Algoritmer
Mål og innhald
Masterretninga algoritmar tar for seg utvikling av framgangsmåtar (algoritmar) for å løyse problem raskast mogleg på ei datamaskin. Målsettinga er å finne ein mest mogleg effektiv løysingsmetode enten gjennom analyse eller gjennom praktiske testar. Studiet omfattar også ulike fundamentale aspekt ved algoritmar, som å identifisere problem som vanskeleg lar seg løyse effektivt på ei datamaskin. For desse vil ein stor del av arbeidet dreie seg om utvikling av alternative løysingsmetodar. Dette kan vere algoritmar som fungerer raskt på spesielle typar inndata eller som finn ei tilnærma løysing framfor ei eksakt.
Fagleg profil
Gruppa for algoritmar forskar på utvikling av framgangsmåtar (algoritmar) som løyser problem raskast mogleg på ei datamaskin. Fundamentale aspekt ved algoritmar blir studerte, blant anna det viktige samspelet mellom datastrukturar og algoritmar. Ein stor del av arbeidet består i å analysere og samanlikne ulike algoritmar for å kunne føreseie kven som vil løyse eit gitt problem raskast. Det pågår også forsking med å lage tilnærmingsløysingar for problem som er så vanskelege at dei sannsynlegvis ikkje lèt seg løyse innanfor rimeleg tid.
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk, algoritmar. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Utveksling
Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk. Merk at det er eigne krav til informatikk, matematikk og fagsamansetjing i bachelorgraden i informatikk ved UiB. Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master
Meir informasjon
studierettleiar@ii.uib.no
Tlf: 55 58 40 93
Meir informasjon
Studierettleiar ved programmet studierettleiar@ii.uib.no
Graden
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informatikk, algoritmar. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål / Innhald
Masterretninga algoritmar tar for seg utvikling av framgangsmåtar (algoritmar) for å løyse problem raskast mogleg på ei datamaskin. Målsettinga er å finne ein mest mogleg effektiv løysingsmetode enten gjennom analyse eller gjennom praktiske testar. Studiet omfattar også ulike fundamentale aspekt ved algoritmar, som å identifisere problem som vanskeleg lar seg løyse effektivt på ei datamaskin. For desse vil ein stor del av arbeidet dreie seg om utvikling av alternative løysingsmetodar. Dette kan vere algoritmar som fungerer raskt på spesielle typar inndata eller som finn ei tilnærma løysing framfor ei eksakt.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført masterstudiet i algoritmer, skal kandidaten kunne:
- analysere kode og algoritmar for å finne flaskehalser og utbetre desse
- implementere algoritmar raskt og effektivt
- avgjere om ei gitt algoritme er anvendeleg til føremålet den er tenkt å tene
- skilje mellom problem som lar seg løyse i polynomisk tid og dei som sannsynligvis ikkje gjer det
- utvikle effektive algoritmar for problem som lar seg løyse i polynomisk tid
- anvende dei vanlegaste teknikkane for å handtere vanskelege problem
Opptakskrav
Enten bachelorgrad i informatikk frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårlig bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk. Merk at det er eigne krav til informatikk, matematikk og fagsamansetjing i bachelorgraden i informatikk ved UiB. Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar. Studentar som tar bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak, matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulene.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Ved siste opptak fekk alle kvalifiserte søkjarar tilbod om studieplass.
Obligatoriske emne / spesialisering
Studiet har to komponentar: Kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal
vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på 60 studiepoeng. Det er mogleg å skrive masteroppgåve på 30 studiepoeng.
Kursdelen
Tre emne er obligatoriske i masterstudiet:
INF234 Algoritmar
INF235 Kompleksitetsteori
INF334 Vidaregåande algoritmeteknikkar
Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.
2. vårOppgåveOppgåveOppgåve2. haustINF334Oppgåve/valOppgåve/val1. vårINF235INF236/INF237Oppgåve/val1. haustINF234INF210/valMat221/valOmfang masteroppgåva
Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at studenten har tileigna seg solide kunnskapar innan fagområdet.
I løpet av første semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ein framdriftsplan med oversyn over kurs og milepælar i arbeidet med oppgåva. Hovudforma for masteroppgåva er lang oppgåve med ei arbeidsmengde tilsvarande 60 studiepoeng, men det er også mogleg å velje kort oppgåve på 30 studiepoeng. Vel du å skrive lang masteroppgåve byrjar du normalt på den i 2. semester, og jobbar meir og meir med denne utover i studiet. Siste semesteret arbeider du berre med denne. Vel du å skrive kort oppgåve skal denne gjennomførast i løpet av 6 månader. Då arbeider du berre med emne dei tre første semestra, og berre med oppgåva det siste semesteret.
Fristane for innlevering er:
Oppstart haust: 1. juni fire semester seinare
Oppstart vår: 20. november fire semester seinare
Merk også at det er utarbeidd eit utfyllande reglement for masterstudentar ved MN-fakultetet.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Delstudium i utlandet
Dersom du ønskjer eit utlandsopphald i masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.
Undervisningsmetodar
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av aktuelle problemstillingar og implementering av nye løysingar.
Kompetanse for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanninga vert vanlegvis finansiert ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Yrkesvegar
IKT-teknologi blir i stadig aukande grad ein basisteknologi i all næringsverksemd og forvalting, og våre kandidatar er svært etterspurde til å vedlikehalde og utvikle IT-system. Mange får seg også jobb innan IT-industrien eller innan forsking og høgare utdanning.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studieveileder@ii.uib.no
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Algoritmer (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| INF234 | Algoritmer | 10 | 1-4 | 1 | ||||||||
| INF235 | Kompleksitetsteori | 10 | 1-4 | 2 | ||||||||
| INF334 | Videregåande algoritmeteknikkar | 10 | 1-4 | 3 | ||||||||
| Valgfritt emne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Masteroppgåve (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| INF399 | Masteroppgåve i informatikk | 60 | 3 | |||||||||
| Valemner på Høgskolen i Bergen | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Avansert programvareteknologi (HiB) | - | - | ||||||||||
| Moderne systemutviklingsmetoder (HiB) | - | - | ||||||||||
| Agentteknologier (HiB) | - | - | ||||||||||
| Utvalgte emner i programvareutvikling (HiB) | - | - | ||||||||||
| Modell-basert programvareutvikling (HiB) | - | - | ||||||||||