Hjem
Forskningsgruppe i samfunnsfarmasi

Utvidar samarbeidet med UEA

Som ein del av strategien for å styrkje forskingsområdet samfunnsfarmasi inviterte Forskningsgruppe i samfunnsfarmasi forskarar frå University of East Anglia (UEA) til Bergen for å drøfte framtidig samarbeid.

Hurra for forskingssamarbeid!
Hurra for forskingssamarbeid!
Foto/ill.:
Lillan Mo Andreassen

Hovedinnhold

Sidan 2006 har Senter for farmasi sendt studentane over til UEA for at dei skal få undervisning i legemiddelproduksjon (galenisk) og klinisk farmasi. Dette undervisningssamarbeidet opphøyrer etter 2014, men grunnlaget for framtidig forskingssamarbeid er lagt. Somme av studentane har valt å reise tilbake til Norwich for å gjere masteroppgåvene sine, og tilbakemeldingane frå både studentar og tilsette ved UEA har vore udelt positive. Inspirert av studentane inviterte vi forskarane frå «Medicines management»-gruppa ved UEA til Bergen for å drøfte korleis vi kan utvide forskingssamarbeidet og styrke forskinga innanfor fagområdet ved begge institusjonane.

Over dei to dagane seminaret varte blei vi einige om fleire måtar forskingssamarbeidet kunne utvidast på og drøfta òg fleire konkrete prosjekt vi ønskjer å setje i gong. Det blei fremja forslag om både fellesprosjekt der vi nyttar kvarandre sine kunnskapar, parallelle prosjekt kor same type data samlast inn både i Bergen og Norwich, og «utvekslingsprosjekt» kor tidlegare prosjekt ved den eine institusjonen «kopierast» ved den andre institusjonen. Tanken er at masterstudentar og forskarar frå begge institusjonar skal bidra til samarbeidet.

Stipendiat Lillan Mo Andreassen hadde kort tid etter seminaret eit forskingsopphald ved UEA og skriv no på ein artikkel om diabetespasientar i aldersinstitusjonar saman med Dr. James Desborough.  «I tillegg til høve til å samarbeide om data og forskingsresultat, har eg fått innblikk i nye måtar å tenkje på når det gjeld forsking», seier ho om opphaldet. Masterstudent Gia Tran er òg stasjonert i Norwich for augneblinken. Han samarbeidar med professor David Wright om eit prosjekt om svelgevanskar hjå sjukeheimspasientar. Leiar for forskingsgruppa, førsteamanuensis Lone Holst, seier følgjande om samarbeidet: «For ei relativt lita forskingsgruppe som vår, er det svært viktig med gode samarbeidspartnarar både nasjonalt og internasjonalt. Gruppen ved UEA er anerkjent internasjonalt og har kompetanse på mange felt som er nyttige for oss. Samarbeidet starta allereie i 2007 då eg gjorde størsteparten av datainnsamlinga til doktorgraden min under rettleiing av professor David Wright under et seks månaders langt opphald der. At vi no har fått økonomiske rammer til vidareutvikling av samarbeidet er svært gledeleg.»

Det er planlagt eit nytt møte mellom dei to forskingsgruppene i desember 2013, då er òg representantar frå dei norske apotekkjedene invitert for ytterlegare å kunne utvide forskingsområdet.