Hjem
Forskningsgruppe i samfunnsfarmasi

Samfunnsfarmasi i International Innovation

Arbeidet til forskingsgruppa i samfunnsfarmasi er presentert i mars-utgåva av International Innovation, eit tidsskrift med brei distribusjon til myndigheiter, forskingsfinansieringsinstitusjonar og ulike forskingsmiljø.

Samfunnsfarmasøytisk forsking har foregått ved Universitetet i Bergen sidan oppstarten av Senter for farmasi i 2003. Forskinga har i stor grad hatt fokus på pasienttryggleik ved legemiddelbruk. I dag ligg forskingsfokuset til gruppa primært innanfor to område av sårbare pasientgrupper:

1) Urtebruk i svangerskapet - effektivitet og tryggleik.

2) Diabetes i sjukeheimar - legemiddelbehandling og blodsukkermåling.

Tidsskriftet skildrer begge forskingsprosjekta fint, og har valt å legge vekt på pasienttryggleiksperspektivet i presentasjonen. Bakgrunnen for arbeidet - fokuset på sårbare pasientgrupper - samt utfordringar og oppnådde resultat blir utdjupa i eit intervju med dei tilsette i gruppa. I tillegg svarer tilsette i gruppa på eit panelspørsmål om å omgå patentlovgivinga for å sikre effektiv legemiddelbruk til fleire.

Les heile saka og paneldebatten her. (side 22-24 og 81-83). Du kan også laste ned artikkelen som pdf frå høgre kolonne på denne sida.

International Innovation er eit såkalla Open Access-tidsskrift, som betyr at alt innhald er fritt tilgjengeleg for brukarane å lese, laste ned, kopiere, distribuere eller lenke til utan å måtte be om tillatelse frå tidsskriftet eller forfattaren.