Hjem

Aktuelt

BIOLOGI

Ein giftfri lunsj, takk!

Matpapiret og drikkeflaska, kaffikoppen og muffinsforma har ein ting til felles: Dei inneheld miljøgifter som lek inn i kroppen din.

Foto av matpakke
FARLIG HVERDAGSMAT: Kronikkforfattar Marianne Brattås forskar på miljøgifter i torskefisken lake (Lota lota) frå Mjøsa. Det er særleg såkalla bromerte flammehemmarar i desse fiskane Brattås ser på. Stoffa finst mellom anna i elektronikk, i tekstilar og i isopor.
Foto:
Katrine Nordli/Aftenposten/NTB Scanpix

Marianne Brattås er forsker ved Institutt for biologi, UiB.

Uønska kjemikalier. Kvar einaste dag i små dosar. Og kvifor det? Fordi regelverket er som det er. Ikkje slik det burde vera. No tenker du kanskje på dei store utsleppa, biltrafikk og giftlokk over Bergen sentrum. Nei, kvardagskjemikalia. Dei som er kring oss og som me er utsett for kvar dag. Frå matpapiret. Frå kaffikoppen. Frå drikkeflaska.

Matpakke. Finst det noko norskare enn matpakke til lunsj? Sunt er det og, ikkje sant? Både skuleborn og arbeidstakarar et mat pakka tidleg om morgonen. Matpakke – eit omgrep alle veit kva tyder. Skiver med pålegg. Brunost. Kvitost og skinke. Leverpostei. Pakka i matpapir. Ved sida av drikk me gjerne vatn. I plastflaske.

 

Dei uønska kjemikalia

Noreg er gjennom EØS-avtala pålagt å følgje det europeiske kjemikalieregelverket REACH. Dette set krav til registrering, vurdering, godkjenning og ikkje minst avgrensa bruk av eksisterande kjemikalier så vel som nye som kjem til. I Noreg er Miljødirektoratet ansvarleg nasjonalt organ og jobbar for reduksjon og hindra spreiing av kjemikalier. Mattilsynet har det spesialiserte ansvaret for kjemikalier i kosmetikk og matemballasje i tillegg til plantevernmiddel.

NRK1 sat i programserien «Vår kjemiske hverdag» fokus på nettopp dette. Dei uønska kjemikalia kring oss. Dei me er utsett for utan å tenka over det. Ei av kjemikaliegrup- pene som har skadelege effektar på miljø og menneske, er perfluorerte sambindingar og då spesielt verstingstoffet PFOA (eller perflurorert karboksylsyre).

PFOA har som dei andre perfluorerte sambindingane, den eigenskapen at det fråstøyter vatn og feitt. Ein eigenskap som har ført til at dei har vorte nytta i mellom anna impregneringsmiddel, klede, reingjeringsmiddel og skismurning. PFOA er tungt nedbrytbare og feittløyselege og difor vert dei lagra i feittvev i kroppen. PFOA har i lang tid synt seg å ha uønska effektar på dyr og fisk i modellstudiar. Og på menneske.

Ei dansk studie frå 2012 viser at det er sannsynleg samanheng mellom PFOA-nivå i blod og overvekt. Andre studier har vist samanheng med Pfoa-nivå og auka kolesterol, ulcerøs kolitt og stoffskiftesjukdomar.

 

Forbode i tekstil, lov i mat

Tilbake til matpakka di. Det er så enkelt med mat pakka i papir. Og deretter ein kopp kaffi og ein muffins frå kiosken på hjørnet etter maten. Når me er ferdig å eta og drikka, er det berre å kasta det. I bosset. Ingenting som må takast med heim og vaskast. Eller som vert attgløymd i veska eller sekken og som fleire veker seinare inneheld ei eiga mikrobiologisk verd. Skivene klistrar seg ikkje fast til papiret. Dei blir samantrykt, ja, men pålegget ligg stort sett på plass. Og muffinsen er berre å løfta rett ut av papirforma. Har du tenkt over kvifor matpapiret og muffinsforma har denne eigenskapen? Eller korleis ein kopp laga av papir kan halda på kaffien? Matpapiret inneheld PFOA for at ikkje mat og pålegg skal klistra seg fast i papiret. Kaffikoppen din i papir inneheld PFOA for at ikkje kaffien skal leka ut medan du drikk.

