Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Profesjonsstudium i samfunnsøkonomi

ingressbilde

Introduksjon

Kvifor er bilavgiftene så høge i Noreg samanlikna med i Sverige? Korleis kjem eldrebølga til å påverke oss alle? Kva er det som gjer at nokre land er fattige og andre er rike?

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som spenner frå saman­hengen mellom arbeidsløyse og inflasjon til spørsmålet om kva som er riktig billettpris på bussen. Det handlar om korleis vi bruker ressursane våre ¿ enten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr.

Det finst ikkje alltid klare svar på desse problemstillingane, og i faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysere slike problemstillingar og løyse dei så langt det lar seg gjere.

Samfunnsøkonomar undersøker korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land, og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å auke verdiskapinga og fordele resultatet på ein meir rettferdig måte, kort sagt: korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å leve!

 

 

Visste du at ...

Samfunnsøkonomar ikkje meiner at marknaden alltid har rett.

 

 

Studievegar

Profesjonsstudiet

Det femårige profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi gir ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode (matematikk og statistikk) enn bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi.

Forsking

Sentrale temaområde innanfor samfunnsøkonomisk forsking ved UiB er arbeidsmarknad og utdanning, helseøkonomi, næringsøkonomi og økonomisk organisering, sosialforsikring og sosialpolitikk.

 

 

 

Oppbygging

 Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi gir ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode (matematikk og statistikk) enn det alternative bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. I profesjonsstudiet følger du eit tilrettelagt studieprogram med felles innførings- og spesialiseringsemne.

Studiet inneheld ein del obligatoriske kurs og ein god del valfridom. Dei obligatoriske emna sørger for at alle får den nødvendige grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk og statistikk).

 

 

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av profesjonsstudiet.

 

Yrkesvegar

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeids-marknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking og undervisning. Dei blir journalistar, valutahandlarar eller jobbar med formueforvalting i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvalting. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta. I det private næringslivet arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, i oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå, ved universitet og høgskular, og i departementa, der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga.

 

 

Graden

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi fører fram til graden master i samfunnsøkonomi. Studiet er femårig (300 studiepoeng).

Omfang

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert masterprogram. Eit integrert masterprogram gir direkte opptak til eit femårig studium (300 studiepoeng). Fullført program fører fram til mastergrad. Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi gjer ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode (matematikk og statistikk) enn det alternative bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. I profesjonsstudiet følgjer du eit tilrettelagt studieprogram med felles innførings- og spesialiseringsemne.

Dei obligatoriske emna sørgjer for at alle får den naudsynte grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk, statistikk og økonometri).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart

Haust

Fristen for å søkja er 15. april.

Du søkjer gjennom Samordna Opptak (SO). Søknadsskjema og annan informasjon finn du i nettversjon: http://www.samordnaopptak.no/

Mål og innhald

Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis vi brukar ressursane våre - anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Vi undersøkjer korleis økonomien eigentlig fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land, og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å kunna auka verdiskapinga og fordela resultatet på ein meir rettferdig måte.

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon til spørsmålet om kva som er rett billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysera slike problemstillingar og løysa dei så langt det lèt seg gjera. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer studentane om slike metodar. Studentane lærer å strukturera problemstillingar for å finna ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar - i privat næringsliv, offentleg verksemd og internasjonale organisasjonar.

STUDIEKRAV

Ekstrakrav for emna ECON100, 110, 130, 210 og 230:

Obligatoriske seminar (5 av 7).

To obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Læringsutbyte/resultat

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi tek sikte på å gje studentane høgnivå metodekompetanse, analysekompetanse, arbeidskompetanse og formidlingskompetanse: Metodekompetansen set studenten i stand til å finne og evaluere relevante informasjonskjelder på ein kritisk måte, og studenten skal også kunne utarbeide uavhengige utgreiingar og å utvikle prosjekt. Analysekompetansen dreier seg om å kunne formulere forskbare samfunnsvitskaplege problemstillingar på ein uavhengig måte, og å kunne analysere store informasjonsmengder gjennom å bruke samfunnsvitskaplege metodar. Formidlingskompetanse handlar om å kunne presentere informasjon, idear og resonnement for både forskarar og til media. Arbeidskompetansen går ut på at studenten skal ha lært seg korleis han eller ho kan lære vidare på eiga hand, til å utvikle ferdigheitene sine, dei skal kunne delta i og leie ulike prosjekt og bidra til forskingsaktivitetar. Studenten skal vidare vere i stand til å gjennomføre analytiske og administrative oppgåver og kunne ta ansvar for slike oppgåver i kunnskapsintensive miljø i private bedrifter, offentleg sektor og frivillige organisasjonar. Samanlikna med masterprogrammet i samfunnsøkonomi har profesjonsstudiet både større fordjuping i metodefag og større breidde når det gjeld kunnskap om ulike delområde innan samfunnsøkonomifaget.

