Hjem
Aktuelt
ONE OCEAN WEEK

Ocean Science Bar: Mat fra havet

I tredje og siste Ocean Science Bar under One Ocean Week møter vi forskarar innan naturvitskap og medisin som diskuterer kvifor nordmenn et stadig mindre mat frå havet.

Hovedinnhold

Alle ropar på meir mat frå havet. Havpanelet seier at vi skal hauste seks gonger så mykje mat frå havet i 2050 og i Norge skal vi også fem-doble denne mathaustinga.

Men kva er denne maten vi skal hauste meir av frå havet og kva skal den bidra til i kostholdet i høve til næringsstoff og helse. Og er dette mogleg å få til utan ekstrem påverknad på kystlandskap, og bestandar. Og vil behovet for fôrråstoff gjere landbruket meir til råvareleverandør til akvakultur enn til produsent for human mat?

Denne diskusjonen tar vi denne kvelden på Statsraaden Bar & Reception.

Deltakarane er ingen ringare enn: 
UiB sine eigne Dag Aksnes og Hanne Rosendal-Riise med Amund Måge som debattleiar. 

Dag Lorents Aksnes er professor i teoretisk økologi, men har arbeidd spesielt med marine spørsmål og har publisert ei rad artiklar om produksjonsforhold for sjømat i langs Norges kyst og i fjordar. Han var også medlem i den Europeiske vitenskapsakademiet sin grundige rapport om muligheitene for korleis man berekraftig kunne produsere meir mat frå havet i eit europeisk perspektiv SAPEA sin rapport «Food from the Oceans» i 2017. Han er i dag professor ved Institutt for Biovitenskap ved UiB.

Hanne Rosendal-Riise er utdanna klinisk ernæringsfysiolog og har jobba praktisk i dette feltet i ei årrekkje på sjukehus. Ho har teke doktorgrad på korleis ernæring og kosthold påverkar helsa og spesifikt på beinhelse og arbeider med korleis mat frå havet kan gje helseeffektar gjennom eit berekraftig kosthald. Ho jobbar primært med eldre (sakropeni og beinhelse), men og med unge kvinner i fertil alder og jodinntak. Ho er i dag førsteamanunesis med Universitetet i Bergen, Klinisk Institutt 1 og tilknytt Mohn’s ernæringsforskingslaboratorium ved UiB sitt senter for Ernæring.

Amund Måge er i dag forskingssjef for Ernæring og Sjømat ved Havforskninginstituttet, tidlegare professor i næringsmiddelkjemi og Marin Direktør ved UiB. Han har arbeidd både med human ernæring og fiskeernæring med vekt på mattryggleik.