Hjem
Forsknings- og innovasjonsavdelingen
UiB idé

Har du ein god idé? Søk støtte!

UiB idé gir tilsette og studentar mogelegheit for å søkje støtte til gode innovasjonsidear, som må utviklast og testast før dei blir utvikla vidare.

UiB idé logo
Foto/ill.:
Renate Paulsen

Er du student og har ein idé om korleis kommunar kan hjelpe innbyggjarane sine på ein betre måte, men du veit ikkje korleis du skal gå fram? Eller er du forskar, og ser at forskingsresultata dine verkeleg kan gjere ein skilnad for folk, eller hjelpe ein industri, men du veit ikkje korleis du skal få gjort det om til eit faktisk produkt? Med UiB idé har universitetet fått et program som kan hjelpe din idé med råd og finansiering, slik at du kan nå målet.

Så mykje kan du søkje om

At ideen må vere innovativ tyder at han må vere knytt til samfunnsnytte og vere ny, samt at det må vere behov for han blant visse brukarar eller samfunnet ellers. Gode idear finst i alle fagmiljø, og kan vere sosiale innovasjonar, innovasjon i offentleg sektor, prosessinnovasjonar, kommersialiseringsprosjekt eller andre typar innovasjon.

Maksimalt støttebeløp er 500 000 kroner for forskarprosjekt, og 100 000 kroner for studentprosjekt. Søknadsfrist er 6. april 2021, og prosjektet må vere avlsutta innan desember 2021. For pilotåret 2021 er ramma på kring 2 millionar kroner.

Last ned søknadsskjemaet og fyll det ut, før du sender det inn ved å trykke på lenka under: 

Klikk her for å sende inn din søknad

 

25. februar kl. 13-14 blir det webinar om UiB idé for tilsette og studentar, der du vil få informasjon om programmet og tips for søknaden. Meld deg på webinaret her

 

Vurderingskriterium

  1. Utfordring. Kva utfordring skal prosjektet løyse, og kva kan vere relevante behov for sluttbrukaren eller samfunnet?
  2. Idéen. Kva er tilnærminga til eller løysinga på utfordringa? Kor innovativ er ideen? Kva er nytt? Kor kreativ og ambisiøs er han?
  3. Verdibidrag. Kva er verdien av innovasjonen for den tiltenkte sluttbrukaren og den potensielle verknaden av innovasjonen på samfunnet, hvis han blir realisert.
  4. Hovedleveransen av prosjektet. Konkret forklaring av kva ei vellukka gjennomføring av prosjektet vil levere og muleggjere, f.eks. kva neste trinn i innovasjonskjeden vil være tilgjengelig om finansieringa blir gitt. Innlevering av ein DOFI til VIS kan være eit eksempel på eit slikt neste trinn.
  5. Prosjektgruppa. Korleis er denne sett saman, og kva kompetanse har ein? (søkjar, laboratorium/forskingsgruppe der prosjektet er forankra, potensielle samarbeidspartnarar og rådgivarar; komplementaritet og innovasjonskompetanse i gruppa).
  6. Prosjektplan. Kva er måla, milepælar, risiko og risikoreduserande planar, etc. Kor sannsynleg vil dei skisserte måla oppnåast ved å følgje prosjektplanen?
  7. Forklaring av muleg «rute-til-endebrukar». Korleis kan prosjektets resultat tas vidare til dei tenkte sluttbrukarane? Skisserer potensielle oppfølgingsplanar og framtidige samarbeid som er naudsynt for å nå måla.
  8. Responsible Research and Innovation (RRI). Refleksjonar bør presenterast om problem som blir dekka av RRI-vilkåra.
  9. Bidrag til å nå FNs berekraftsmål, der dette er relevant.

Søkarar som oppfyller kriteria vil bli inviterte til å presentere prosjektet for ein komite av interne og eksterne medlem, som leverer ei innstilling til UiB-leiinga. Les meir om vurderinga i programnotatet for UiB idé. 

Du kan søkje om støtte til:

  • Materialer/utstyr
  • Kostnadar knytte til innhenting av ekstern kompetanse
  • Lønsmidlar (kun for tilsette og eksterne konsulentar)
  • Leige av inkubatorplass
  • Kostnadar knytte til prototyping

Kostnadar som ikkje blir dekka:

  • Patenteringskostnadar
  • Kostnadar knytte til grunnforskingsaktiviteter (tilsvarer Technology Readiness Level (TRL) 1-2
  • Kostnadar knytte til utviklingskostnader i seinare fasar (tilsvarer TRL 4-9)
  • Kommersialiserings-, marknadsførings- og kommunikasjonsaktivitetar

Rettane til ideen:

Ideen din er trygg hos oss: Handsaminga av din idé vil vere konfidensiell, og innhaldet av ideen vil ikkje bli røpt til uvedkommande. Immaterielle rettar (intellectual property rights - IPR) er noko av det ein kan utforske i prosjektperioden. Det er generelt ikkje eit krav om at du må ha utfylt ei melding om oppfinning (ofte kalla DOFI - disclosure of invention) når du sender inn søknad til UiB idé.

