Hjem
Frå handskriftsfragment til bokhistorie
Prosjektomtale

Homiliar og homiletiske bøker i Noreg, ca. 1050-1550

Astrid Marner, postdoktor i prosjektet "Frå handskriftsfragment til bokhistorie", granskar homiliar og ulike typar homiletiske bøker på grunnlag av dei norske handskriftsfragmenta.

To sider av eit handskrift, som blei rekonstruert frå fleire små, firekanta fragment.
Lectionarium breviarii 17, rekonstruert frå fragmenta.
Foto/ill.:
Astrid Marner

Hovedinnhold

Homiliar og homiletiske bøker blei skrivne og lesne i Noreg gjennom heile den kristne mellomalderen. Det er overlevert preiker og samlingar både på latin og norrønt, men tilstanden deira er for det meste fragmentarisk. Vi veit at tekstane blei brukte til gudsteneste og tidebøn, men det er framleis uklart i kva samanheng handskrifta blei nytta utanfor liturgien. Mitt prosjekt skal undersøkje homiliane og dei ulike homiletiske bøkene som fanst i Noreg i perioden 1050-1550.

 

Eg har sett startpunktet til 1050 av di vi ikkje har tekstar frå like etter kristninga. Gjennom dei to hundreåra som følgde, brukte nordmennene for det meste homiliebøker frå tradisjonen som går attende til seinantikken og tidleg mellomalder. På 1200-talet oppstod det munkeordenar som la særleg vekt på å preike, og dei tok med seg til Noreg nye modelltekstar og samlingar som blanda seg med den tidlegare tradisjonen. I tillegg nemner Ordo Nidrosiensis - eit regelverk for messe og tidebøn - frå tidleg 1200-tal ei rekkje homiliar til dei einskilde festdagane, og 1200-talet er òg kjent for utviklinga av ein ny boksjanger, breviarium plenum. Fragmentkorpuset viser store forandringar i både utval av homiliar og fikseringa deira i handskrift, og det er desse forandringane som prosjektet fokuserer på.

 

 

 

Problemstilling

Prosjektet blir drive av spørsmålet om kva homiliar som fanst i Noreg i mellomalderen, i kva boktypar vi kan spore dei, og kva føremål tekstane blei brukte til. Difor har det både eit tekst-generisk og resepsjonsorientert perspektiv. Ved å knyte det norske homiliekorpuset til den europeiske tradisjonen og spore attende ulike kontekstar for produksjon, utbreiing, applikasjon og forandring av handskrifta og innhaldet deira, illustrerer prosjektet korleis fragment kan tene til å rekonstruere det litterære systemet i mellomalderen.

 

Eg granskar dei homiletiske bøkene i tre dimensjonar:

Innhald og typologi

  • Kva var innhaldet i dei norske homiletiske bøkene?
  • Korleis stør dei seg på den europeiske tradisjonen?
  • Korleis er teksten forandra og tilpassa bruken?
  • I kva boktypar finn vi homiliar?

Det økonomiske systemet

  • Kvar blei dei norske homiletiske bøkene produserte?
  • Kven åtte dei?
  • Korleis spreidde dei seg i Noreg?

Det kulturelle systemet

  • I kva kontekstar blei homiletiske bøker brukte?
  • Korleis blei form og innhald tilpassa desse kontekstane?

 

Metode og materiale

Eg tek utgangspunkt i dei norske handskriftfragmenta, identifiserer innhaldet deira og samanliknar dei med det vi veit om dei kontinentale typane av homiliebøker. Det er viktig å hugse at mellomalderske homiletiske bøker ikkje berre omfatta homiliar i bokstavleg forstand, men likeins Bibelen, helgenlegender og utklipp frå den teologiske litteraturen. Tilhøyrande fragment, t.d. frå kyrkjefedranes traktatar, treng difor ikkje ha vore ein del av sjølve traktaten, men kan godt stamme frå ei homiliebok. Det er særleg påfallande når vi finn ulike tekstdelar på dei to sidene av same blad . Sidan det er kjent at dei fleste homiletiske bøkene var skrivne på latin, står dette språket sentralt i prosjektet. Saman med omsetjingar til norrønt og originale komposisjonar på latin utgjer dei størstedelen av fragmentmaterialet som kjem til å vere relevant for prosjektet.

