Prosjekttittel: "From manuscript fragments to book history"
Prosjektleiar: Åslaug Ommundsen
Prosjektperiode: 2012-2017
Finansiering: Bergens Forskningsstiftelse og Universitetet i Bergen
Tilknytt prosjektet: Michael Robert Gullick (ekstern forskar), Astrid Marner og Synnøve Midtbø Myking
Prosjektet "From manuscript fragments to book history" utforska fragment av handskrifter. Slike fragment er det viktigaste kjeldematerialet me har til bokhistoria i Noreg i mellomalderen. Gjennom analysar av eit utval av fleire tusen handskriftsfragment som finst i offentlege samlingar, utforska me vår tidlegaste bok- og skriftkultur.
Prosjektet såg blant anna nærare på:
- Påverknaden frå regionar og senter i Vest-Europa, med vekt på England (hovudsakleg i sør-aust, inkludert London) og Frankrike (hovudsakleg nord-vest, inkludert Paris)
- Impulsane frå det nordiske kyrkjelege samarbeidet, spesielt med Danmark (Lund) i det tolvte og Island i det trettande hundreåret.
- Utviklinga av bokproduksjonen i Noreg, og korleis lokale scriptoria tilpassa seg internasjonale impulsar i det tolvte og trettande hundreåret.
Prosjektet blei avslutta i mai 2017, men forskinga held fram.
Professor Åslaug Ommundsen leiar nå det ERC-finansierte prosjektet CODICUM (2025-2030) saman med tre nordiske partnarar. CODICUM-prosjektet skal undersøke rundt 50 000 latinske bokfragment bevart i nordiske bibliotek og arkiv – samla sett ein av Europa sine største kjeldesamlinger til mellomalderens bokkultur.
Virtuelle handskrift
Me har eksperimentert litt med handskriftsfragment og forsøkt å «gjenskape» nokre av mellomalderhandskriftene våre digitalt ved å pusle saman fragmentfoto. Slik blir det lettare å sjå for seg handskriftet som er borte, og i tillegg lettare å syne kva tilstand kjeldematerialet vårt er i.
Me la ut eit knippe med «rekonstruerte» handskrift på fragment.uib.no. Eit begrensa tal med fragment frå kvart handskrift er bevart, så puslespela våre blir aldri komplette. Men, som dei seier i CSI: «Bitar er alt me treng, så lenge me har dei rette.»
Gå gjerne til fragment.uib.no og ta ein kikk på nokre av handskriftene som var i bruk i kyrkjene i Noreg i mellomalderen.