Hjem
Aktuelt
Ny rektor:

Team Hagen er vinnarar av rektorvalet ved UiB

Rektor Margareth Hagen og prorektor Pinar Heggernes skal saman med resten av Team Hagen leie den største kunnskapsinstitusjonen på Vestlandet dei neste fire åra.

Bilde av Team Hagen
Dette teamet skal leie UiB dei neste fire åra. Frå venstre: Pinar Heggernes, Margareth Hagen, Annelin Eriksen og Gottfried Greve.
Foto/ill.:
privat

Main content

- Dette er verkeleg ei stor ære og tillitserklæring for oss, seier ein strålande fornøgd vinnar av rektorvalet saman med prorektorkandidat Pinar Heggernes like etter at resultatet er gjort kjend.

Torsdag 25. mars klokka 12 stengde dei digitale «vallokala» og valstyret ved Universitetet har godkjend det endelege valresultatet.

Saman med resten av teamet, prorektorkandidat Heggernes og viserektorkandidatane Annelin Eriksen og Gottfried Greve, fekk dei 62,8 prosent av stemmene.  

Takk til studentar og tilsette

- Det har vore ein lang og intens valkamp. Eg vil takke alle studentar og tilsette som har stemt på oss, og eg vil også få takke motstandarane i Team Samdal for ein god valkamp, seier Hagen, som dermed held fram i rektorgjerninga med ny prorektor og nye viserektorar frå 1. august.

Samdal gratulerer Hagen

Oddrun Samdal, som ikkje nådde opp i valet, ønsker å gratulere valvinnaren.

- Eg gratulerer Margareth og teamet hennar, samtidig som eg vil takke for tilliten frå alle som stemde på oss. Det har vore ein intens og hyggeleg valkamp i møte med veljarane, og no ønsker eg vinnarteamet lukke til med oppgåvene som ligg framfor dei, seier Samdal.

Sjå Margareth Hagen vinne valet

Produsent:
Pål Adrian Ryen, UiB

- Gode debattar

- Valstyret har godkjent valresultatet, og vi har fått ein vinnar. Universitetsdemokratiet står sterkt ved Universitetet i Bergen, sjølv om vi gjerne skulle sett at fleire brukte stemmeretten sin. Eg er nøgd med at det har vore ein valkamp prega av gode debattar der kandidatane har fått presentert seg og sine visjonar for universitetet, sjølv om valkampen har funne stad på digitale flater, seier Eirik Holmøyvik, leiar av valstyret ved UiB.

4564 personer stemte ved valet. Av tilsette i undervisnings- og forskarstilling var valdeltakinga 59, 7 %. Den var 54,2 % blant dei teknisk-administrativt tilsette og 11,1 % blant studentane.