Hjem
Institutt for fysikk og teknologi

Bli kjent med fysikkbygget

Institutt for fysikk og teknologi held til i Bjørn Trumpys hus. Det er eit bygg med mykje historie som stadig er i endring. Å gjere seg kjend her kan vere ei utfordring, difor får du her ei kort innføring i det viktigaste.

IFT
Oversikt over Institutt for fysikk og teknologi der ein ser hovudbygget Bjørn Trumpys hus, Auditoriefløyen og Van de Graaff-generatoren.
Foto/ill.:
IFT

Hovedinnhold

Nordfløyen

Trykk på biletet for å finne ut kvar nordfløyen er.

1. etasje: Hovudinngang med informasjonstavler og postrom

2. etasje: SFI Smart Ocean, Akustikk, målevitenskap, optikk & atomfysikk, undervisningslaboratorier

3. etasje: Ekspedisjon, administrasjon med studiekonsulentar, elektronikklaboratorier, partikkelfysikk

4. etasje: Birkelandsenter for romfysikk, mikroelektronikk

5. etasje: Kjernefysikk, medisinsk fysikk, reservoarfysikk, theoretisk fysikk

* Det som står i kursiv gir ein indikasjon på kva forskingskompetanse som fins kvar på instituttet.

Midtfløyen

Trykk på biletet for å finne ut kvar midtfløyen er.

1. etasje: Mekanisk verkstad

2. etasje: Undervisningslaboratorium

3. etasje: Kantine

Sydfløyen

Trykk på biletet for å finne ut kvar sydfløyen er.

1. etasje: h-bar

2. etasje: Nanofysikk.

3. etasje: Prosessteknologi, skuleretta fysikk og formidling.

* Det som står i kursiv gir ein indikasjon på kva forskingskompetanse som fins kvar på instituttet.

Kantina

kantine
Photo:
IFT

Opningstid: Mandag - Fredag, kl. 10.30 - 15.00

Kantinebestyrar Tran Hieu Thi sel baguettar, rundstykker, vafler, yogurt, juice, kaffi og mykje meir til kjekke prisar. På tirsdag - fredag serverar ho også varm mat - blant annet kylling karri, oksesuppe, chop suey - kva rett det er varierar, men på fredagar er det stort sett alltid vårrullar. Det er fint om ein bestiller varm mat på førehand, helst før kl. 12.30, slik blir det lettare for Tran å anslå kor mykje ho må førebu og til kva tid. Rundt kl. 12.00 er det alltid litt kø, men elles er det lite trengsel.

Velkommen!

Ekspedisjonen (3. etasje)

administrasjonen
Photo:
IFT

Studentane spør Marta i ekspedisjonen om alt mogleg, og ho prøver å svare etter beste evne. Har du spørsmål om dine studiar, henvend deg til din studierettleiar

Lesesalar og PC-stover

Bachelorstudentar

PC-stover: Fire i Realfagsbygget og fire på Høgteknologisenteret, elles er der nokre leseplassar med PC på Bibliotek for realfag. (Meir info)

Lesesalar: To i 1. etasje i Auditoriefløyen eller hangaren på Realfagbygget, men hangaren stenger i slutten av semesteret grunna eksamensavvikling. (Meir Info)

Masterstudentar

Lesesalar: Kvar forskingsgruppe tilbyr lesesalsplassar til sine masterstudentar. Ta kontakt med gruppeleiar for meir informasjon og i ekspedisjonen for å få ordna det praktiske med tilgang til bygget, nøklar til lesesal og namnelapp på skrivebordet.

Undervisning og kollokvierom

Undervisning

Forelesningar i 100-emne: Auditorium A eller B i Auditoriefløyen.

Rekneverkstader og forelesningar 200/300-emne: Seminarrom 292, 316, 366 eller 546 på instituttet.

Laboratorieøvingar: Undervisninglaboratoriet på instituttet.

Kollokvierom

Det fins ingen kollokvierom på instituttet, men der er to kollokviegrupper i Auditoriefløyen.

Bokskap

Der er bokskap i kjellaren på Auditoriesfløyen eller på Realfagsbygget. Det er førstemann til mølla som gjeld og du må ta med ditt eige hengelås. Hugs å tømme skapet mot slutten av studieåret, viss ikkje gjer andre det i løpet av sommarferien.