Hjem
Senter for Griegforskning
"Vinjesongar" - ny bok om Grieg

Ut av «udugelighetsperioden»

Edvard Griegs «Vinjesongar» i ny bokutgjeving. To essay av Jørgen Magnus Sejersted og Arvid O. Vollsnes (UiB) viser korleis dikta til Aasmund Olavsson Vinje hjelpte komponisten ut av si tyngste kunstnarlege krise.

Aasmund Olavsson Vinje. Dikt med melodiar av Edvard Grieg
Foto:
Bodoni forlag (2018)

«Der er nogle Ting deri, hvori mit Hjerteblod pibler frem» skreiv Grieg om Vinjes poesi (brev til Augist Winding 18. november 1881). Dikta hjelpte han ut av den store «udugelighetsperioden», som Grieg sjølv kalla dei to åra frå 1878, då han ikkje komponerte eitt einaste verk og frykta at den kunstnarelge åra hans var uttørka for alltid. Men det kom ein ny vår, då Grieg i slutten av april 1880 vende heim til Bergen frå kontinentet. Med Vinjes Diktsamling frå 1864 i hende sette han seg på kvistrommet hjå bror sin i Strandgaten, der han på berre åtte dagar skapte 13 stykke for song og klaver – det komplette originalmanuskriptet er datert «Bergen 20/5/80». Songane, som kom på trykk i København under tittelen Tolv Melodier til Digte af A. O. Vinje, opus 33, er blitt ståande som noko av det vakraste me har etter Grieg.

De var fylt av den dypeste livsvisdom. (Grieg om Vinjes dikt)

Det er den kunstnarlege symbiosen mellom diktaren og komponisten ho handlar om, den nye, rikt illustrerte boka Aasmund Olavsson Vinje. Dikt med melodiar av Edvard Grieg (Norsk Bokreidingslag, 2018). Her er Vinje-dikta trykte side om side med faksimilar av notane frå fyrsteutgåva av Griegs songar. Som føreord og etterord finn me to essay: Det fyrste av Jørgen Magnus Sejersted, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, det andre av Arvid O. Vollsnes, professor emeritus i musikkvitskap ved Universitet i Oslo og tidlegare professor II ved Senter for Griegforskning ved Universitetet i Bergen.

I føreordet kjem litteraturvitaren Sejersted med kortfatta analysar av dikta og samanliknar Vinje og Grieg. Det at dei blei fødde med 25 års mellomrom, gjer at dei tilhøyrer to ulike generasjonar frå norsk 1800-tal. Og kontrasten mellom landsmålsmannen Vinjes bakgrunn på ein liten plass høgt oppe i Telemark, og den høgborgarlege Griegs urbane oppvekst i Bergen, kunne knapt vore større. Sejersted peikar på at Grieg gjerne blir omtala som ein tydeleg nasjonalromantisk komponist, sjølv om han levde i den litteraturhistoriske perioden då realisme og naturalisme (og etter kvart nyromantikk) dominerte litteraturen. 

 I musikkhistoria varer romantikken gjerne litt lengre enn i litteraturhistoria. (Litteraturvitar Jørgen Magnus Sejersted)

Var Grieg i takt med litteraturen? Somme meiner at Grieg laga alt for romantisk musikk til Peer Gynt, eit drama der Henrik Ibsen (1828–1906) tek eit satirisk oppgjer med romantikken. Sejersted peikar på at periodane i dei ulike kunstgreinene ofte ikkje er heilt i takt – i musikkhistoria varer romantikken gjerne litt lengre enn i litteraturhistoria.

Etterordet til musikkvitaren Vollsnes fokuserer på verkhistoria: På korleis Grieg tonesette dikta, i kva for samanheng det skjedde og på resepsjonshistoria. Det som utløyste skapartrongen hjå Grieg, var atmosfæren i poesien og dei mangfaldige naturskildringane. I desse naturskildringane såg Grieg parallellar til våre menneskelege kjensler. Tanken på og søkinga etter fridomen, det å vera eit uavhengig menneske og vandra fritt i eit stort, uendeleg landskap, tiltala han.

I Griegs augo var vestlandsnaturen mest norsk. (Musikkvitar Arvid O. Vollsnes)

Vollsnes meiner at naturkjensla og nasjonskjensla hang svært tett saman hjå Grieg. Men norsk natur er jo mangfaldig; naturen kring Bergen var så ulik den «keisame» naturen Grieg meinte å opplevda i skogane på Austlandet. Så Grieg drog heller om Vinjes Telemark når han skulle austover, for den var nærare vestlandsnaturen, ja, meir norsk i hans augo, hevdar Vollsnes.

Som Sejested gjer greie for, var den sosiale bakgrunnen til poeten og komponisten svært forskjellig. Skjøna Grieg innhaldet i bygdeguten Vinjes dikt? Det er ikkje Vollsnes heilt sikker på at Grieg alltid gjorde. Men han trefte i alle høve stemninga – Vollsnes peikar på måten Grieg «målar ut» einskildord musikalsk, altså komponerer stemningsfulle utbroderingar av Vinjes tekst.