Hjem
Historie
Emner

Temaomtale HIS113

Fordjuping i eldre historie

Vekselvis mennesker og skjeletter
Foto/ill.:
Tema 1 - The Dance of Death/Dance Macabre. 15th-century fresco, National Gallery of Slovenia

Hovedinnhold

Hausten 2023 tilbys følgande tema:

Tema 1Epidemi og samfunn ca. 1350-1850

Ansvarlig: Arne Solli

Covid-19 og Koronaviruset har revitalisert forskingsdebattar om samanhengane mellom sjukdom, tiltak og mortalitet i fortida. Skilnader i mortalitet (dødlegheit) mellom ulike grupper; kjønn, alder, etnisitet, sjukdomshistorie (risikogrupper), by/land og sosiale grupper er velkjente tema innan historisk forsking. Dei ikkje-farmasøytiske tiltaka var først dei einaste midla i kampen mot koronaviruset og Covid-19: Sosial avstand, masker, handvask/hygiene, karantene, reiserestriksjonar og isolasjon var også tiltak mot epidemisk sjukdom før 1850.

Emnet tek til med ein grunnleggjande innføring i epidemiar og demografi frå pest i seinmellomalderen til kolera på 1800-talet. Den epidemiologiske transisjon frå slutten av 1800-talet dannar sluttpunktet for emnet, sidan denne sjukdomen i ulike perspektiv dannar eit historisk brot. Mellom pest og kolera vil emnet ha eit globalt perspektiv på epidemiar, derfor utgjer malaria (Afrika) og gulfeber (Amerika), saman med barnekoppar og tyfus (tyfoidfeber) settet av epidemiske sjukdomar innafor emnets avgrensing.

Motalitetsnedgangen (frå ca. 1750) dannar emnets omdreiningspunkt, fordi her har forskarar frå ulike fag og fagtradisjonar møtt. Mortalitetsnedgangen er første fase i den demografiske overgangen, og frå kring 1750 levde fleire barn opp og levealderen auka. Fleire land i Vest-Europa opplevde ein rask folkevekst utan tidlegare historiske parallellar. Årsakene til dette er mange og omdiskuterte, og  lenge dominerte dei medisinske forklaringane. Den første vaksinen, bruken av kukoppar mot barnekoppar (Jenner 1796), var sett på som det første av ei rad medisinske framsteg. Forskingsdebattane etter ca. 1975 har vore eit oppgjer mot avgrensa medisinske forklaringar, og retta blikket mot andre forklaringar; mot svakare virulens («epidemisk klima»), mot betre ernæring, klimatiske endringar, mot hygiene og sanitære forhold, mot folkeopplysing (amming) og meir generelle statlege tiltak for å sikre befolkninga mot sjukdom og svolt.

Epidemiar ved sida av krig og svolt var ein av årsakene til demografiske kriser (ekstraordinær høg mortalitet). Nokre epidemiar råka alle, medan andre bestemte grupper i samfunnet. Konsekvensane av krisene var eit problem for den tidleg moderne staten, for krisene svekka økonomi, skatteevne og evna til militært forsvar. Verkemidla statane hadde til rådevelde var m.a. karantene og reiserestriksjonar, økonomiske hjelpetiltak og isolasjon. Førebyggande tiltak, kunnskapsutveksling, kommunikasjon på tvers av grenser og regionar og organisering på lokalt plan var naudsynt for å få dette til. Ansvaret for undersåttanes helse og framveksten av eit helsevesen dannar det siste hovudpunktet i emnet.

Litteraturen på emnet trekker på dei ulike fagdisiplane. Den metodiske litteraturen dekkjer særleg historisk demografi og medisinsk historie. Forfattarane av oversiktslitteraturen har bakgrunn i mikrobiologi, medisin, historisk demografi, helsehistorie, medisinsk historie m.m. Emnet har god variasjonen i perspektiv og metode, og ein stor del av litteraturen er publisert dei siste 15-20 åra.

Undervisninga på emnet er består av fire blokker 1. Epidemiar, 2. Mortalitet og metode, 3. Tiltak,  4. Mortalitetsdebattar.