Hjem
Det juridiske fakultet

Strategi for Det juridiske fakultet 2023 - 2030

Det juridiske fakultetet si strategiplan for forskning, utdanning, formidling og organisasjonsutvikling 2023 - 2030 (vedtatt av fakultetsstyret 13.06.2023).

Det juridiske fakultet
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Rettsvitskap i front

Det juridiske fakultet skal mot 2030 styrke sin posisjon som eit rettsvitskapleg kunnskapssentrum. Fakultetet skal bygge vidare på forskingsmiljøa vi har utvikla for å utdanne juristar som kan ta rettssamfunnet vidare.

Rettssystemet er ein avgjerande infrastruktur for eit demokratisk samfunn tufta på menneskerettane. Ei hovudoppgåve for rettsvitskapen er å utforske og analysere dei reglane som er vedtekne. Ei anna hovudoppgåve er å utvikle rettssystemet for å kunne møte framtidige utfordringar. Dette må skje med grunnlag i ein sterk fagleg-kritisk kultur og dialog med andre vitskapsdisiplinar. Med aktivt og engasjert internasjonalt forskingssamarbeid skal vi fremje vilje, evne og mot til å gå i front for nye perspektiv og rettslege løysingar på problem og konfliktar som oppstår i tida. 

 Den sentrale rolla juristane har i samfunnet, og den makta dei utøver, gjer det viktig å arbeide målretta for rekruttering av studentar og forskarar med ulike erfaringar og perspektiv.

Langsiktig og nyskapande forsking

Forskarane og forskingsmiljøa våre bidreg til utvikling av den rettsvitskaplege forskingsfronten.  

Berekraftig utvikling av samfunnet og ny teknologi krev nye rettslege løysingar. Vi skal styrke forskinga på grunnleggjande utfordringar i rettssystemet og tidsaktuelle problemstillingar. Forskinga skal vere orientert mot den internasjonale forskingsfronten, skje over tradisjonelle disiplingrenser i rettsvitskapen og i dialog med andre vitskapsdisiplinar.

Vi forskar på dei sentrale rettsområda som inngår i det femårige masterprogrammet i rettsvitskap, for slik å sikre forskingsbasert utdanning innan så vel privatrettslege som offentlegrettslege emne. Vi skal samstundes styrke forskinga på fagområde som peikar seg ut som særleg viktige både for rettsvitskapen og i eit samfunnsperspektiv.

Med tre faglege tyngdepunkt skal vi utvikle kvaliteten på forskingsaktiviteten generelt, og gje grunnlag for å løyse viktige samfunnsutfordringar. Dei faglege tyngdepunkta er område som det skal leggast særleg vekt på å utvikle, og dei skal vere instrument i oppbygginga av og rekrutteringa til det samla forskingsmiljøet. 

Det faglege tyngdepunktet Klima- og energirett vil ta utgangspunkt i det sterke tverrfaglege miljøet som er utvikla i samarbeid med UiB si satsing på klima og energiomstilling. Dette er eit felt som på ein særskilt måte svarer på sentrale samfunnsutfordringar som klimautfordringa og trongen for kunnskap og regelutvikling for å sikre ei berekraftig utvikling. Det er eit mål at fagmiljøet skal utvikle seg til eit senter i løpet av strategiperioden. 

Det faglege tyngdepunktet Rettsstat og internasjonalt rettssamarbeid skal løfte dei prinsipielle perspektiva i styrking av rettsstaten aleine og i samarbeid med andre statar. Utviklinga i Europa der rettsstatar blir nedbygt og avtalar sagt opp, har skapt etterspurnad etter rettsstatleg grunnforsking og gode modellar for rettssamarbeid. Det veletablerte fagmiljøet på feltet skal ta sikte på å bli eit nordisk kunnskapssentrum for forsking og forskarutdanning i løpet av strategiperioden.  

