Møte om offentleg styring og negative servituttar i lys av nyare rettspraksis
Forskargruppa hadde møte 21. mars der vi tok utgangspunkt i servituttsaka på Geilo/Dr. Holms Hotel, innteke i LB-2021-139564.
Hovedinnhold
Dommen gjeld krav om fastsettingsdom for at eit utbyggingsprosjekt knytt til Dr. Holms Hotel på Geilo er i strid med tinglyst servitutt. Kravet var fremja av åtte hyttenaboar som gjorde gjeldande ein servitutt som bestemte at den aktuelle eigedommen berre kunne brukast til hyttetomter. Naboane fekk medhald i kravet i tingretten, men lagmannsretten kom til at servitutten ikkje var ein strøksservitutt etter servituttlova § 4, og at det er hotellet som herskande eigedom som disponerer over servitutten.
Saka reiser prinsipielle spørsmål om tilhøvet mellom offentleg styring og privat eigedomsrett, og er anka til Høgsterett.
På møtet samla vi kreftene i plan- og bygningsrett og tingsrett på fakultetet for, på bakgrunn av dommen, å drøfte dei meir prinsipielle spørsmåla omkring kva ein strøkservitutt er og kven som har påtalerett etter negative servituttar, samstundes som vi trakk opp linjene frå eldre tider med omsyn til å styre utmarksareal gjennom privat eigedomsrett, til dagens system med styring etter arealplanlegging og private planforslag etter plan- og bygningslova.