Hjem

Institutt for fremmedspråk

IT-utstyr - stipendiatar

Fakultetet betalar datamaskin til nye stipendiatar, og stipendiaten kan sjølv velja anten pc eller mac.


Instituttet rår til at dei som vel pc, kjøper ei dokkingmaskin. Dermed får ein ved hjelp av éi maskin (pluss dokkinglist, ekstra tastatur og skjerm) dekka behovet for både stasjonær og berbar maskin. Alternativt kan ein velja anten ei stasjonær maskin eller ei berbar maskin. Mac-brukarar kan velja anten stasjonær eller berbar maskin. Dei som treng både berbar og stasjonær maskin må dekkja utgiftene til den berbare frå eigne driftsmidlar.


Utstyret som blir kjøpt inn, er UiB sin eigedom. Dette gjeld òg når utstyret er finansiert av driftsmidlane til stipendiaten.


Stipendiatar som ønskjer å overta it-utstyr (berbar datmaskin, nettbrett el.a.) etter at stipendperioden er over, kan ta kontakt med administrasjonssjefen ved instituttet. Dersom instituttet ikkje treng utstyret, kan stipendiaten få kjøpa det. I så fall er prisane desse:


-    Utstyr under 2 år blir selt til femti prosent av innkjøpsprisen
-    Utstyr som er mellom 2 og 4 år gamalt, blir selt til 30 prosent av innkjøpsprisen
-    Utstyr eldre enn 4 år kan overtakast gratis


Berbare pc-ar må avinstallerast og installerast på ny når dei går ut av UiB-systemet, elles vil dei etter kvart fungera dårleg.  Dette må den som tek over maskina, sjølv syta for.