Hjem
Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Ny forskingsprosjektet

Får millionstøtte til forskingsstudie

Forskar Miriam Hartveit leier intervensjonsstudien som skal betra samarbeidet mellom primær- og spesialisthelsetenesta.

Miriam Hartveit
Foto/ill.:
IGS

Målet er at fleire pasientar skal få betre og raskare behandling. Hartveit er utdanna sjukepleiar og har jobba med kvalitetsforbetring i sjukehus i nær 20 år. I 2016 disputerte ho for doktorgraden sin, og ho fekk Helse Vest sin Kvalitetspris for forskinga si. Harveit er tilsett i Helse Fonna og er knytt til Valen sjukehus og seksjon forsking og innovasjon.

No skal ho leia ein intervensjonsstudie som har fått 2,4 millionar i strategiske midlar til samhandlingsforsking frå Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger, heiter det i ei pressemelding frå Helse Fonna.

Les meir fra Kvinnheringen