Forskrift om kapasitetsjustering for tillatelser til akvakultur
I møte i forskargruppa den 24.03.2021 diskuterer vi gyldigheita av Forskrift om kapasitetsjustering for tillatelser til akvakultur med matfisk i sjø av laks, ørret og regnbueørret.
Hovedinnhold
I møte i forskargruppa den 24.03.2021 diskuterer vi gyldigheita av Forskrift om kapasitetsjustering for tillatelser til akvakultur med matfisk i sjø av laks, ørret og regnbueørret i 2020 § 3 tredje ledd bokstav a), jf. § 21. Forskrifta er gitt med heimel i akvakulturlova § 9 tredje ledd.
Spørsmålet for Sogn- og Fjordane tingrett 17.03.2021 var om pålegget retta mot alle oppdrettarar av laks, aure og regnbogeaure i produksjonsområde 4, som stekker seg langs kysten av Nordhordaland til Stadt om å redusere maksimalt tillatt produksjonsvolum med 6 % frå og med 5 august 2020, er gyldig. Tingretten har vurdert pålegget både i høve til heimelsgrunnlaget, maktmisbrukslæra, sakshandsaminga, bruk av faktum, Grunnlova § 97, EMK P1-1 og Grunnlova § 105.
I ein klar og tydeleg og grundig dom, er staten frikjent på alle punkt. Retten seier på s. 61 at det må leggjast vekt på at saka ikkje dreier seg om inndraging av konsesjonar, men «mindre justeringar i eit avgrensa tidsrom» og at «yting mot yting»-elementet i mindre grad gjer seg gjeldande. Retten la også vekt på at det i tildelingsforskriftene (21. juni 2002 nr. 686 § 7 siste ledd) er ein føresetnad at «vederlag ikkje blir tilbakebetalt om det skjer endringer eller inndragning» og at oppdrettarane ikkje har hatt «grunnlag for å innrette seg på uendra rammevilkår».
På s. 64 er det understreka at føremålet med inngrepet er relevant i proporsjonalitetsvurderinga etter EMK P-1-1 og at når «formålet er vern av miljøet gjer dei samfunnsmessige interessene seg særleg gjeldande og skjønnsmarginen er særleg stor». Endeleg finn retten (s. 64) at Grunnlova § 105 ikkje er aktuell i saka ettersom dette er ein regel som gjeld rett til erstatning ved ekspropriasjon, og elles berre i saker der inngrepet etter ei «helhetsvurdering fremstår som sterkt urimelig om det må tåles», som er terskelen som lagt til grunn i Rt. 2005 s. 469. Sogn- og Fjordande tingrett finn det «klart» at dette vilkåret ikkje er oppfylt.
Mens vi ventar på om saka blir påanka vidare i rettssystemet, tek vi diskusjonen i forskargruppa.