har vore forma av kva kommunane og lokalsamfunna sjølve har prestert, dels av dei motstridande ambisjonar rikspolitikarar av ulik ideologisk støyping og med ulike strategiske behov har hatt på kommunens vegner opp gjennom tidene.

Målet for temaet er at studentane skal evne å sjå samanhengar og identifisere langtidsliner i utviklinga av styringsverkets geografiske dimensjon gjennom 200 år, og dessutan vere i stand til å reflektere over grunnleggjande spørsmål knytt til dei viktigaste komponentane i dette apparatet.

Nokre døme: Kva er eigentleg ein kommune, og kva rolle har han spelt i nasjonsbygginga – og for å skape og utvikle felles identitetar i kvart einskild lokalsamfunn? Korleis kan vi forklare at oppgåvene på regionalt nivå er splitta opp mellom ein «statleg» fylkesmann og eit «sjølvstyrt» fylkeskommune? Kvifor vert det så mykje bråk når nokon freistar å endre på kommune- og fylkesgrenser? Og kva kan det ha seg at stortingssalen er utforma slik at dei folkevalde fysisk sit samla ut frå kva fylke, og ikkje ut frå kva parti dei representerer?

Tema 4: Miljøbevægelser, miljøaktivister og miljøsyn – fra Rachel Carson til Greta Thunberg

Ansvarlig: Asger Magne Birkkjær Hougaard

I 1962 udkom marinebiologen Rachel Carsons bog “Det tavse forår”, der var med til at sætte miljøproblemer på dagsordenen i USA og mange andre steder. I slutningen af 1960’erne og begyndelsen af 1970’erne skete en række begivenheder, der er blevet beskrevet som ʻden økologiske vending’ og ʻden økologiske revolution’. I mange lande opstod miljøbevægelser, og miljødebatter og miljøkampe fandt sted. I 1980’erne og 1990’erne kom bæredygtig udvikling på dagsordenen, og i 1995 blev den første af FN’s COP-klimakonferencer afholdt.

Miljøbevægelser har siden 1960’erne ikke optrådt som en homogen masse, men har taget mange forskellige former og behandlet forskellige temaer om alt fra kviksølvindholdet i fisk til arbejdsmiljø, social ulighed og global opvarmning. En stor del af miljøbevægelsernes arbejde har været af tværfaglig karakter, og bevægelserne har behandlet forskellige former for viden om både naturvidenskab og samfund.

Med nedslag i perioden fra slutningen af 1960’erne og frem til i dag vil vi sammen undersøge, hvordan miljøbevægelser og miljøaktivister har arbejdet. Vi vil blive klogere på, hvordan vi som historikere kan studere emner, der involverer miljøbevægelser, miljøaktivister og miljøsyn. På kurset vil vi blive præsenteret for forskellige perspektiver på miljøtematikker og undersøge forskellige bevægelser med forskellige mål. Hovedparten af de undersøgte bevægelser og aktivister vil være fra Skandinavien. Kursets tekster vil være på engelsk, dansk, svensk og norsk. Det anbefales, at den studerende anskaffer et eksemplar af Joachim Radkaus bog “The Age of Ecology”.

Tema 5: Tysklands andre verdenskrig: Strategiske veivalg, ressursmobilisering og folkemord

Ansvarlig: Rolf Hugh Hobson

Temaet har Tysklands overordnede strategiske veivalg som kronologisk ledetråd. Det konsentrerer seg om tre knutepunkter: de såkalte «Blitzkriegene» mellom angrepet på Polen i september 1939 og Frankrikes kapitulasjon sommeren 1940; perioden mellom Barbarossa og slaget om Moskva, fra juni til desember 1941; og perioden mellom Wehrmachts sammenbrudd i Hviterussland i juni 1944 og Warsawa-oppstanden i august-september.

Hovedtilnærmingen i temaet kan uttrykkes slik: Militær strategi, mobiliseringen av økonomiske ressurser og nazismens rasepolitiske målsettinger er temaer som kan ikke behandles uavhengig av hverandre. Beslutninger innenfor hvert av de respektive områdene påvirket de andre to på avgjørende måter.

