Midtaustens historie

Hovedinnhold
Midtaustenseminaret skal samle masterstudentar som ønskjer å skrive masteroppgåve om eit tema knytta til Midtausten og den muslimske verda. Geografisk dekker dette området frå Marokko i vest til Iran i aust, frå Tyrkia i nord til det muslimske Afrika og Indiahavet i sør.
Innanfor dette området vil det vere mogeleg å arbeide med politisk, økonomisk og sosial historie, eller islamsk historie allment. Kva tema det kan skrivas oppgåve om vil vere avgrensa av kva rettleiarane er kompetente til å rettleie i, kva som fins av tilgjengeleg litteratur og kjelder, og kva den enkelte student har av språklege kvalifikasjonar. Studentane kan velge oppgåver frå moderne eller tidligare historie, men kjeldesituasjonen gjer at moderne historie ofte er mest relevant som oppgåvetema.
Ved seminaret legg vi vekt på å sjå historia frå Midtausten sitt eige perspektiv og på sine eigne premiss. Korleis opplever aktørane på staden dei hendingane vi studerer? Kva føresetnader var det for det som skjedde, sett frå deira synspunkt? Men vi skal også sette dette under historikarens søkelys og analysere hendingar og strukturar. Målet er likevel ikkje å skrive ei norsk historie om Midtausten, men Midtaustens eigen historie.
Ved instituttet er det særlig rettleiingskompetanse på Sudans historie frå 1800 og fram til i dag, på den austafrikanske kysten og kontaktane over Indiahavet til sør-Arabia; og på tema innan islamsk lov i teori og praksis. Men studentane kan også skrive om andre tema som det er kjeldemateriale for. Dette kan vere innsamla gjennom opphald i Midtausten, i europeiske arkiv, eller på annan måte, innanfor dei tidsrammer som gjeld. Det er slik stor spennvidde i dei oppgåvene som blir skrivne ved Midtaustenseminaret, både i emne og innfallsvinkel, men gjennom eit fellesskap i regional bakgrunn får studentane likevel utbytte av kvarandres arbeid og dannar ein tematisk samhørigheit.