Hjem
Miljøtoksikologi

Ledig stilling som avdelingsingeniør

Miljøtoksikologigruppa har ledig stilling som avdelingsingeniør i tidsrommet 01.11.2010-31.12.2013. Søknadsfrist er 25. oktober 2010

Forskingsgruppa Miljøtoksikologi har sine aktivitetar retta mot studie av miljøgifter sine effektar på ulike organismegrupper i kontrollerte felt-, akvarie- og celleforsøk. Den vitskaplege interessa til gruppa er å forstå korleis organismen handterer miljøgiftene og kva effektar desse stoffa kan ha på gen- og proteinuttrykk. Vi ønskjer òg å studere dette på eit høgare nivå, mellom anna ved å integrere resultat frå ulike teknologiar som transkriptomikk, proteomikk og metabolomikk ved hjelp av bioinformatiske metodar.

Les heile utlysingsteksten her på jobbnorge.no