Hjem
Institutt for økonomi
Nyhet

Haustens beste forelesarar

Foreleserpris for haust 2015 gjekk til førsteamanuensis Quamrul Ashan og professor Frode Meland.

Hovedinnhold

Det er studentane ved Institutt for økonomi som nominerar kandidatar til årets forelesar på bachelor- og masterprogram. Quamrul Ahsan fekk prisen for undervisning i emnet utviklingsøkonomi (ECON115).

– Det er absolutt tilfredstillande å vite at innsatsen din er blitt verdsatt, seier Ahsan, som har undervist ved instituttet i over 25 år.

Fagutvalet ved Institutt for økonomi meiner det var velfortent at Ahsan fekk prisen, og peika på at han har haldt eit emne som skil seg ut i mengda av fag, ved å gje unge studentar eit nytt syn og nye spørsmål innan økonomi.

 

Professor Frode Meland vann prisen for beste undervisning på masternivå.

 

God kvalitet på undervisninga

Alle studentar ved Institutt for økonomi kan vere med å nominere kandidatar til forelesingsprisen. Det er fagutvalet ved Institutt for økonomi som deler ut prisen. Undervisninga ved Instituttet får ofte gode tilbakemeldingar, deriblant har bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi fått svært god score i Studiebarometeret 2014.