Hjem
Aktuelt
Horisont 2020

Skal forske på ulikskap i europeiske utdanningssystem

Den sosiale ulikskapen i europeiske utdanningssystem er stor. Forskarar frå HVL og UiB deltek i eit prosjekt som skal finne ut kva som kan motverke ulikskapen.

Jan Skrobanek og Solvejg Jobst
13 partnarar frå ni ulike europeiske land er med i forskingsprosjektet. Jan Skrobanek frå UiB og Solvejg Jobst frå HVL er med frå Bergen.
Foto/ill.:
Loic Jobst

Hovedinnhold

Forskarar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Universitetet i Bergen (UiB) skal delta i eit treårig EU-prosjekt der dei undersøker ulikskap innanfor læring hos barn og unge i eit komparativt perspektiv. Prosjektet skal munne ut i råd til korleis skape meir inkluderande oppvekstkår.

- I Noreg er vi vane med å tenkje på oss sjølve som eit veldig egalitært samfunn der alle har like sjansar i livet, men ulikskapen er også ei utfordring her. Kanskje er det til og med vanskelegare å kjempe mot den her til lands, sidan den er mindre innlysande enn andre plassar. Vi har lett for å undervurdere dei sosiale, kulturelle og økonomiske forskjellane som faktisk finst, trur Solvejg Jobst.

Jobst har forska på feltet danning og ulikskap i mange år. No skal ho leie ein arbeidspakke i forskingsprosjektet PIONEERED finansiert av EUs Horisont 2020-program, som har tildelt 3,5 millionar euro. Prosjektet ser etter nyskapande praksisar i utdanningssystemet og utdanningspolitikken som motverkar reproduksjon av sosial ulikskap. Målet er å fremme likare kår for barn og unge på alle nivå av utdanningssystemet i Europa: sikre at dei får ei rettferdig deltaking i utdanninga si i barnehagane, skulevesenet så vel som i meir uformelle læringsarenaer.

Levekåra du kjem ifrå

- Barn og unge kjem frå forskjellige heimar og boområde, og går på skular som er kjenneteikna av forskjellige lærings- og handlingsmiljø. Dette betyr at dei er i ulike sosioøkonomiske eller kulturelle livskontekstar, og dermed er det ikkje like lett for alle å prestere på same nivå på skulen, seier Jan Skrobanek, sosiolog ved UiB og deltakar i prosjektet.

Eit viktig spørsmål for forskarane blir korleis dei vaksne i miljøet kring barna kompenserer for slike ulikskapar. Korleis tenkjer skulelærarar, fotballtrenarar, kulturskulelærarar, folk i kommunen som driv med utdanningspolitikk? Kva idear og grep har dei for å gjere læring meir tilgjengeleg for alle barn og unge?

- Ved å snakke med desse personane og observere korleis dei utøvar rollene sine i klasseromma og på fotballbana, for å nemne eit par eksempel, ønsker vi å finne svar på dette. På denne måten håpar vi å avdekke innovative idear og handlingar som også kan hjelpe fleire barn og ungdommar som har mindre sjansar til å delta på dei forskjellige utdanningsarenaene, seier Skrobanek.

- Korleis forstår folk ulikskap, og kva gjer dei for å betre situasjonen til barn og unge som treng støtte og hjelp for å få dei same sjansane i livet som andre? Vi vil snakke med dei, forske på dei og tenkje høgt med dei kring dette spørsmålet.

Kryssande aksar av ulikskap

Forskingsprosjektet vil utforske og analysere problemstillinga på mange ulike nivå – alt frå politikk og institusjonar til enkeltelevar, lærarar og foreldre. Forskarane er spesielt merksame på barn og unge som har fleire såkalla kryssande aksar av ulikskap – til dømes ulike føresetnader knytt til sosio-økonomisk og kulturell bakgrunn kryssa med andre utfordringar i nabolaget eller skulemiljøet. Det er når fleire slike hemmande vilkår overlappar at problem med ulikskap kan bli spesielt store.

- Vi må få opp medvitet om at forskjellar i læring og utdanning aldri er forklart berre med den enkelte elevens talent eller innsats. Dei sosio-økonomiske, kulturelle og miljømessige sidene av oppveksten speler ei enormt stor rolle her, seier Skrobanek.

Utdanning er ei av dei viktigaste indikatorane på livsjansane dine i dagens samfunn – ei høg utdanning sikrar tilgang til arbeidsmarknaden, gjer det lettare å delta politisk og heng nøye saman med generelt velvere, helse og livsmestring. Samstundes er Solvejg Jobst oppteken av danning – det å bli eit handlande menneske i verda – ikkje berre heng saman med utdanning. Å tenkje at utdanning er nøkkelen til alt, kan også vere ein farleg og snever tankegang.

Det handlar ikkje berre om å tilpasse seg

- Eg tenkjer at danning er noko meir og større enn utdanning. Danningsprosessar handlar om kva som former deg som menneske, og korleis du sjølv også former verda. Det handlar om styrken til å vere i verda, og samstundes lage di eiga verd, seier Jobst.

Såleis kan det å bestemme seg for å droppe ut av skulen, også vere ein form for mestring. Utanfrå kan det sjå ut som du tapar, men om avgjerda er den rette for nettopp deg, er det tvert imot eit teikn på styrke.

- Å bli eit livskraftig menneske handlar ikkje berre om å tilpasse seg, men også å finne ein eigen veg. Måten du taklar kriser og uvisse på, og korleis du lever i og former verda rundt deg med endringsvilje og kritisk medvit, er også sterke markørar for danningsprosessar, seier Jobst.

Dermed er problemstillinga kring ulikskap kompleks. Det finst ingen enkel måte å måle eller forstå den på, derfor trengst det ein utforskande metode der forskarane vil få mange i tale kring temaet.

Betre kår for sårbare grupper

Prosjektet vil kombinere mange ulike faglege metodar for å gå i djupna, og skal munne ut i råd til politikarar, organisasjonar og sentrale aktørar i utdanningssystemet og arbeidsmarknaden. Råda skal peike på korleis ein kan motverke læringsforskjellar på ulike stadium i utdanninga. Håpet er at sårbare grupper skal bli betre tekne vare på i framtida i dei ni ulike landa som deltek i forskingsprosjektet PIONEERED. Målet er at alle nasjonane involverte i prosjektet skal lære frå kvarandre – kva grep som fungerer best til å fremme livsmestring og motverke ulike former for sosial ulikskap.

13 partnarar frå ni ulike europeiske land er med i konsortiet. Som ein del av arbeidet, vil HVL og UiB vere vertskap for ein workshop om analyse på tvers av ulike land. Då vil dei særleg sjå på korleis utdanningspolitikken har store nasjonale variasjonar.

- Eg er svært glad for at vi ved UiB og HVL, med våre ulike blikk på dette feltet, får vere saman om dette. Vi bidreg med det sosiologiske og pedagogiske perspektivet og har ei sterk tilknyting til praksisfeltet og skulane, og denne kombinasjonen er veldig verdifull, meiner Skrobanek.