Hjem

Historie

Temaomtaler historie

Her kan du lese om det tematiske innhaldet i emna i historie. Merk at nokre emne tilbyr fleire tema, og at dei kan variere frå år til år.

Marsjerande romerske soldatar
Foto:
Magnus Halsnes

Kvart historieemne har ein temaomtale som gjev ei meir utfyllande skildring av det tematiske innhaldet enn emneplanen gjer.

Varierande tematilbod

På emna HIS113, HIS114, HIS115 og HIS116 og på bacheloroppgåva HIS250 varierer tematilbodet frå semester til semester, noko som gjev instituttet høve til å gje forskingsbasert undervising innanfor særskilt aktuelle område.

Val av tema

Emna HIS113, HIS115 og HIS250 tilbyr fleire tema kvart semester, og studentane må velje eitt tema dei vil følgje undervisning og ta eksamen i. Det er eit avgrensa tal plassar på kvart tema, og påmelding skjer på StudentWeb. Det er viktig at ein set seg inn i tematilbodet i god tid slik at ein kan gjere eit medvite val.

På bacheloroppgåva vert ein plassert på tema etter søknad. Sjå emneplanen for HIS250 for informasjon om opptaket.