Det faglege tyngdepunktet Rammevilkår for næringsverksemd og nyskaping skal vidareutvikle samarbeidet med økonomiske og teknologiske forskingsmiljø. For å utvikle eit teknologi- og kunnskapsbasert samfunn som kan bere kostnadane med rettsstaten og velferdssamfunnet og gjennomføre det grøne skiftet, er det nødvendig å skape gode rettslege rammevilkår for nyskaping og initiativ. Kunnskap om komplekse nasjonale og internasjonale regelverk er avgjerande for å kunne realisere dette. Det fleirfaglege samarbeidet på feltet dannar grunnlaget for å finne gode og framtidsretta løysingar for regulering av ny og sjølvlærande teknologi.

Ambisjonar mot 2030 

  • Vi skal ha ein akademisk kultur for fri fagleg samtale og kritikk, og vere del av den internasjonale forskingsfronten
  • Vi skal dyrke ein nyskapande og samfunnsrelevant rettsvitskap, og ha god dialog med omverda og andre vitskapar
  • Vi skal både publisere på norsk og i kanalar på høgt internasjonalt nivå
  • Vi skal auke vår kompetanse om teknologiutvikling og digitalisering på tvers av rettsdisiplinar og faglege tyngdepunkt    
  • Vi skal ha ei forskarutdanning på høgt internasjonalt nivå som bygger rettsvitskapleg kjernekompetanse og inviterer til å utforske teoretisk og metodologisk mangfald
  • Vi skal auke eksternfinansieringa for å utvide forskingskapasiteten til fagmiljøa  
  • Vi skal fremje kunnskapen om, og forståinga av, forskingsetikk og fagleg integritet
  • Vi skal synleggjere verdien av rettsvitskapleg forsking for samfunnet gjennom målretta kommunikasjon av og om forskinga ved fakultetet

Utdanning for framtida

Vi utdannar sjølvstendige og kritiske juristar som har inngåande kjennskap til samtidas rettssystem og kan møte nye utfordringar og ukjende problemstillingar, og slik sett utvikle retten.

Eit samfunn i omstilling med rask teknologisk utvikling treng juristar som evnar å sjå dei nye rettsspørsmåla som oppstår og finne gode løysingar på desse. Bergensmodellen med problembasert og studentaktiv læring, tett oppfølging av studentane i gruppeundervising dei første åra og målretta skrivetrening, skal være berebjelke i studieordninga. Vi bygger juridisk kompetanse gjennom ein idé om at korleis du lærer er nøkkelen til kva du lærer. Vi skal fortsette kvalitetsutviklinga av studiemodellen  slik at studentane våre er førebudde på morgondagens arbeidsliv og aktivt kan bidra til samfunnsutviklinga.

Gjennom forskingsbasert undervising og varierte læringsformer skal vi utdanne juristar med fagleg tryggleik, sterkt metodisk medvit og høg etisk standard. Studentane skal sjå rettslege problemstillingar i eit heilskapleg bilete og retten i eit samfunnsperspektiv. Den overordna læringsutbytteskildringa for studieprogrammet dannar grunnlaget for alt vi gjer i utdanninga.

Studieprogrammet skal ha god indre samanheng og progresjon der internasjonal erfaring er integrert i løpet. Dragefjellet skal vere ein studentaktiv campus med eit inkluderande læringsmiljø gjennom heile studieløpet.    

