5. Demokrati og vitskap.
Hovedinnhold
Både vitskap og demokrati har vakse fram (i Europa, men og innan andre kulturområder) saman med og som eit vilkår for nasjonalstatar. I dag er forholdet mellom vitskap og demokrati under endring ettersom nasjonalstaten, prega av demokratiske styreformer, er under endring. Vitskapen blir knytt sterkare til den internasjonale og globale økonomiske konkurransen, og til statars rolle for å fremme økonomiske interesser. Nasjonalstaten endrar karakter frå å vere ein demokratisk stat for (i prinsippet) alle borgarar til å bli ein "konkurransestat" som fremmer særlege politisk og økonomiske interesser. "Kunnskap", særleg vitskap, blir sett påsom avgjernade for at konkurransestaten skal lukkast.
Vitskapen knytt til universiteta og og ei stadig breiare utbygging av forskingsbasert undervising har i etterkrigstida vore sett på som ei styrking av demokratiet. Når vitskapen no blir knytt til både konkurrestaten og den internasjonale kapitalismen sine interesser fører dette forskinga vekk frå alliansen med og bygginga av demokratiet, velferdsstat og borgarrettar. Fokuset er no "kunnskapsbasert økonomi",og ulike former for konkiurranse mellom borgarane om tilgang til denne. Økonomisk/politiske elitar søker å reorganisere universitet og forsking for sine formål nettopp gjennom meir konkurranse. Ei ny form for kunnskapelitisme, som underminerer demokratisk innverknad på kunnskapsinstitusjonane er såleis i ferd med å vekse fram. Dette er særleg godt illustert i måten vitskapleg basert kunnskap innan EU no blir organisert, og i måten ekseprtise innane komitear i EU i allinase med ekseprtise innan fovaltninga av konkurransesataten (i Noreg) går utanom demokratiet og underminerer vilkåra for demokratiske avgjerdsle. Denne utviklinga viser og igjen i måten universtet og forskingsinstitusjonar blir søkte reorganisert som leiarstyrte organisasjonar (jamfør MacKinsey rapporten om UiO) der det indre demokratiet blir sett på som ein trussel mot kunnskapens nytte.
Tor Halvorsen arbeider med ei rekke prosjekt innan denne delen av demokratiforskinga. Han er for tida ansvarleg for forumet på UiB "Vitskap og demokrati" som er eit satsingsområde innan det fleirfakultære progammet "Demokrati og retsstat", han er med i europeiske nettverk som forskar på tenketankar og deira innverknad relasjonar mellom politikk og økonomi, og nettverk som studerer korleis multilaterale organisasjonar, som i hovudsak baserer seg på økonomisk ekspertise som fremmer "konkurransestaten", som Verdsbanken og OECD, påverkar relasjonen mellom demokrati og statsdanning i ulike land, særleg Afrika.