Hjem
Institutt for økonomi

Differensiert studieavgift unødvendig

Samfunnsøkonomar ved UiB meiner økonomiprofessor Torberg Falck trekkjer feil konklusjon når han meiner differensiert studieavgift vil vere meir rettferdig enn dagens subsidieordning.

Hovedinnhold

I eit oppslag På Høyden gir professorane Alf Erling Risa og Steinar Vagstad ved Institutt for økonomi sine synspunkt på ein artikkel i Dagens Næringsliv der Torberg Falck ved NTNU held fram at statens subsidiering av studentane er for høg, og at løysinga er å innføre differensiert studieavgift etter kor dyrt studiet er. Dei meiner han har gode poeng, men at ei slik differensiering verken er nødvendig eller ynskjeleg. Les oppslaget i På Høyden her.