Hjem
Mohn kreftforskningslaboratorium
Strategi

Målsetting

Mohn kreftforskingslaboratorium vart etablert i 2009 i laboratoriebygget på Haukeland med middel frå Bergens Medisinske Forskingsstiftelse (BMFS) og Trond Mohn.

Vi ønsker å være ei plattform for translasjonell kreftforskning. Dette er forskning som kombinerer klinisk relatert kreftforskning og grunnforskning. Målsettingen er  å identifisere mekanismar for utvikling av kreft og terapiresistens. Tanken er at ei djupare  innsikt i biologien til kreftcellene vil kunne resultere i betre identifisering av risikofaktorar samt ei meir optimal behandling av pasientar med kreftsjukdom.

Laboratoriet har 25 forskarar og teknikarar som i hovudsak jobbar med følgande problemstillingar:

  • Genetiske endringar som gjer kreftceller resistente mot behandling.
  • Medfødte genetiske faktorar som påverkar risikoen for kreft og resulterer i ulike kliniske uttrykk og ulik grad av sideverknadar ved behandling.
  • «Epigenetiske» for andringer som årsak til kreft og behandlingsresistens. Epigenetikk betyr litt forenklet at man skrur av og på effekten av ulike gener.
  • Hormoner og deira rolle i sjukdomsutvikling og behandling ved ulike hormonfølsomme kreftsjukdomar.

Forskninga vert i hovudsak utført innan kreft oppstått i bryst, eggstokkar, føflekkar, testiklar, prostata og mage-tarm.