Hjem

Utdanning

Algoritmer

  • Studiepoeng120
  • Lengde2 år
  • StudiestartHaust/Vår
  • StudieplanLes studieplan

Introduksjon

Mål og innhald

Masterretninga algoritmar tar for seg utvikling av framgangsmåtar (algoritmar) for å løyse problem raskast mogleg på ei datamaskin. Målsettinga er å finne ein mest mogleg effektiv løysingsmetode enten gjennom analyse eller gjennom praktiske testar. Studiet omfattar også ulike fundamentale aspekt ved algoritmar, som å identifisere problem som vanskeleg lar seg løyse effektivt på ei datamaskin. For desse vil ein stor del av arbeidet dreie seg om utvikling av alternative løysingsmetodar. Dette kan vere algoritmar som fungerer raskt på spesielle typar inndata eller som finn ei tilnærma løysing framfor ei eksakt.

Fagleg profil

Gruppa for algoritmar forskar på utvikling av framgangsmåtar (algoritmar) som løyser problem raskast mogleg på ei datamaskin. Fundamentale aspekt ved algoritmar blir studerte, blant anna det viktige samspelet mellom datastrukturar og algoritmar. Ein stor del av arbeidet består i å analysere og samanlikne ulike algoritmar for å kunne føreseie kven som vil løyse eit gitt problem raskast. Det pågår også forsking med å lage tilnærmingsløysingar for problem som er så vanskelege at dei sannsynlegvis ikkje lèt seg løyse innanfor rimeleg tid.

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk, algoritmar. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper:

Kandidaten

- Kan analysere kodar og algoritmar

- Kan implementere algoritmar

- Kan vurdere anvendelegheita av ei gitt algoritme

- Kan utvikle algoritmar for polynomisk løysbare problem

- Kan nytte teknikkar for å handtere vanskelege problem

Ferdigheiter:

Kandidaten

- kan analysere kode og algoritmar for å finne flaskehalsar og utbetre desse

- kan implementere algoritmar raskt og effektivt

- kan avgjere om ei gitt algoritme er føremålsteneleg

- Kan skilje mellom problem som lar seg løyse i polynomisk tid og dei som sannsynlegvis ikkje gjer det

- Kan utvikle effektive algoritmar for problem som lar seg løyse i polynomisk tid

- Kan anvende dei vanlegaste teknikkane for å handtere vanskelege problem

Generell kompetanse:

Kandidaten

- Kan arbeide sjølvstendig og i gruppe

- Har eit kritisk og analytisk blikk på eige og andre sitt arbeid

- Kan demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon, påliteligheit, og betydning av å skilje mellom kunnskap og meiningar

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Studiet har to komponentar: Kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.

Emna i kursdelen skal vere på 200- og 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå.

Kursdel. Vel du lang oppgåve, tar du seks emne på 10 studiepoeng kvar. Vel du kort oppgåve, tar du ni emne med 10 studiepoeng kvar:

2. vårOppgåveOppgåveOppgåve2. haustINF334Oppgåve/valOppgåve/val1. vårINF235INF236/valOppgåve/Val1. haustINF234INF210/ValMat221/Val
Masterprogram i informatikk (krav 120 SP)
Studieretning
Algoritmer (krav 60 SP)
Obligatorisk emne (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF234Algoritmer101–41
INF235Kompleksitetsteori101–42
INF334Videregåande algoritmeteknikkar101–43
Valgfritt emne (krav 30 SP)
Masteroppgåve (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
INF399Masteroppgåve i informatikk603
Valemner på Høgskolen i Bergen
Valfritt
Avansert programvareteknologi (HiB)
Moderne systemutviklingsmetoder (HiB)
Agentteknologier (HiB)
Utvalgte emner i programvareutvikling (HiB)
Modell-basert programvareutvikling (HiB)
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Utveksling

Delstudium i utlandet

Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.

Korleis søke

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Opptakskrav

Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk.

Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene.


Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget (20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk). Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Studere ved UiB?

Motta nyheter om studietilbud ved UiB, og få et gratis UiB-tøynett

Kontakt

Meir informasjon

Studierettleiar ved programmet studierettleiar@ii.uib.no