Dispensasjonsregelen i plan- og bygningslova
Lovforslaget frå Kommunal- og moderniseringsdepartemenet om større kommunalt sjølvstyreskjønn under dispensasjonsregelen i plan- og bygningslova er ikkje vidareført etter behandlinga av høyringa i statsråd.
Hovedinnhold
Lovforslaget frå Kommunal - og moderniseringsdepartemenet om større kommunalt sjølvstyreskjønn under dispensasjonsregelen i plan- og bygningslova er ikkje vidareført etter behandlinga av høyringa i statsråd, og lovforslaget går dermed vidare til Stortinget berre med mindre justeringer i regelen.
Lovforslaget går no – etter kraftig skrelling - ut på å at dei nasjonale interessene skal tydeleggjerast i dispensasjonsregelen i § 19-2 andre ledd, samstundes som vektlegging av statlege regionale rammer og mål skal takast ut att frå same paragraf fjerde ledd. Lovforslaget skal handsamast i Stortinget 3. juni 2021.
Sak - stortinget.no
Dette er gjerne eit klassisk eksempel på at fram og tilbake er like langt, men det er også nokre nyansar her:
Ein fordel med lovforslaget er at vilkåra for å gi dispensasjon – eller når vi snur på det – forbodet mot å gi dispensasjon – har større likskap med reglane som gjeld sikring av nasjonale interesser og regionale interesser i plansaker og reglane om motsegn. Dette grepet kan vere nyttig for å tydeleggjere dei statlege sektororgana sitt ansvar i saksprosessen.
Men så er det også ulemper med lovforslaget som legg til grunn at den gjeldande – materielle regelen – om at det skal leggjast «særleg vekt» på «statlige og regionale rammer og mål», blir tatt ut. I praksis kan det føre til at statsforvaltaren og ein domstol blir meir varsam med prøvinga av dispensasjonssakene enn den er i dag, - noko som også er departementet sitt mål med lovframlegget, men det treng ikkje bli ein konsekvens.
Regelen – vurderingstemaet i dispensasjonssaker - skal framleis vere rettsbruksskjønn, noko som betyr at statsforvaltar og domstol har frie tøylar til å vurdere om vilkåra for dispensasjon er innfridd. Så her gjeld det at domstolen også kjenne si plikt til å verne om miljøverdiar som kjem til uttrykk i Grunnlova § 112 og t.d. byggjeforbodet i 100-meterbeltet. Dette er juss og ikkje politikk.
Stor interesse for denne diskusjonen også i Allemannsretten.no