Hjem
Institutt for økonomi
News

Slik fungerer pensjonsreforma

Etter pensjonsreforma er det 13 prosent fleire seniorar i privat sektor, men det er dei ressurssterke som er dei store vinnarane i pensjonssystemet.

To pensjonister
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Vi blir mange fleire eldre, og lever stadig lenger. Dette er godt nytt, men utgiftene til pensjonar veks. Ei viktig side ved pensjonsreforma i 2011 er derfor å tilby lågare pensjonar. Det er og eit ønske om å motivera eldre arbeidstakarar til å stå lenger i jobb. Difor må dei som er unge i dag innstilla seg på å få lågare pensjon eller å jobba lenger. Det har blitt meir enn antyda at politikarane og økonomane bak reforma har meir omsorg for statens finansar, enn for framtidige pensjonistars velferd.

Men foreldregenerasjonens velferd er neste generasjons byrde.

 

14 år med pensjon per pensjonist

Då folketrygda blei innført i 1967, var pensjonsalderen 70 år og gjennomsnitts levealder 74. Trygda skulle altså finansiera 4 år pensjon per pensjonist. I dag er gjennomsnitts levealder vel 14 år over vanleg pensjonsalder på 67. Statistisk sentralbyrå reknar med at tilsvarande tal i 2050 vil vera nesten 20 år, samtidig som 820 tusen pensjonistar nå, veks til til rundt 1,3 millionar.

Dei fleste økonomar er einige i at offentleg, obligatorisk grunnsikring av alderspensjon er effektivt. Men det betyr ikkje at eit størst mogeleg obligatorisk sparesystem er best. Pensjonsreforma siktar difor mot å redusera skattetrykket på dei unge i framtida ved å justera pensjonane ned. I tillegg fremjar reforma meir effektive tilpassingar i arbeidsmarknaden for eldre arbeidstakarar. 

Reforma flytter ein del av børa med auka pensjonsutgifter frå framtidige generasjonar og over på pensjonistane sjølv. Tre endringar er sentrale.

  1. Endra indeksering betyr at pensjonane blir oppjusterte med lønsveksten, minus 0,75 prosentpoeng etter at pensjonsuttaket har starta. Før skulle pensjonane halda tritt med heile lønsveksten.
  2. Levealdersjustering fordeler dei opparbeida pensjonsrettane på forventa leveår som pensjonist. Høgare forventa levealder vil derfor gi mindre årleg pensjon.
  3. Fleksibelt pensjonsuttak betyr at frå fylte 62 år kan ein ta ut pensjon og kombinera dette med arbeid utan avkorting. Seinare pensjonsuttak gir færre forventa år som pensjonist og dermed høgare årleg pensjon.

Den reformerte folketrygda gir gode arbeidsinsentiv for eldre arbeidstakarar og flytter den finansielle børa ved auka levealder og tidleg pensjonsuttak frå unge arbeidstakarar til pensjonistane sjølv.

 

Verknad på privat sektor

Alt nå ser det ut som det er ganske stor respons på dei endra insentiva i privat sektor, der reforma er gjennomført fullt ut. Etter reforma har sysselsetjinga i private bedrifter med tilgang til AFP auka med 13 prosentpoeng for aldersgruppa på 62 til 66 år. Det er også nær to tredelar i denne gruppa som kombinerer arbeid og pensjon utan avkorting.

Utbetalingane til pensjon vil auke kraftig når store fødselskull no tar ut pensjon. Dei nye pensjonsreglane dempar veksten i framtidige pensjonsutbetalingar samanlikna med tidlegare reglar. Det fører til mindre behov for offentleg sparing og mindre press for å auke skattane. Eit anna spørsmål er korleis fordelingsverknadene av reforma er innan kvar generasjon?

 

De ressurssterke vinn mest

Alle obligatoriske alderspensjonssystem har eit element av overføring til dei ressurssterke. Grunnen er at dei som lever kort får lite igjen for pensjonsinnbetalingane sine, slik at dei som lever lenge får finansiert ein lang pensjonsperiode. Men det er ikkje berre tilfeldig kven som lever lenge.

Pensjonistar som har hatt høg utdanning og inntekt kan venta å leva vesentleg lenger i gjennomsnitt enn dei med låg utdanning og inntekt.

Dei ressurssterke vil difor vera overrepresentert mellom dei som har lange pensjonsperiodar og høge ressursoverføringar. Men det betyr også at dei store innsparingane i pensjonsreforma i størst grad vil treffa dei ressurssterke, som kanskje er best i stand til å bera byrda.

 

Høgare aldersgrenser

Denne våren legg regjeringa fram ei sak for Stortinget som følgjer opp pensjonsreforma. I samband med revisjonen av arbeidsmiljølova er det og forslag til å auka bedriftsinterne aldersgrenser frå 67 til 70 år, og den øvre, generelle aldersgrensa frå 70 til 72 år. Det er verdt å merka seg at desse endringsforslaga gjeld for privat sektor sidan det er andre lover enn arbeidsmiljølova som regulerer aldersgrensene i offentleg sektor.

Det kan synast som om desse forslaga er ei naturleg oppfølging av pensjonsreforma. Det har kanskje overraska nokon at forslaget om å auka den generelle aldersgrensa til 72 år har blitt møtt med sterk motstand både frå LO og NHO.

 

Må dei eldre overvakast på jobb?

Professor Ed Lazear ved Stanford universitetet i California starta ein stor teoretisk og empirisk litteratur om behov for aldersgrenser. Han peika på at løna ideelt bør reflektera ein arbeidar sin produktivitet på eit kvart tidspunkt. Akkordløn reflekterer eit slikt ideal når det er enkelt å sjå kor mykje kvar arbeidar har produsert.

I mange tilfelle er det både vanskeleg og dyrt å overvaka produktiviteten til den enkelte. Då kan langsiktige, tillitsbaserte kontraktar vera best. Lazear viser at relativt låg løn som ung og høg løn som eldre, motiverer til innsats og høg produktivitet gjennom heile livsløpet.

Men det er nødvendig å ha ei obligatorisk aldersgrense for å støtta opp om denne typen tillitsbaserte kontraktar. Grunnen er at løna til eldre arbeidarar er så høg at ein del ønskjer å fortsetja i jobben for lenge. På førehand ser alle partar at den beste kontrakten på lang sikt medfører pensjonering på eit gitt tidspunkt, men når ein kjem dit, kan det vera individuelt rasjonelt for arbeidstakaren å prøva å fortsetja i jobben.

Ikkje alle blir mindre produktive seint i livet. Likevel synest det klart at dess høgare aldersgrenser ein har, dess større blir behovet for å overvaka produktiviteten til eldre arbeidstakarar for å forsikra seg om at dei er produktive nok. I mange tilfelle vil det vera fornuftig at jobben blir overtatt av yngre krefter. Ei felles aldersgrense gjer behovet for individuell arbeidsvurdering mindre, og vil gje eit betre fungerande arbeidsmarknad med høgare arbeidsmotivasjon.