Opptakskrav

For å kunna søkje opptak til profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, må du ha generell studiekompetanse og R1/(S1+S2).

Innføringsemne

Profesjonsstudiet startar i haustsemesteret med ex. phil., innføring i samfunnsøkonomi (ECON100) og grunnkurs i matematikk (MAT101). Om våren held du fram med innføringsemne i mikroøkonomi og makroøkonomi, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne i økonomi og statistikk.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak avsluttande, skriftleg skuleeksamen.

Yrkesvegar

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking og undervisning, eller dei vert journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvaltning i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta.

Innan privat næringsliv arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga), i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Rekkefølje for emne i studiet

I det andre og tredje semesteret tek du dei obligatoriske emna ECON110, ECON130, ECON141, ECON210, ECON230 og ECON240. Det fjerde semesteret har du tre valfrie emne. I det femte semesteret har du utvikla nok kompetanse slik at du tek to emne på masternivå, ECON310 og ECON340 i tillegg til eit valfritt emne.

Eit sentralt element i spesialiseringa i faget er planlegging og gjennomføring av ei bacheloroppgåve, ECON290. Denne skriv du i sjette semester. Du vel sjølv tema for oppgåva, og du vil få rettleiing undervegs i arbeidet. For å ta ECON290 er det krav om først å ha avlagt alle dei obligatoriske emna som går i andre og tredje semester. I dette semesteret skal du òg ta to valfrie emne.

I det fjerde, femte og sjette semesteret har du til saman 60 studiepoeng med valfrie fag. 30 av desse må vere ECON-emne. Her kan du for tida velje mellom mange ulike tema (nokre av emna går uregelmessig):

  • ECON115 - Utviklingsøkonomi
  • ECON160 - Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk
  • ECON218 - Næringsstruktur og internasjonal handel
  • ECON220 - Velferdsstatens økonomi
  • ECON225 - Politisk økonomi
  • ECON231 - Internasjonal makroøkonomi
  • ECON261 - Investering og finansieringsteori

Dei 30 siste av dei valfrie studiepoenga kan veljast frå andre fag. Du vel emnekombinasjonar blant dei tilboda som til einkvar tid vert gitt, og/eller som er godkjende som likeverdige. Du kan til dømes ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet, eller andre fag ved SV-fakultetet. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i studieplanen din.

I sjuande semester i det 4. studieåret tek du tre valfrie ECON-emne på 300-nivå.

Det åttande semesteret består av ECON330 og ECON341 i tillegg til eit valfritt ECON-emne på 300-nivå.

Totalt skal du ha minimum 80 studiepoeng med emne på 300-nivå i tillegg til masteroppgåva ECON390.

Når det kjem til dei fire valfrie emna på 300-nivå kan du for tida velje mellom mange ulike tema (nokre av emna går uregelmessig):

  • ECON315 Utviklingsøkonomi II
  • ECON316 Environmental and resource economics
  • ECON321 Helseøkonomi
  • ECON326 Forsikringsøkonomi
  • ECON327 Spillteori
  • ECON331 Intertemporal makroøkonomi
  • ECON332 Internasjonal makroøkonomi II
  • ECON341 Økonometri II
  • ECON360 Strategisk bedriftsadferd og markedsmakt
  • ECON361 Investering og finansiering II
  • ECON365 Konkurransepolitikk

Det femte og siste året skriv du masteroppgåva som er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid med rettleiing. Masteroppgåva vert avslutta med ein munnleg eksamen.

Adminstrativ ansvarleg

Institutt for økonomi

E-post: post@econ.uib.no

Telefon: 55 58 92 00

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta delar av utdanninga si i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. I samfunnsøkonomi har studentane tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.

Fagansvarleg

E-post: post@econ.uib.no

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Meir infomasjon

Ønsker du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.svfa@uib.no
55 58 98 50

Institutt for økonomi
studierettleiar@econ.uib.no

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MATRS: Matematikk R1 eller S1 + S2

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 50,1
Førstegangsvitnemål: 47

Antall studieplasser

22 (talet på studieplassar kan bli justert)

