Hjem
Click

Utdanning

erasmus+

Institut d'Etudes Politiques de Grenoble og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+ - Sciences Po Grenoble)

  • LandFrankrike
  • ByGrenoble
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet har fortrinn på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er fransk og engelsk. Universitetet anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå (CEFR) i eitt av undervisningsspråka.

Institusjonen tilbyr fransk språkkurs. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Du kan studere både fransk- og engelskspråklege emne innan blant anna statsvitskap, sosiologi, jus, økonomi og historie. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet. Utveksling på masternivå kan særleg passe for studentar som er interesserte i EU eller Midt-Austen.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer mellom 4 og 6 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Institut d¿Etudes Politiques de Grenoble er ein av ni prestisjeskular i sitt slag i Frankrike. I daglegtale går det helst under nemninga Sciences Po Grenoble. Instituttet har 1600 studentar i seg sjølv, men er samtidig underlagt dei langt større universitetsstrukturane Université Pierre Mendès-France og det regionale samarbeidet Université de Grenoble Alpes. Campusen ligg aust for byen, i Saint-Martin-d'Hères.

Grenoble er ein by og kommune som ligg søraust i Frankrike. Sjølve byen har om lag 160 000 innbyggarar, i storbyområdet bur rundt ein halv million. Grenoble er omkransa av fjell og blir ofte kalla for Alpane sin hovudstad. Byen er eit populært utfartspunkt for friluftsliv og skisport. Tidlegare har det òg vore mykje industri og gruvedrift i området.

Bustad

Dei fleste studentbustadane i Grenoble er drifta av studentsamskipnaden CROUS sitt regionale kontor. Det kan vere vanskeleg å finne bustad på den private marknaden rundt semesterstart. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Studentrapportar

2016

Våren 2016 - Bachelor i journalistikk

Våren 2016 - Bachelor i journalistikk

15.01.2016 - 15.06.2016

Førebuingar/praktiske tips

Det kan vere greitt å kunne ein del fransk på førehand. Det er ikkje heilt nødvendig å kunne fransk for å gå på Sciences Po, men det er ein stor fordel sosialt.

Det finst fleire facebookgrupper for å kjøpe/selge brukte ting og for å finne leilegheit/folk å bu med. Eg anbefalar å bu i sentrum, fordi det vert lettare å vere med på sosiale aktivitetar då.

Undervisningsformer

Forelesingar, både i mindre klassar og i forelesingssalar. Ganske gammaldagse undervisingsformer. Både på fransk og engelsk. Meir munnlege presentasjonar enn heime. Evaluering i form av karakterar gjennom heile semesteret.

Vurdering av emnetilbodet

Varierande kvalitet på faga. Det avhengar VELDIG av lærarane. Ganske kaotisk administrasjon og prosess for å velge fag. På den positive sida: når systemet er kaotisk er det òg fleksibelt.

Fagleg utbyte og språk

Eg lærte ein god del fransk. Nivået på mange fag er ikkje like høgt som ved UiB, sjølv om Science Po er ein eliteskule. Interessant med fag som gjer ei djupare forståing av det franske samfunnet.

Universitetsområdet og byen

Både universitetsområdet og byen er hyggeleg. Det er ein liten bybanetur mellom dei. Byen er ganske liten og oversiktleg, med fjell rundt heile, som i Bergen. Stort ski- og snowboardmiljø.

Bustad

Eg budde på universitetsområdet, i Hector Berlioz. Det var OK, men viss eg skulle valt om igjen, hadde eg valt å finne eit kollektiv i sentrum. Det ville vore litt dyrare, men meir sosialt og gitt meir fridom til å vere med på arrangement om kveldane. Siste bybanen går heim rundt 01.30 viss ein bur på campus.

Sosialt miljø

Det sosiale miljøet blant utvekslingsstudentar er bra, og organisasjonen ISI har mange arrangement for utvekslingsstudentar. Det er ein fordel å kunne fransk viss du ønsker å bli kjent med franske studentar. Studentane er generelt sett litt yngre enn i Noreg.

Informasjon