Hjem
Aktuelt
Utstilling

Tre generasjonar Bjerknes-medaljar

Medaljesamlinga til tre generasjonar Bjerknes-forskarar har fått sin naturlege plass ved Bjerknessenteret for klimaforsking og Geofysisk institutt på UiB. Sjå opninga i opptak her.

Neste
Bjerknesmedaljane
Representant for Bjerknes-familien, Vilhelm Otto Bjerknes, prorektor ved UiB, Margareth Hagen, og historikar Magnus Vollset under opninga av utstillinga 23. juni. Sjå fleire bilde ved å klikke til høgre eller venstre.
Foto/ill.:
Ole Marius Kvamme, UiB
1/6
Bjerknesmedaljar
Medaljesamlinga til Carl Anton Bjerknes, Vilhelm Bjerknes og Jacob Bjerknes vert utstilt på Bjerknessenteret frå 23. juni. Medaljane er donert til UiB av familien Bjerknes.
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB
2/6
Bjerknesmedaljane
Museumsdirektør Henrik von Achen i diskusjon med Vilhelm O. Bjerknes om samlinga.
Foto/ill.:
Ole Marius Kvamme, UiB
3/6
Tor Eldevik
- Dette er ein stor dag, sa instituttleiar ved Geofysisk institutt, Tor Eldevik.
Foto/ill.:
Ole Marius Kvamme, UiB
4/6
Bjerknesmedaljer
Medaljesamlinga til Bjerknesforskarane syner fram ei av dei mest spennande historiane i norsk og internasjonal vitskapshistorie.
Foto/ill.:
Ole Marius Kvamme, UiB
5/6
Bjerknesmedaljer
Direktør for Bjerknessenteret, Tore Furevik, fortalde om kva forskinga til dei tre generasjonane Bjerknes har betydd for fagfelt som meterorologi og klimaforsking.
Foto/ill.:
Ole Marius Kvamme, UiB
6/6
Tilbake

– Dette er ei unik samling som ikkje berre fortel ei viktig forskingshistorie, men også viser kor tett forskinga heng saman med internasjonal politikk og historie. Meteorologisk forsking og historia om Bjerknes viser kor viktig grunnforsking og solide forskingsmiljø er for Universitetet i Bergen, seier prorektor Margareth Hagen.

Sjå opninga på nett

23. juni opna utstillinga av medaljane i Bjerknessenteret sine lokale på Geofysisk institutt. Arrangementet kan bli sett i opptak her.

Hagen er glad for å no kunne vise fram dei historiske medaljane i fagmiljøet der dei høyrer til.

– Eg ønsker å takke familien Bjerknes for at dei har gjeve denne flotte og viktige medaljesamlinga til UiB, og vonar dei vil like utstillinga, seier ho.

Forskingsmiljøet i Bergen hadde ikkje vore det same utan arbeidet Bjerknes-forskarane la ned. Det meiner Tor Eldevik, instituttleiar på Geofysisk institutt på UiB.

– På Geofysen er vi ekstremt stolte over dei pionerane som la grunnlaget for vår eksistens, og ikkje minst at dei var vitskaplege verdsstjerner i si samtid – og fortsatt er det i dag, seier instituttleiaren.

Bergenskolen i meteorologi

Carl Anton Bjerknes (1825-1903), Vilhelm Bjerknes (1862-1951) og Jacob Bjerknes (1897-1975) har alle bidrege sterkt til å gjere meteorologi og klima til vitskapelege felt. Vilhelm Bjerknes er grunnleggjar av Bergensskolen i meteorologi, som vart vidareutvikla av sonen Jacob og andre kollegaer. Dette la grunnlaget for det moderne vervarselet og var også sentralt for oppstarten av Geofysisk institutt ved UiB.

Dei tre fekk ei rekkje medaljar og ordenar for sitt bidrag til vitskapen, og denne samlinga har familien Bjerknes donert til Universitetet i Bergen. 23. juni opnar utstillinga av medaljane på Bjerknessenteret for klimaforsking, som er kalla opp etter Vilhelm og Jacob Bjerknes.

Vervarsel og klima

– Medaljesamlinga som har fått plass i Bjerknessenteret sine lokale på Geofysisk institutt, syner fram ei av dei mest spennande historiane i norsk og internasjonal vitskapshistorie, seier direktør for Bjerknessenteret ved UiB, Tore Furevik.

Dei tre blada av Bjerknes-familien gjekk i dei same fotefara.

– På same viset som at Vilhelm Bjerknes starta sin karriere som assistent for faren Carl Anton Bjerknes i ungdomsåra på 1870-talet, starta sonen Jacob Bjerknes med å vera assistenten til sin far. Medan Vilhelm Bjerknes utvikla grunnleggande teori for sirkulasjonen i atmosfæren, og er kalla far til moderne vervarsel, er på mange vis Jacob Bjerknes far til moderne klimaforsking, seier Furevik.

Jacob Bjerknes starta som meteorolog i Bergen, men blei ifølgje Furevik på sine eldre dagar stadig meir interessert i korleis atmosfæren og havet arbeidde saman og skapte naturlege svingingar i klimasystemet.

– Han gjorde banebrytande arbeid innanfor klimasvingingar i Atlanterhavet, i dag kjent som den atlantiske multidekadiske oscillasjon (AMO) og Den nord-atlantiske svinging (NAO). Han var også den første til å løyse puslespelet som mange hadde undra seg over i Stillehavet, kvifor overflatetemperaturane og lufttrykket svinga i takt, det såkalla El Nino – Sørlige Oscillasjon (ENSO) mønsteret – som styrer veret over store delar av kloden, seier Furevik.

Inspirasjon for dagens forskarar

Instituttleiar Tor Eldevik meiner at ein må bli flinkare til å vise fram arven etter Bjerknes-forskarane og kor stolte ein er av den på universitetet.

– At den imponerende medaljesamlinga til tre generasjonar Bjerknes no endeleg har funne ein heim, og det på Geofysen, inspirerer og forpliktar. Få generasjonar tilbake i tid visste alle kva Geofysen var og kvar den låg; vi må gjenerobre Geofysen sin posisjon som landemerke i bergensarane, og ikkje minst potensielle studentar, sitt medvit.

Furevik set stor pris på å no kunne vise fram dei historiske medaljane ved Bjerknessenteret.

– Utstillinga minner oss om at vi har mykje å leve opp til, og kanskje kan ein kikk på den flotte medaljesamlinga gi ekstra inspirasjon til arbeidet vårt. Det som er heilt sikkert, er at dette kjem til å bli ein attraksjon for alle som kjem på besøk til oss, og som kjenner historia til Bjerknes-forskarane og kva dei har betydd for utviklinga av fagfelta meteorologi og klima, slår Bjerknes-direktøren fast, til glede for familien Bjerknes.

– Det er veldig flott dersom desse medaljane kan være et bidrag til inspirasjon for dagens forskarar ved Geofysisk institutt og på Bjerknessenteret. Det er utrulig kjekt for vår familie, og utgjer ein fin syklus i denne historia, seier representant for Bjerknes-familien, Vilhelm Otto Bjerknes.