Ambisjonar mot 2030

  • Vi skal vere det leiande rettsvitskaplege utdanningstilbodet i Noreg gjennom å vidareutvikle Bergensmodellen med studentanes læring i sentrum
  • Vi skal utvikle metodisk medvit om, og interesse for, sentrale dilemma i retten og stimulere til livslang læring 
  • Vi skal la studentane ta del i den akademiske fellesskapen og gje dei innsikt i vitskapleg arbeidsmåte og i forskarkvardagen
  • Vi skal sikre at dei vi utdannar er oppdaterte på bruk av digitale verktøy til å løyse rettslege problemstillingar
  • Vi skal vere attraktive for studentar med ulike erfaringar og perspektiv, og gjere bruk av dette mangfaldet i studiet
  • Vi skal synleggjere behovet for, og verdien av, dialog med andre vitskapar for å kunne løyse rettslege og samfunnsmessige problemstillingar
  • Vi skal gjere studentane i stand til å samarbeide med juristar frå andre land, og til å kunne forstå og gjere seg nytte av deira perspektiv på felles rettslege utfordringar og sjølv bidra med norske perspektiv
  • Vi skal stimulere til utforsking av regionale problemstillingar i lys av internasjonal rettsutvikling, i samarbeid med aktørar i Vestlandsregionen
  • Vi skal utvikle forskartalent og rekruttere sterke kandidatar til ph.d.-programmet mellom anna ved hjelp av forskarlinja

Formidling og samfunnsdialog

God formidling av rettsvitskapleg kunnskap skal bidra til utviklinga av demokratiet, og legitimiteten og tilliten til retten i samfunnet.

Våre vitskapleg tilsette er tydeleg til stades som kunnskapsressursar i samfunnet, driv formidling med høg kvalitet og når breitt ut. Gjennom dialog med politiske og rettslege institusjonar skal vi bidra til betre avgjerder om korleis rettssystemet skal utviklast.

Med nyskapande formidling skal vi  synleggjere fakultetet som ein forskings- og utdanningsinstitusjon med høg kvalitet og som ein attraktiv arbeids- og studiestad.

Ambisjonar mot 2030 

  • Vi skal bidra til opplysning og saklege debattar om retten i samfunnet med engasjement og klokskap, og synleggjere kva rolle rettsvitskapen kan spele for samfunnsutviklinga
  • Vi skal ha eit godt ytringsklima og oppmuntre forskarar på alle nivå til formidling av vitskapleg innsikt for fagfellar og allmennheita 
  • Vi skal vidareutvikle den gode formidlingskulturen internt og arbeide nyskapande for å nå ut nasjonalt og internasjonalt
  • Vi skal særleg arbeide med å synleggjere dei tre faglege tyngdepunkta
  • Vi skal formidle innsikt i  fagdidaktikk og ta initiativ til deling av erfaringar om kunnskapsutvikling innan og på tvers av det juridiske fagmiljøet

Ein organisasjon i utvikling

Vi er ein attraktiv, inkluderande og engasjerande arbeids- og studiestad med godt samvirke mellom tilsettegrupper som saman løyser fakultetet sitt samfunnsoppdrag.

Fakultet skal verne om universitetsdemokratiet og bidra aktivt for at Universitetet i Bergen skal nå ambisjonane som er sett ut i strategien for 2023- 2030. Vi skal utvikle ein organisasjon som kan møte den aukande etterspurnaden etter rettsvitskapleg forsking og utdanning.

Alle i organisasjonen skal bidra til eit inkluderande arbeids- og studiemiljø. Ved å vere til stades og ta initiativ til fagleg-kritisk kulturbygging, skal vi utvikle gode møtestader mellom studentar og tilsette.

Ambisjonar mot 2030  

  • Vi skal arbeide for ein organisasjon med ein inkluderande kollegial kultur og eit arbeidsmiljø som speglar mangfaldet i samfunnet  
  • Vi skal utvikle ein organisasjon med berekraftig fagleg leiarskap og kultur for deltaking og nærvære i organisasjonen  
  • Vi skal tiltrekke oss fagleg sterke og engasjerte kandidatar som vil bidra til å bygge fagmiljøa og utvikle fakultetet
  • Vi skal fortsette med, og vidareutvikle det tette og gode samarbeidet mellom tilsettegruppene, og gjennom dette samarbeidet effektivisere og forenkle arbeidsprosessar og rutinar
  • Vi skal styrke tiltaka for karriereoppfølging og rettleiing, særleg for å bygge opp forskarar som er tidleg i karriera
  • Vi skal støtte opp om engasjerte undervisarar som set studentane si læring i sentrum
  • Vi skal arbeide for å styrke studentdemokratiet ved fakultetet