Hjem
Aktuelt
Universitetsmuseet i Bergen

Sjukdom inspirerte grunnlegginga av Bergen Museum

Wilhelm Frimann Koren Christie grunnla Bergen Museum. Ei danningsreise i det sentrale Europa gav han ideen til å etablera museet.

Universitetsmuseet
KULTURELL BLOMSTRING: Inspirert av opplysingstida vaks det på seint 1700- og tidleg 1800-tal fram ein samlingskultur blant embetsmenn og borgarskap i Bergen. Dette hjelpte Wilhelm Frimann Koren Christie då han skulle etablera eit museum i Bergen.

Det er vorte hevda at Christie trakk inspirasjonar frå British Museum etter ei diplomatisk reise til London. Det stemmer på ingen måte.

– Det stemmer at Christie var i London som utsending sommaren 1814, men han rakk knapt å opna kofferten, og hadde i alle høve ikkje tid til noko museumsbesøk, seier Runar Jordåen, forskar og dr. art i historie.

Forhandlingane om norsk sjølvstende viste seg nemleg forgjeves.

– Han var i London i to timar, og så vart han kasta ut, seier forskaren.

 

Danningsreise i Europa

Inspirasjonen til Bergen Museum er snarare å finna litt lenger aust. I 1823 vart Christie ramma av sjukdom, av noko som ein på hans tid kalla nerveslag. For å koma seg reiste han på kurbad til Karlsbad i Böhmen, i dag: Karlovy Vary i Tsjekkia. Då han var komen til kreftene att starta han ei rundreise i Europa.

– Det vart ei danningsreise for Christie. Han var i Praha, Dresden og Berlin, og skreiv dagbok om det han opplevde. Mellom anna vitja han det Det kongelege kunstkammeret i Dresden og såg mange ulike samlingar.

Mange av desse samlingane var dei reine raritetskabinett, som samla det ekstraordinære. Men Christie vitja også Humboldt-universitetet i Berlin.

– Her fann han ein moderne type samling med ei breidde i det ein samla inn. Dei var opptekne av å setja ting i system. Det var ikkje berre eksotiske dyr i samlinga, men òg lokale dyr.

Utifrå dagbøkene kan ein ikkje lesa kva type samling han sjølv sette pris på, han haldt seg til nøytrale skildringar, ifølgje Jordåen.

– Men denne reisa har vore heilt avgjerande for Christie og inspirasjonen om å stifta museum.

 

Ein opplysingskultur

I 1818 gav Christie seg i rikspolitikken og då Bergen Museum vart stifta i 1825 slutta han som stiftamtmann («fylkesmann»). Resten av livet vigde han seg til museumsdrifta. Han skreiv brev og bad om gjenstandar til samlingane, og var sjølv ein ivrig samlar. Det var han likevel ikkje åleine om. Samling og dokumentering hadde lenge vore ein del av kulturen blant embetsmenn og borgarskap.

– Nøkkelen er dei opplysningsideala som råda mellom embetsmenn og borgarar. Ein del av sjølvforståinga mellom embetsmenn var at dei forvalta lærdom i brei forstand, dei var ein slags renessansemenneske. Prestar skreiv gjerne topografiske skildringar av sine område, og samla kunnskap om geografi, historie og oldtidssaker, seier Jordåen.

Det var viktig å ha ei samling; eit herbarium, utstoppa dyr eller oldsaker var vanleg i embetsmennene sine heimar.

– Tidlegare hadde slike samlingar vore prega av sjeldne og rare gjenstandar, såkalla raritetskabinett eller Wunderkammer. Men utover på 1700-talet blei det meir vekt på å ha breie samlingar som spegla naturens orden, noko særleg Carl von Linné sin botanikk inspirerte til, seier Jordåen.

 

Kartlegging og innsamling

Ein slik samlingskultur, som me finn mange døme på i Bergen på seint 1700- og tidleg 1800-tal, gjorde det lettare å etablera eit museum i Bergen. Christie hadde eit stort nettverk, og nytta dette til å kartleggja og samla inn gjenstandar til museet.

Ein bonde i Kvinnherad sat på eit verdifullt manuskript, og med ein lokal prest som mellommann fekk Christie bytta det til seg mot ei langt mindre verdifull moderne utgåve av Det nye testamentet.

– Dette viser at Christie og dei andre rundt museet hadde ein tanke om kva dei ville visa fram i museet. Dei brukte nettverket sitt av prestar og andre embetsmenn ute i distrikta. I dei første åra var det berre medlemmene som vart inviterte til å sjå utstillingane, fortel Jordåen.

Museet hadde opent nokre få gongar i året. Elles fekk vitskapsmenn, både norske og utanlandske, lov å bruka samlingane til forskinga si. At Christie hadde vitskaplege ambisjonar med museet vart gjort tydeleg gjennom Urda, eit tidsskrift som formidla samlingane og kom med vitskaplege bidrag.

– Eg meiner det ikkje stemmer at museet først vart «vitskapleg» etter 1850, slik somme hevdar. Sjølve innsamlinga og formidlinga var i tråd med dåtidas kunnskapsideal, og Christie var heilt på line med sine samtidige med sitt syn på kunnskap. I dag har ein heilt andre tankar om kva ein vitskapsmann er. Christie og dei andre museumsskiparane fell gjerne utanfor dette og blir oppfatta som «amatørar», seier Runar Jordåen.

– Men vi kan ikkje tre våre oppfatningar om vitskap ned over fortida. Samlarpraksisane på byrjinga av 1800-talet slik dei kom til uttrykk i Bergens Museum, reflekterte samtidas syn på natur og historie. Gjennom Urda bidrog dei òg til den vitskaplege offentlegheita i samtida.

 

Denne saka er henta frå UiB sitt magasin om forsking og utdanning Hubro. Magasinet kjem ut to gonger i året. Du kan lese magasinet gratis på nett (Issuu.com), eller laste det ned som PDF.