Hjem
Digital Lab
Digital lab

DH-lunsj: Digitale rekonstruksjonar - virtuelt liv til tapte bøker

I dette Digital Humaniora-lunsjforedraget (DH-lunsj) gir prosjektleiar for CODICUM-prosjektet, Åslaug Ommundsen, eit innblikk i korleis bokfragment best kan presenterast som virtuelle bøker.

Abstrakt fremstilling av DH-webinar
Foto/ill.:
CoPilot

Hovedinnhold

Foredraget vert heldt på norsk.

Åslaug Ommundsen er professor i mellomalderlatin ved Universitetet i Bergen og ein av fire forskingsleiarar på det ERC-finansierte prosjektet CODICUM. Prosjektet undersøker dei nordiske samlingane av mellomalderlege bokfragment for å kaste lys over bokkultur og lærde nettverk i perioden ca. 1000-1500. 

Eit element i CODICUM-prosjektet er å utforske korleis bokfragment best kan presenterast som virtuelle bøker. Fragment frå same bok er ofte spreidde over fleire samlingar, og til og med over landegrenser. Det digitale formatet gir eit eineståande høve til å sameine desse fragmenta i ein tenkt struktur, og slik formidle eit (fragmentarisk) inntrykk av boka som ein gong fanst. 

Men korleis kan dette gjerast på best mogleg måte? Kva er gjort til no, og kvar går vegen vidare? Dette er spørsmål som vert adressert i foredraget.

DH-foredragsrekka

Den digitale foredragsrekka er eit samarbeid mellom Digital lab ved Universitetsbiblioteket i Bergen, D-lab ved NTNU og Norsk nettverk for digital humaniora og kulturorganisasjon (DHKO). Foredragsrekka tek føre seg DH-relaterte temaa, og gir forskarar og andre som er involverte i DH-prosjekt eller -forsking moglegheita å dele sine erfaringar, suksessar og utfordringar tilknytta bruk av digitale verktøy og/eller metodar.

Har du forslag til tema du ønsker å høyre meir om, eller jobbar du sjølv med noko som du kan tenke deg å dele i eit foredrag? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss arrangørar på e-post.

Høsten 2025 kan du få med deg digitale DH-foredrag følgande datoar og tidspunkt:

Torsdag 25. september kl. 11.30-12.00

Torsdag 23. oktober kl. 11.30-12.00

Torsdag 27. november kl. 11.30-12.00

Følg med i kalenderen til Digital lab for meir informasjon om kvar enkelt foredrag.

Praktisk informasjon

Meld deg på lunsjforedraget ved å fylle i påmeldingsskjemaet. Lenke til Zoom vert sendt til alle påmeldte dagen før.