Hjem
Institutt for fysikk og teknologi

Engasjer deg

Her kan du finne informasjon om institutt- og studentorgan.

Fagutvalet for fysikk og teknologi

Fagutvalet for fysikk og teknologi er kontaktleddet mellom studentane og dei tilsette på instituttet. Der finn du både master- og bachelorstudentar som ynskjer å gjere instituttet til den beste staden i landet å studere fysikk og teknologi. For å kunne påverke dei vedtaka som blir gjort på instituttet stiller fagutvalet med studentrepresentantar i programstyra, instituttrådet og i andre møter med dei tilsette. Kvart semester evaluerar fagutvalet emner og gir råd til kven som skal få prisen for årets forelesar på fakultetet.

Ta kontakt med fagutvalet (fagutvalg.ift@uib.no) om du har innspel til korleis undervisninga eller informasjonen om undervisninga kan bli betre, lurer på kva rettar du har eller liknande.

 

Programstyre - er ansvarleg for alt som har med studiane på instituttet å gjere, det kan vere studieprogram, studieplanar, emnekoder og liknande. Fysikk, petroleumsteknologi og prosessteknologi har kvar sine programstyre. Om du til dømes søker om å få utsatt frist for innlevering av masteroppgåva er det programstyret som vurderer søknaden.

Instituttråd - diskuterar strategien til instituttet, handsamar budsjett, rekneskap og store endringar i studietilbodet og leverer forskings-, forskarutdannings- og utdanningsmeldingar til fakultetet.

h-bar

h-bar skal vere med på å betre det sosiale miljøet for tilsette og studentar på instituttet. Baren ligg i første etasje i sydfløyen (følg dei rosa pilene) og har ope fredagar klokka 19.00 - 01.00. Studentane som driv baren arrangerar quiz og andre artige tilstellingar når det passar. Følg med på kva som skjer på plakatar rundt omkring på fakultetet, på facebook, og heimesida til h-bar, og ta kontakt i baren eller på e-post h-bar@ift.uib.no om du vil vere med.