For prosjekt det er aktuelt å søkje patent om er det viktig at ideen ikkje er publisert eller offentleggjord, til dømes i artiklar eller presentasjonar på konferansar.

Generelt er det slik at tilsette delar eigarskap til ideen med arbeidsgivar, mens studentar i utgangspunktet eig heile ideen sjølv. Les meir om temaet her, og ta gjerne kontakt med Yves Aubert dersom du har spørsmål om rettane til ideen! 

Innovasjonseksempel 1: Nytt bein med 3D-printing

gitter med stamceller

Ahmad Elsebahy jobbar med å utvikle ny beinstruktur ved hjelp av 3D-printing og stamceller.

Foto/ill.:
UiB

Ahmad Elsebahy jobber som postdoktor ved Institutt for klinisk odontologi, og forskningsarbeidet hans har som mål å utvikle nye metoder som kan forbedre livene til pasienter som har sykdommer som gir ulike former for beintap. Han har under arbeidet fått en ide om å erstatte skadet eller manglende beinvev ved å ta i bruk 3D-utskriftsteknologi til en regenerativ medisintilnærming, for å lage løsninger skreddersydd for hver enkelt. Denne innovative, nye teknologien har potensial for å endre hvordan omsorg for disse pasientene vil bli organisert i fremtiden.

Før Ahmad går i gang med et dyrt og tidkrevende kommersielt innovasjonsprosjekt, må han teste den viktigste muligheten for sin planlagte tilnærming. For eksempel trenger han å finne ut om det er mulig å funksjonalisere en 3D-trykket beinstruktur med stamceller. Til dette trenger han finansiering. Med støtte fra UiB idé vil Ahmad kunne gjennomføre disse innledende testene. Hvis de lykkes, vil prosjektet kunne overføres til UiBs teknologioverføringspartner VIS gjennom innsending av en Disclosure of Invention (DOFI). Med støtte fra VIS vil Ahmad kunne patentere teknologien, og gjøre den om til et fullskala innovasjonsprosjekt. Alternativt kan de første testene avsløre at innovasjonsideen viser seg å være upraktisk eller umulig å gjennomføre, og prosjektet kan stoppes eller modifiseres på et tidlig tidspunkt.

Innovasjonseksempel 2: Digital eigedomsplattform løyser konflikter i Uganda

landrettar i Uganda

Benjamin vil utvikle eit digitalt verktøy for landrettar, som kan senke konfliktnivået på landsbygda i Uganda. Zach til høgre i biletet, saman med lokalt innleigde landmålarar.

Foto/ill.:
UiB

Under eit studieopphald i utlandet lærer Benjamin Bjorvatn Øien, ein andreårsstudent i kognitiv vitskap, om samfunnsutfordringar knytte til overlappande landrettar mellom eigarar og leigetakarar i Uganda. Situasjonen fører til mange konflikter. Benjamin samarbeider med Zachary Michael Mugabi Haavaldsen, ein norsk-ugandar med lang erfaring innan eigedom. Dei bestemmer seg for å løyse utfordringa gjennom eit sosialt innovasjonsprosjekt. Dei ser for seg ein digital landforvaltningsplattform som registrerer land, koblar eigarar og leigetakarar og lar dei inngå avtaler om landrettar. For å komme dit treng dei innleiande finansiering for å nå ut til interessentar, opprette ein beta-versjon av plattformen og for å teste beta-versjonen med ugandiske brukarar. Spesielt treng Benjamin og Zach ein østafrikansk utviklar med erfaring i å programmere ein plattform som kan betjenast med alle typer telefonar for å teste om plattformen er nyttig.

Gjennom UiB idé ville Benjamin kunne fått støtte til å realisere konseptet. Ei slik verifisering er naudsynt for å sikre ytterlegare støtte frå offentlege finansieringsordningar eller frå private investorar, for å registrere eit oppstartsselskap og for å videreutvikle prosjektet. Skulle prosjektet avsløre barrierer som ikkje realistisk kan overvinnast, kan prosjektet stoppast i tide før ein tar på seg kostbare langsiktige plikter.