Hjem

Institutt for økonomi

Evaluering av Gruppe for trygdeøkonomi:

Publiserer på høgt internasjonalt nivå

Gruppe for trygdeøkonomi ved Universitetet i Bergen har fått svært gode skussmål for sine aktivitetar dei siste fem åra i ei fersk evaluering. Internasjonalt forskingsnettverk og høg kvalitet på forskinga vert trekt fram i den eksterne evalueringa.

Gruppe for trygdeøkonomi. Frå venstre: førsteamanuensis Astrid Grasdal, professor Espen Bratberg, professor Kjell Vaage og professor Arild Aakvik.
Gruppe for trygdeøkonomi ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen. Frå venstre: førsteamanuensis Astrid Grasdal, professor Espen Bratberg, professor Kjell Vaage og professor Arild Aakvik.

Trygdegruppa har eksistert ved Institutt for økonomi frå 1992, men har frå 2010 vore i eit institusjonsforankra strategisk prosjekt innan forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) i Norges forskningsråd. Prosjektet har no blitt evaluert av eksterne forskarar frå Sverige og Danmark på bestilling frå Forskingsrådet. Forskarane legg særleg vekt på at Trygdegruppa driv forsking av høg internasjonal kvalitet:

 

- Gruppen för Trygdeøkonomi i Bergen gör forskning av mycket hög internationell kvalitet som direkt berör olika bidragsformers orsaker och verkningar (…) Gruppen har idag stora inslag av nydanande forskning och befinner sig på flera områden vid forskningsfronten, skriv forskarane Mood, Eriksson og Marklund.

 

Topp 5

Prosjektleiar for Trygdegruppa, professor Kjell Vaage, er  svært nøgd med tilbakemeldinga. Han peiker på viktige internasjonale relasjonar som ein suksessfaktor.

- Vi har heile tida hatt eit godt internasjonalt samarbeid med anerkjente forskarar. Det har vore lett å få dei med på prosjektet, og dei har bidrege både som medforfattarar og i undervising og rettleiing av stipendiatar, seier Vaage.

 

Fleire av publiseringane innanfor prosjektet har nådd opp i dei såkalla topp 5 av internasjonale økonomitidsskrift. Vaage trekker fram førsteamanuensis Katrine V. Løken og stipendiat Andreas R. Kostøl som i samarbeid med internasjonale forskarar har bidrege til fleire av desse artiklane.

 

- Må også satse på undervisning

Forskarane bak evalueringsrapporten foreslår samstundes at Forskingsrådet i framtidige utlysingar av midlar skal droppe å stille krav til at institusjonane òg skal drive undervisning som ein del av forskingsprosjektet.  Vaage er usamd i denne vurderinga. Forslaget om å droppa undervising er også i motstrid til det som blir foreslått i den ferske innstillinga frå Finansieringsutvalet, som foreslår at store NFR-satsingar nettopp bør ha ein undervisingskomponent, framhevar Vaage.

 

- Det er eit stort misforhold mellom storleiken på trygdesektoren og utdanningstilbod til dei som jobbar innan trygdefeltet. Trygdegruppa har satsa på å utvikle fleire forskingsbaserte kurs for studentar ved Universitetet i Bergen. Kursa har i sin tur vore viktige for å rekruttera studentar til å skriva masteroppgåver innan trygdefeltet.


Vaage peiker på at denne kompetansen har vore svært nyttig for fleire arbeidsgjevarar.

- Fleire uteksaminerte studentar opp gjennom åra har arbeidd med trygderelaterte spørsmål bl.a. i Arbeids- og sosialdepartementet, Finansdepartementet og i NAV og SSB. Slik kompetanse vert ikkje mindre viktig i åra som kjem, meiner Vaage.

 

Evalueringsrapporten er utarbeidd av følgjande personar på bestilling frå Noregs Forskingsråd:

Carina Mood, IFFS och SOFI, Stockholms Universitet

Tor Eriksson, Institut for Økonomi, Aarhus Universitet

Staffan Marklund, Karolinska Institutet, Stockholm