 

Inntil no har eg funne ca. 50 lectionarium breviarii og eit hundretals breviarium plenum. Ikkje alle av desse har homiliar med: Nokre av lectionarium breviarii har ikkje noko anna enn lesnader frå Bibelen med, medan ein god del fragment etter breviarium plenum viser berre musikknotasjon. Ved to fragment kan eg ikkje avgjere kva boksjanger dei høyrer til, ettersom dei har ein og same homilie på begge sider. Dei er dei einaste to som faktisk kunne stamme frå eit homiliarium eller ein homiliesyklus, men inntil det dukkar opp fleire fragment frå same kodeks, kan eg ikkje uttale meg om det. Ingen av boktypane er elles representerte i fragmentkorpuset.

 

Det varierer sterkt kor mykje som er att etter det opphavlege handskriftet. Nokre lectionarium breviarii er bevarte i over 40 fragment, som i rekonstruksjon svarer til seks sider eller tre bifolia. Av andre derimot har vi berre eit lite fragment. Difor er det også svært forskjellig kor mykje eg kan seie om kvart av handskrifta.

 

Arbeidsplan

Identifikasjon av dei norske typane

  • Eg transkriberer teksten frå fragmenta, identifiserer han ved hjelp av tekstdatabaser og supplerer manglande tekst med utgåva. Eg noterer òg avvik frå utgåva.
  • Eg jamfører teksten og mogelege rubrikkar med Ordo Nidrosiensis og europeiske liturgiske bøker for å avgjere kva liturgisk fest teksten kunne ha vore knytt til.
  • Eg bestemmer alder og proveniens av fragmentet gjennom ein paleografisk analyse.
  • Gjennom samband av informasjonar oppstår det mønster som peikar på kva type av homiliebøker som fanst i Noreg.

Gransking av konteksten

  • Eigarar, storleik av homilie-hylla i samlingane, mogelege situasjonar for bruk av homiletiske bøker blir henta frå bibliotekskatalogar og boklister frå kyrkjer, bispesete og kloster.
  • Språket i dei særskilde fragmenta peikar på type publikum og tilsvarande lesesituasjonar.
  • Mellomalderske omskrivingar av preiker og homiliebøker blir henta frå den islandsk-norske historiografien (bispe-, konge- og samtidssagaer) og diplom.
    Kyrkjerett, synodal-statuttar osv. blir tekne som utgangspunkt for kva den offisielle haldninga overfor homiliar og preiker var, særleg med omsyn til språk.

Framstilling av resultat

  • Eg er i gang med ei semi-diplomatisk utgåve av fragmenta. Nett no fokuserer eg på sjangeren lectionarium breviarii, som eg har funne rundt 50 fragmentgrupper av.
  • Eg kan tenkje meg å utvide utgåva til breviarium plenum, men her er det eit hundretals manuskript som ikkje alle har homiliar med. Om eg tek breviarium plenum med i utgåva, er difor avhengig av framdrifta elles.
  • Utgåva er arbeidsgrunnlag for ei systematisk skriftleg framstilling, som eg skal publisere i form av ein monografi.
  • Eg vurderer å presentere forskingsresultata mine på nettet. Ein slik nettpresentasjon burde òg innehalde dynamiske kart, grafar og illustrasjonar.

 

Prosjektet starta i september 2013 og går over tre år. Eg reknar med å avslutte utgåva i mars 2015 og monografien mot slutten av prosjektperioden. Så snart utgåva er ferdig, skal eg gjere utkastet tilgjengeleg på nettet.