Hjem
Aktuelt
Korona-dugnad

Gir pallar med smittevernutstyr til Helse Bergen

Vernehanskar, vernebriller, kirurgiske masker og laboratoriefrakkar blir i desse dagar samla inn i store mengder på UiB. Smittevernutstyret blir gitt bort til Helse Bergen som tek det i bruk på sjukehus, i ambulansane og på legevakta.

Gir bort smittevernutstyr
Legevaktsjef Dagrun Waag Linchausen hentar ut noko av smittevernutstyret som Universitetet i Bergen gir vekk. I bakgrunnen står Julie Stavnes frå Klinisk Institutt 2.
Foto/ill.:
Eirik Brekke, Bergens Tidende

Hovedinnhold

To pallar står pakka og klare på Klinisk Institutt 2 på UiB. Hanskar, masker, rektifisert sprit, skoovertrekk og anna utstyr er samla inn, og no gir UiB det bort til dei som står i første rekkje for å handtere koronapasientar. Dei to pallane er dei førebels siste i ei lang rekkje ønskjer og pakkar og pallar med verneutstyr som har blitt samla inn rundt om kring på Universitetet i Bergen.

Kunne senkje skuldrane litt

Sidan utbrotet av koronaviruset COVID-19 har det nemleg vore skrikande mangel på smittevernutstyr ved fleire helseinstitusjonar i byen. Sendingar med utstyr frå utlandet slapp ikkje over grensene, og gode råd var dyre.

-Det at vi fekk alt dette utstyret då det var som mest prekært for nokre dagar sidan gjorde at vi kunne senkje skuldrane litt, seier Georg Ordemann, beredskapskoordinator i Helse Bergen.

Gir bort smittevernutstyr 2

Brita Øygard frå Bergen kommune, Roar Nese frå UiB, Dagrun Waag Linchausen frå Legevakta og Julie Stavnes frå Klinisk Institutt 2 (UiB) står klar ved bilen som Tor Øyvind Tennebø kom med, fullpakka av smittevernutstyr. Dei siste par vekene har Tennebø kjørt i skytteltrafikk med leveransar av smittevernutstyr som har blitt samla inn til Helse Vest.

Foto/ill.:
Eirik Brekke, Bergens Tidende

Då det vart klart at helsevesenet hadde for lite utstyr til å klare seg gjennom krisa, var det mange på UiB som såg nye bruksområde for utstyr dei hadde på laboratorium og klinikkar. Det har blitt samla inn utstyr frå alt frå Odontologen til Universitetsmuseet, og ulike fagmiljø som biomedisin, biovitenskap, geovitenskap og kjemisk institutt har stilt opp. Til og med Universitetsbiblioteket har funne fram støvmasker som dei gir bort.

-For oss var det heilt sjølvsagt å stille opp. Vi har mykje spesialisert utstyr som det ikkje er så lett å få tak i, og det er fint å kunne hjelpe med noko i denne situasjonen, seier Julie Stavnes, administrasjonssjef på Klinisk Institutt 2.

Til sjukehus, legevakt og ambulansar

Utstyret har stort sett blitt henta av ambulansetenesta som har gitt det vidare til Helse Bergen. Dei har så fordelt det til dei institusjonane som treng det mest, slik som sjukehusa, sjukeheimane, legevakta og ambulansane.

Evy Foss Skoldal har sendt av garde lass med utstyr frå institutt for biovitenskap, mellom anna har ho sendt av garde over 27000 par hanskar til Haukeland. Bygga på UiB er no stengde for tilsette, men Skjoldal og kollegaene hennar har fått løyve til å gå inn og hente ut utstyret.

-Vi har jo utstyr som ikkje er så lett å få tak i elles. Ein hanske er ikkje berre ein hanske for eksempel. Det finnast hanskar som tåler sterke kjemikaliar, og så finnast det hanskar som sikrar at biologisk materiale frå handa inni hansken ikkje trenger gjennom og gjer prøvene vi jobbar med ureine. Begge typane hanskar kan helsepersonale ha god bruk for no, forklarer ho.

Gir bort smittevernutstyrsmittevernutstyr3

Sjef ved Legevakten i Bergen, Dagrun Waag Linchausen, tok imot utstyret som Universitetet i Bergen ga frå seg i dag.

Foto/ill.:
Eirik Brekke, Bergens Tidende

Frigjer hjarterom

Roar Nese ved seksjon for HMS og beredskap tok initiativet til innsamlinga på UiB.

- Det er noko med det, når folk berre får ei oppgåve i ein krisesituasjon, så er det nesten ingen grenser for korleis dei stiller opp for kvarandre. Det er utruleg kva hjarterom som blir frigjort, og vi håper at utstyret vi har samla inn kan kome til nytte, seier han.

Evy Foss Skjoldal stadfestar at det gjer godt å kunne hjelpe.

-For to dagar sidan, då eg kunne levere inn ein stor kartong med masker, så kjende eg at det var veldig fint å vere ein av dei som kan få vere med å gjere ein liten forskjell, seier ho.

 

Takk til BT for lån av bilete. Les BT si sak her