Hjem
Sosial innflytelse på ungdoms atferd og helse
Forskning ved Det psykologiske fakultet

COMPLETE-prosjektet

COMPLETE er eit forskingsprosjekt utvikla for å betre psykososiale læringsmiljø i vidaregåande opplæring, og dermed bidra til å auke gjennomføring og nærvær i vidaregåande skule. Prosjektet inneber å implementere og evaluere effekten av to tiltak som skal legge til rette for gode psykososiale læringsmiljø: Drømmeskolen og Nærværsteam.

4 elevmentorer ute signaturbilde

Hovedinnhold

Bakgrunn

Fråfall i vidaregåande opplæring er ei uttalt bekymring for norske myndigheiter og Kunnskapsdepartementet ynskjer kunnskap om kva tiltak som kan ha positiv effekt på gjennomføring av vidaregåande opplæring. COMPLETE-prosjektet er ein av fire randomiserte kontrollerte studiar i Kunnskapsdepartementet sitt Program for betre gjennomføring i vidaregåande opplæring, og har til hensikt leggje til rette for auka gjennomføring, trivsel og mindre fråvær i vidaregåande skule. Prosjektet inneber å implementere og evaluere effekten av to tiltak som skal legge til rette for gode psykososiale læringsmiljø: Drømmeskolen og Nærværsteam. Drømmeskolen er eit universelt program retta mot alle elevar på skulen, og Nærværsteam er eit skuletiltak rettat mot særlig utsette elevar med utfordringar i skulekvardagen. Begge tiltak har fokus på meir systematisk arbeid for å fremje det psykososiale miljøet og å betre kontakten mellom tilsette og elevar i skulen.

Du kan lese meir om COMPLETE-prosjektet på heimesida her.
 

Studiedesign

COMPLETE-prosjektet er ein pågåande skulebasert randomisert kontrollert studie i 17 vidaregåande skular i fire fylker i Noreg. Prosjektet nyttar eit blanda metode-design (mixed methods) for å kunne sei noko om både effekten av tiltaka og prosessen med implementeringa av tiltaka, der sistnemnde skal bidra med å forklare resultatar frå effektevalueringa.

Skulane vart randomisert i tre grupper:

  1. Tiltaksgruppe 1 (TG1): Seks skular prøvar berre ut Drømmeskolemodellen
  2. Tiltaksgruppe 2 (TG2): Seks skular prøvar ut ein kombinasjon av begge tiltak (Drømmeskole og Nærværsteam)
  3. Kontrollgruppe (K): Fem skular er kontrollskular

Prosjektet følgjer to kull: 

  • Kull 1 (K1) starta vidaregåande opplæring hausten 2016 og vert fulgt i 3 år
  • Kull 2 (K2) starta vidaregåande opplæring hausten 2017 og vert fulgt i 2 år.

 

Studieprotokollen kan du lese her.