Frå 1. juni 2014 vart det forbode å produsera, importera, eksportera og omsetja forbruksprodukt og tekstil som inneheld PFOA. Derimot er det framleis lov å nytta det i matemballasjen. Det er eit paradoks at regntøy som innheld PFOA er forbode å kjøpa medan me kan pakka maten i pair som er dekka med PFOA. Men korleis får me dette i oss då? Sit det ikkje fast på papiret?

Kvar gong du nyttar produkt som er sett inn med perfluorerte sambindingar, så vil nokre av desse sambindingane forlata produktet og verta med inn i kroppen din. Fordi dei er vanskeleg å bryta ned samstundes som dei er feittløyselege, så vert dei lagra i feittvevet ditt. Kort fortalt så er PFOA (og andre såkalla persistente organiske miljøgifter) ikkje vassløyselege. Dermed kan dei ikkje skiljast ut via urinen når du er på do og tisser. Dei er tungt nedbrytbare og enzyma i leveren som omdannar framandstoff og gjer dei klare for å skiljast ut av kroppen, kan ikkje omdanna desse slik at dei vert meir vassløyselege. Framandstoffa blir difor frakta rundt i kroppen med blodet til passande feittvev. Og der blir dei.

 

Full kjennskap tar tid

Dersom tilgongen til PFOA vert redusert eller fjerna, så vil kroppen over tid sakte men sikkert bryta ned og skilja ut det som er lagra der i dag. No har eg presentert nokre få kvardagssituasjonar kor me vert utsett for uønska og farlege kjemikalier. Alt er farleg berre dosen er høg nok. Men kjemikaliar kan vera vel så farlege når me får dei i oss små dosar over lang, lang tid. Og dei effektane som blandingar av mange kjemikalier har, coctaileffekten, er enno ikkje fullt forstått.

Konsekvensane av lavdose, langtidseksponering tek òg lang tid å få full kjennskap til. Dei største konsekvensane kjem gjerne for borna og ikkje for foreldra som vart eksponert. Dei fyrste vekene i fosterutviklinga saman med utviklinga av hjernen, er dei periodane kor fosteret er mest mottakeleg for farlege kjemikalier. Me veit alle kva som kan skje dersom mor tek thalidomid mot svangerskapskvalme. Derimot veit me ikkje kva som kan skje når mor (og far) får i seg uønska kjemikalier som perflurorert karboksylsyre.

 

Enkle grep for å redusere

Både eg og du kan ta enkle grep for å redusera kva me vert utsett for. For å vera i stand til det, må me ha kunnskap. Kunnskap er makt! Fyrst når me har kunnskap har me mogleiken til å ta val, endra vanar og stilla krav til produsentar og styresmaktene. Det aller enklaste er å bytta ut eingongsprodukta med fleirgongsprodukt. Glas og rustfritt stål er gode alternativ til matpapir og eingongskoppar av papir. Er du som meg glad i god kaffi, så vil du uansett ikkje drikka i papirkopp. Ein god kaffi i ein glaskopp med silikontrekk for ikkje å brenna seg – supert på veg til jobb. Og ved å bytta ut eingongsprodukta slår du fleire miljøfluger i ein smekk. Det blir jo sjølvsagt mindre avfall.

Eit anna alternativ er å nytta svanemerka produkt. Svanemerket set krav til heile livssyklusen til produktet – frå produksjon og miljøet til arbeidarane til det endar opp som avfall. Forbrukarkrafta må heller ikkje undervurderast. Det var eit felles, internasjonalt opprør mot bisfenol A (BpA) som fekk fasa dette ut av mellom anna spebornsprodukta.

Det aller beste er å setja krav! Krav til styresmaktene og Mattilsynet om at forbodet mot PFOA skal utvidast til å inkludera matemballasje.