Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Politiske system i antikken

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust (emnet blir tilbydd kvar haust, om ressursane tillet det).

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Omgrepet "politikk" kjem av det greske ordet for bystat, polis. I ein periode på 1250 år (omkring 750 f.v.t. - 500 e.v.t.) var Middelhavet og Svartehavet omkransa av slike sjølvstyrte byar, med eit relativt lite jordbruksoppland, og ofte såpass få borgarar at dei kan karakteriserast som "face-to-face societies". Denne utbreiinga av greske, fønikiske, etruskiske og latinske bystatar var dels eit resultat av befolkningskonsentrasjon og befolkningsvekst, dels eit resultat av kolonisering, der allereie eksisterande bystatar "eksporterte" si overtallige befolkning til nye område, og kolonistane skapte nye sjølvstyrte byar, ofte på dei ikkje-urbaniserte innfødde sin kostnad.

Også der bystatane seinare blei underlagde større system, som dei hellenistiske monarkia og Imperium Romanum, beheldt dei fleste sine eigne politiske institusjonar og utøvde eit omfattande lokalt sjølvstyre, mot å betale skatt til sentralmakta og gje avkall på utanrikspolitisk sjølvstende. Nye provinsbyar blei etter kvart også grunnlagt i Gallia, Spania, Nord-Afrika, Germania og Britannia som ein viktig del av Imperium Romanums styringsstruktur, og forsynte med folkeforsamlingar, valde embetsmenn og byråd, etter mønster frå kjerneområdet til bystatane.

Bystaten som samfunnsform blei oppfunne mykje tidlegare, av sumerarane i det sørlige Irak ca. 3100 f.v.t.. Men politisk teori og den overflod av forskjellige konstitusjonar som har danna basis for europeisk tenking heilt frem til våre dagar, oppsto i det politiske laboratoriet rundt Middelhavet. Her gjennomførte ein gjennom fleire hundre år både fredelege og valdelege eksperiment med variantar av einevelde (monarki/ tyranni), fåmannsvelde (aristokrati/ oligarki) og folkestyre (demokrati). Emnet er eit samanliknande (komparativt) studium av desse styreformene, og prosessane som skapte og opprettheldt dei, med hovudvekt på de fire mest kjente bystatane; Athen, Sparta, Syrakus og Roma.

Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet

Aktiviteten på emnet er for ein stor del knytt til mappevurderinga, som er lagt opp slik:

Oppgåve 1

a. Utlevering av oppgåve 1

b. Høve til å stille spørsmål om oppgåva på nett og i seminar

c. Innlevering av oppgåve 1

d. Oppgåveseminar der faglærer gjennomgår ulike metodar for å løyse oppgåva

e. Studentane kommenterer 2 oppgåver kvar

f. Ny innlevering av oppgåve 1

g. Innlevering av kort refleksjonsnotat om korleis studenten har brukt kommentarane og endra oppgåva

Oppgåve 2

a. Utlevering av oppgåve 2

b. Høve til å stille spørsmål om oppgåva på nett og i seminar

c. Innlevering av oppgåve 2

d. Oppgåveseminar der faglærer gjennomgår ulike metodar for å løyse oppgåva

e. Studentane kommenterer 2 oppgåver kvar

f. Ny innlevering av oppgåve 2

g. Innlevering av kort refleksjonsnotat om korleis studenten har brukt kommentarane og endra oppgåva

Oppgåve 3

a. Utlevering av oppgåve 3

b. Høve til å stille spørsmål om oppgåva på nett og i seminar

c. Innlevering av oppgåve 3

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om dei mest kjente politiske systema i antikken
  • er godt kjent med nokre av dei viktigaste antikke kjeldene og kjeldekritisk drøfting av desse
  • har eit grunnlag for å arbeide sjølvstendig med sentrale problemstillingar med utgangspunkt i den nyaste forskingsdebatten
  • har ei brei komparativ forståing av antikkens politiske kultur

Ferdigheiter

Studenten

  • har evne til å setje seg inn i og diskutere sjølvstendig i høve til historiske kjelder og forskingsdebatt, og relatere forståinga av antikken til seinare periodar og den moderne politiske røyndommen.

Generell kompetanse

Studenten

  • har evne til refleksjon og diskusjon kring komplekse sakstilhøve og er i stand til å sjå korleis dei same data kan underleggjast forskjellige analysemetodar og munne ut i ulike, men ikkje nødvendigvis gjensidig utelukkande konklusjonar
  • har evne til å skilje mellom sikker kunnskap og hypotesar om den historiske røyndommen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk

Studiepoengsreduksjon

HIS114 hausten 2010

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Emnet har begrensa kapasitet, plass på emnet vert tildelt etter ¿første mann til mølla- prinsippet¿.

Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 14 dobbelttimar forelesing og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Refleksjonsnotat.
  • Kommentarar til medstudentars oppgåver ved dei to første innleveringane, totalt 4 oppgåver.
  • Obligatorisk frammøte på 80 prosent av forelesingar/ seminar. Dette gjeld også for endringar i oppsett program som er meldt ei veke på førehand. Gyldig fråvær (for eksempel legeattest) tel som møtt.

Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to semester frå undervisingssemesteret det vart godkjend.

Vurderingsformer

¿ Mappevurdering:

Mappa består av 3 oppgåver.

Dei to første oppgåvene leverast inn på nytt etter studentkommentarane, medan oppgåve tre berre leverast ein gong. Oppgåvene skal ha tilvisingar til kjelder og litteratur og liste over den litteraturen som er nytta.
Innleveringsfristar for dei enkelte arbeida blir kunngjort ved semesterstart.
Mappa får ein felles karakter, og alle delane i vurderingsmappa må vere levert i eit og same undervisningssemester.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1500 sider. Ein stor del av pensum er på engelsk.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:studierettleiar@ahkr.uib.no

studierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    13.11.2019
    • Eksamensdel: Mappedel 1

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappedel 2

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappedel 3

      Innleveringsfrist
      04.12.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen