Hjem
Gruppe for trygdeøkonomi

Pensjonsreforma er godt nytt for dei yngste

Dagens 35-åringar må sjølv bera den økonomiske byrda ved eigen auka levealder, noko som inneber at generasjonen deretter får ei lettare bør med å finansiera alderdomen til sine foreldre.

Hovedinnhold

Det er professor Alf Erling Risa ved Institutt for økonomi som heldt dette fram i ein artikkel i Bergens Tidende 19. april. Bakgrunnen for pensjonsreforma er at det stadig vert fleire eldre som lever stadig lengre, noko som inneber auke i utgiftene til pensjonar. Lågare pensjon er, ved sida av å motivere eldre arbeidstakarar til å stå lengre i arbeid, er ei viktig side ved reforma.

I artikkelen diskuterer han også om reforma er rettferdig mellom generasjonane, og stiller spørsmål ved om ikkje dei som i dag er i aldersgruppa 60-67 burde bidrege meir. Artikkelen er den tredje i ein serie som har framtidas pensjon og trygd som tema, og den ligg som vedlegg til sida her.