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på: uib.no/utdanning

Læringsutbyte/resultat

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi tek sikte på å gje studentane høgnivå metodekompetanse, analysekompetanse, arbeidskompetanse og formidlingskompetanse: Metodekompetansen set studenten i stand til å finne og evaluere relevante informasjonskjelder på ein kritisk måte, og studenten skal også kunne utarbeide uavhengige utgreiingar og å utvikle prosjekt. Analysekompetansen dreier seg om å kunne formulere forskbare samfunnsvitskaplege problemstillingar på ein uavhengig måte, og å kunne analysere store informasjonsmengder gjennom å bruke samfunnsvitskaplege metodar. Formidlingskompetanse handlar om å kunne presentere informasjon, idear og resonnement for både forskarar og til media. Arbeidskompetansen går ut på at studenten skal ha lært seg korleis han eller ho kan lære vidare på eiga hand, til å utvikle ferdigheitene sine, dei skal kunne delta i og leie ulike prosjekt og bidra til forskingsaktivitetar. Studenten skal vidare vere i stand til å gjennomføre analytiske og administrative oppgåver og kunne ta ansvar for slike oppgåver i kunnskapsintensive miljø i private bedrifter, offentleg sektor og frivillige organisasjonar. Samanlikna med masterprogrammet i samfunnsøkonomi har profesjonsstudiet både større fordjuping i metodefag og større breidde når det gjeld kunnskap om ulike delområde innan samfunnsøkonomifaget.

PROF-SØK/Profesjonsstudium i samfunnsøkonomi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Utenlandsopphold, 1 år - -
Ønsker permisjon (NB! søknad må sendes fakultetet innen 1.9 og 1.2) - -
Obligatoriske emner i profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi (krav: 200 SP)
I 1.semester kan MAT101 erstattast av MAT111. I 3.semester vert det tilrådd at ein tar ECON240, men dette emnet kan erstattast av STAT101 eller STAT110
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
ECON100 Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi 10 1
ECON141 Videregående matematikk og optimering 10 1-2 2
ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori 10 2
ECON130 Makroøkonomi I 10 2
ECON210 Velferd og økonomisk politikk 10 3
ECON230 Makroøkonomi II 10 3
ECON310 Mikroøkonomisk analyse 10 5
ECON340 Økonometri I 10 5
ECON290 Bacheloroppgave 10 6
ECON330 Makroøkonomisk analyse 10 8
ECON341 Økonometri II 10 8
ECON390 Masteroppgave 60 9-10 10
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
STAT101 Elementær statistikk 10 3
ECON240 Statistikk og økonometri 10 3
STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 3
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1
EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1
  Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT101 Brukarkurs i matematikk I 10 1
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 1
70 studiepoeng valgfrie emner innen samfunnsøkonomi (krav: 70 SP)
Vel fritt emne innan samfunnsøkonomi i løpet av 6. til 8. semester som til saman utgjer 70 studiepoeng
  Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
ECON115 Utviklingsøkonomi I 10 1-6 3
ECON160 Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk 10 1-6 3
ECON216 Miljø- og ressursøkonomi I 10 3-6 3
ECON218 Næringsstruktur og internasjonal handel 10 3-6 3
ECON220 Velferdsstatens økonomi 10 3-6 3
ECON225 Politisk økonomi - økonomiske perspektiver 10 3-6 3
ECON228 Europeisk økonomisk integrasjon - 3-6 3
ECON231 Internasjonal makroøkonomi 10 3-6 3
ECON232 Makroøkonomi og finans - 3-6 3
ECON261 Investering og finansiering I 10 3-6 3
ECON315 Utviklingsøkonomi II 10 3-8 7
ECON316 Natural Resource and Environmental Economics 10 3-8 7
ECON317 Auksjonsteori 10 3-8 7
ECON318 Internasjonal næringsøkonomi - 3-8 7
ECON320 Trygdeøkonomi - 3-8 7
ECON321 Helseøkonomi 10 3-8 7
ECON322 Institusjonar og økonomi 10 3-8 7
ECON324 Offentlig økonomi 10 3-8 7
ECON325 Anvendt økonomisk analyse 10 3-8 7
ECON326 Forsikringsøkonomi 10 3-8 7
ECON327 Spillteori 10 3-8 7
ECON328 Befolkningsøkonomi - 3-8 7
ECON329 Anvendt arbeidsmarkedsøkonomi 10 3-8 8
ECON331 Intertemporal makroøkonomi - 3-8 7
ECON332 Internasjonal makroøkonomi II 10 3-8 7
ECON335 International Economics 10 3-8 7
ECON336 Befolkningsutvikling, økonomisk vekst og trygdesystemet 5 3-8 7
ECON360 Strategisk bedriftsadferd og markedsmakt - 3-8 7
ECON361 Investering og finansiering II 10 3-8 7
ECON363 Globale konsekvensar av nasjonars jordbrukspolitikk 5 3-8 7
ECON370 Experimental Economics 10 3-8 7
30 valgfrie studiepoeng (krav: 30 SP)
Vel fritt emne som til saman utgjer 30 studiepoeng i løpet av 4. til 6. semester, eventuelt eit utanlandsopphald i 4.semester