Hjem
Institutt for økonomi
Jubilant på Institutt for økonomi

Jubileumsseminar for Kjell Vaage

Professor Kjell Vaage fylte 60 år 22. desember, og dette skal feirast med eit jubileumsseminar på Institutt for økonomi no på nyåret.

Professor Kjell Vaage ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen fyller 60 år.
Professor Kjell Vaage ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen fyller 60 år.
Foto/ill.:
Universitetet i Bergen

Hovedinnhold

Programmet for dagen speglar jubilanten sine forskingsinteresser gjennom fleire tiår, der fleire framståande forskarar og samarbeidspartar vil bidra. I tidlege år arbeidde Kjell med energiøkonomi, og professor Øyvind Anti Nilsen ved NHH vil halde ein innlegg om verknaden vindkraft har på lokaløkonomien.

Men i all hovudsak har Kjell sine forskingsinteresser hatt fordeling og velferd som omdreiingspunkt, og på seminaret får vi i tillegg innlegg frå Kjell Gunnar Salvanes, NHH,  Anders Björklund, Stockholms universitet, Ann-Helen Bay, HiOA og Knut Røed frå Frisch-senteret, alle med velferd-, inntekt- og fordelingsspørsmål som tema. Vi får mellom anna innlegg om sosioøkonomisk status og moglege intergenerasjonelle feller, og andre mekanismar som gjeld fordeling av inntekt.  Prorektor Margareth Hagen, UiB, opnar seminaret.

Seminaret er avgrensa til inviterte gjestar, og vert avslutta med festmiddag om kvelden.

Nederst på sida her kan du lese omtalen av jubilanten som stod på trykk i Bergens Tidende 22.12 2017.