Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Oversyn over eldre historie til 1750

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeHIS101
  • Talet på semester1
  • SpråkNormalt undervises emnet på norsk.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi oversyn over lange utviklingslinjer og sentrale historiske problem frå antikken fram til om lag 1750.

Emnet søkjer å setja europeisk og norsk historie i globale referanserammer og perspektiv. Målet er å gi studenten verktøy til å analysera samfunn komparativt i tid og rom.

Av sentrale tema er oppkomst og utvikling av bystatar, kongerike og imperium; grunnleggjande trekk ved teknologi, økonomi og sosial organisering i by- og jordbrukssamfunn; kontakt mellom samfunn og kulturar gjennom migrasjon, kommunikasjon og nettverk; regionale, kulturelle fellestrekk i forhold til lokale særtrekk; forholdet mellom verdsleg makt, religion og religiøse institusjonar.

Emnet er obligatorisk i ein spesialisering i historie, og i et historie årsstudium.

Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar opp til ca. 1750. Kunnskapane skal ha europeisk, globale og norske referanserammer. Studenten har også  grunnleggjande kunnskap om historiefaget sin metode.

Ferdigheiter

Studenten

  • har evne til å drøfta historiske problemstillingar og til å trekkja eigne konklusjonar.

Generell kompetanse

Studenten

  • har evne til å drøfta historiske problemstillingar og til å trekkja eigne konklusjonar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Studiepoengsreduksjon

HIS101-1

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet er ope for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar. Normalt om lag 25- 30 førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske arbeidskrav, men alle studentar vert tilrådd å følgja undervisninga samt å få skrivetrening ved å bruka arbeidsspørsmål som vert lagt ut til førelesingane.

Vurderingsformer

  • Ein 7 dagars heimeeksamen over oppgitt tema
  • 2 timars skriftleg skuleeksamen

Det blir gitt ein samla karakter, der heimeeksamen tel 70 prosent og skuleeksamen 30 prosent.

Den skriftlege heimeeksamen skal leverast elektronisk og skal vera på mellom 2000 og 3000 ord (ikkje medrekna referansar og litteraturliste).

Heimeeksamen må vere bestått i eit undervisningssemester, men studentar kan ta skuleeksamen også i det påfølgjande undervisningsfrie semesteret.

Studentar som ikkje får greidd begge eksamensdelane i undervisingssemesteret eller det påfølgjande undervisningsfrie semesteret, må ta begge delane om igjen.

Begge eksamensdelar må vere bestått for å få eit samla resultat i emnet.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust og vår (kun skriftleg skuleeksamen i vårsemesteret, jf. avsnitt om vurderingsformer).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1500 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:studierettleiar@ahkr.uib.no

studierettleiar@ahkr.uib.no

Tlf 555 82300

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen og skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    19.02.2019