Hjem
Digital Lab
Digital lab

Frukostseminar: På skattejakt i ordbøkene

Ordbøker finst i mange variantar. Kvifor er dei så forskjellige, og korleis kan vi best bruke dei? I dette frukostseminaret samtalar redaktørane av Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok om korleis vi kan bruke dei ulike ordbøkene til å lære meir om språk og språkbruk, og dessutan om historie, kultur og samfunn.

Bilde av utstillingen i biblioteket
Foto/ill.:
Universitetsbiblioteket

Hovedinnhold

Frukostseminaret er knytt til utstillinga «Kva er ei ordbok?», som vart opna i lokala til Bibliotek for humaniora 23. mai.

I 2023 er det 150 år sidan Ivar Aasens «Norsk Ordbog med dansk Forklaring» kom ut. Utstillinga gir eit innblikk i ordbokarbeid i Noreg med hovudvekt på arbeidet til Aasen, og viser kor viktig det er å samle inn data for å kunne beskrive eit språk.

Paneldeltakarar

Terje Svardal (innleiar og ordstyrar) er leksikograf.
Klara Sjo er forskar og leksikograf. 
Gunn Inger Lyse Samdal er forskar og leksikograf. 
Gyri Losnegaard er forskar og prosjektleiar for Norsk Ordbok a-h (NO-AH).

Praktisk informasjon

Frukostseminaret vert arrangert i Babelstuen på Bibliotek for humaniora. Påmelde deltakarar får lett servering under arrangementet, og påmelding skjer via påmeldingsskjema.