Wehrmachts krigføring plasseres i et lengre historisk perspektiv i sammenheng med prøyssiske militære tradisjoner og erfaringene fra første verdenskrig.

Det første knutepunktet danner inngangsporten til spørsmålet om Tysklands mobilisering av ressurser. Eldre forsknings forestilling om en begrenset mobilisering av ressurser tilpasset en «Blitzkrieg-strategi» for korte felttog stilles opp mot nyere forsknings bilde av en hensynsløs mobilisering av hele økonomien for en total krig.

Dette spørsmålet leder over til Tysklands plyndring av økonomien i de okkuperte områdene. Særlig forskjellene mellom integrasjonen i Groβwirtschaftsraum i vest og den hensynsløse plyndringen av ressurser og slavebindingen av de okkuperte befolkningene i øst blir fremhevet. Tvangsarbeid behandles inngående fordi dette aspektet av okkupasjons-økonomien overlappet med folkemordspolitikken.

Det andre knutepunktet illustrerer særlig tydelig sammenhengen mellom krigen på østfronten og folkemordspolitikken. Angrepet på Sovjetunionen og Hitlers krigserklæring mot USA var begge påskudd for å radikalisere jødepolitikken. Massedrapet på sovjetiske krigsfanger vinteren 1941-2 var et utslag av de økonomiske prioriteringene i Blitzkrieg-fasen av felttoget, men bar samtidig bud om den etniske ommøbleringen av Øst-Europa som SS-byråkratiet planla.

Det tredje knutepunktet ser på Wehrmacht i nederlag. Det løfter frem betydningen av historiens største offensiv, operasjon Bagration, som er svært lite kjent i vest (to uker etter D-dagen bandt Den røde hær ti ganger så mange tyske divisjoner som i vest, utraderte Heeresgruppe Mitte og befridde Hviterussland). Samtidig med at Tyskland mistet sitt fotfeste på sovjetisk territorium, ble de ungarske jødene deportert til Auschwitz og Warsawa-oppstanden slått ned.

Tema 6: USAs historie

Ansvarlig: Trond Espen T. Bjoland

Temaet tar for seg USA si historie frå midten av 1700-talet til midten av 1900-talet. Det legg særleg vekt på immigrasjon og samspelet mellom ulike etniske grupper, og denne vektlegginga vil bli gjenspeila innanfor ulike undertema:

A. Demokrati og nasjonsbygging

Denne delen av kurset handlar om utvikling av USA som demokrati og føderalstat. Det begynner med dei 13 koloniane og deira veg mot sjølvstende, og held fram med utviklinga av ein konstitusjon og den tidlege nasjonsbygginga. Vidare følger utfordringar i det unge demokratiet, vegen mot borgarkrig og perspektiv på resultatet av denne.

B. Immigrasjon, etnisitet og industrialisering

Denne delen av kurset handlar om dei store endringane som skjedde i USA på 1800- og 1900-talet. Omfattande immigrasjon og geografisk spreiing bidrog til økonomisk vekst og kulturell utveksling, men også til spenningar og konfliktar. Eit mangfald av etniske grupper immigrerte til USA og busette seg både i store byar og små jordbrukssamfunn. I diskusjonane knytt til dette vil særleg den norskamerikanske etniske gruppa bli nytta som døme, men også andre etniske grupper vil bli omtala. I tillegg vil mellom anna jordbruk, infrastruktur og industri bli handsama i denne delen av kurset.

C. USA i møte med verda

Den siste delen av kurset handlar i hovudsak om korleis USA si rolle i internasjonale forhold påverka den interne situasjonen i USA på 1900-talet. Dette inkluderer særleg situasjonen knytt til dei to verdskrigane og den kalde krigen. Vi vil dermed ikkje primært undersøke dei internasjonale konfliktane i seg sjølve, men studere korleis dei påverka situasjonen i USA og relasjonane mellom etniske grupper i landet.

Studenter som tidligere har tatt HIS111 kan risikere faglig overlapp med tema 6 og bør ta kontakt med instituttet.