Hjem
Det juridiske fakultet

Strategiplan for Det juridiske fakultet 2016-2022

Det juridiske fakultetets strategi for forskning, utdanning og formidling 2016 - 2022.

Juridisk fyrtårn - regionalt, nasjonalt og internasjonalt

(Vedtatt av fakultetsstyret 30.08.2016.)

Samfunnsoppdrag og verdigrunnlag

Dei sentrale oppgåvene til Det juridiske fakultet er å drive rettsvitskapeleg forsking og utvikling av faget, utdanne juristar, og formidle kunnskap om retten og rettsstaten til samfunnet. Heile verksemda vår skal vere prega av høg kvalitet, og ho skal vere innovativ og framtidsretta. Organisasjonen skal vere kjenneteikna av kompetanse, samarbeid, initiativ og mot.

Ofte har både rettsforsking og juristutdanning retta seg mot å tolke dei reglane som alt finst. Sjølv om denne typen kunnskap vil vere viktig også framover, må ein i tillegg rette større merksemd mot utforminga av reglane, korleis dei faktisk verkar i samfunnet og samspelet med andre faktorar.

Gjennom rettsvitskapeleg forsking utviklar Det juridiske fakultetet kunnskap om retten. Kunnskapen deler vi med samfunnet kring oss. Kompetansen ved fakultetet gjev grunnlag for å løyse dei oppgåvene vi har – lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Kunnskapen lèt oss utdanne juristar for framtida, og førebu dei på å verke til beste for samfunnet som kunnskapsrike og ansvarlege juristar. Studentane skal få ta del i begeistring for faget, i spanande diskusjonar, og bli utfordra til å ta eigne steg i eiga forsking eller anna juridisk verksemd.

Kompetansen gjer at vi kan vere ein verdfull premissleverandør og samarbeidspartnar for dei regionale og nasjonale institusjonane som skal forme og forvalte retten i samfunnet.
 Kompetansen og kunnskapen vår set oss i stand til å drive formidling av høg kvalitet, og bidra til ein opplyst offentleg samtale om retten, rolla han har i samfunnet, og korleis retten kan tene både demokratiet og deltakarane i det.

Det juridiske fakultet tuftar verksemda si på eit trygt og attraktivt miljø der alle kjenner både ansvar og høve til å bidra til å løyse samfunnsoppdraga. Dei tilsette skal få kollegial og institusjonell støtte til stadig å forbetre seg sjølv for å høgne kvaliteten på verksemda ved fakultetet. Fakultetet skal utføre samfunnsoppdraget sitt gjennom effektiv, etterretteleg og kunnskapsbasert drift og forvalting.

Dei akademiske ideala er grunnlaget for all verksemda vår. Vi skal ansvarleg verne om og bruke den akademiske fridommen og faglege autonomien vår. Vi skal bruke dette til å ta oss alle vidare, til å vere nyskapande, til å sjå det som ikkje er lett synleg, til å stille kritiske spørsmål og til å arbeide med rettsvitskap for å få eit klokare og betre samfunn. Forskingsverksemda skal verne om rettsvitskapen sin eigenart.

Forsking i front

Overordna mål

Forskinga ved fakultetet skal vere av høg kvalitet, og bli utført av nysgjerrige, modige og initiativrike forskarar. I løpet av strategiperioden skal fakultetet ha fagmiljø av høg internasjonal standard. Vi skal arbeide for å skape fagmiljø i verdsklasse.

Delmål

Fakultetet skal drive innovativ grunnforsking og anna forsking av høg fagleg kvalitet. Fakultetet skal i løpet av planperioden få fram minst éin søknad til Noregs forskingsråd (NFR) om eit Senter for framifrå forsking (SFF), aleine eller i samarbeid med andre. Vidare skal fakultetet arbeide fram søknader knytt til Forskingsrådet og EU sine satsingar. I samband med dette vil fakultetet arbeide for at forskarane våre skal ta del i gode internasjonale forskingsnettverk. Forskingsaktiviteten skal vere i tråd med krava til organisering av forskinga, internasjonalt og regionalt samarbeid og fagleg nyskaping som er uttrykte i rammeplanane til Universitetet i Bergen (UiB), NFR og EU.

Forskinga ved fakultetet skal bidra til å løyse samfunnsoppgåver, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og dei problema som samfunnet og forskinga identifiserer som særleg viktige. Dei tre strategiske satsingsområda til UiB – marin forsking, forsking innan klima og energiomstilling og forsking knytt til dei store globale samfunnsutfordringane – skal vere synlege i fakultetet sine prioriteringar i strategiperioden.

Fakultetet si forskingsverksemd skal i større grad enn tidlegare satse på tverrvitskapeleg orientering. Det er eit mål å gjere juridisk forsking relevant og synleg for å inngå i tverrvitskapeleg forsking, og då særleg opp mot UiB sine satsingsfelt og oppbygging av klynger. Det er eit mål at fagmiljøa ved fakultetet skal vekse, slik at vi i større grad kan bidra på desse arenaene.

Fakultetet skal styrke forskingssamarbeidet med andre institusjonar i rettslivet. Samarbeid og formidling av forskinga vår skal bidra til omstilling, innovasjon og auka kompetanse. Fakultetet skal ta eit særskilt ansvar for å utvikle rettsleg kompetanse som styrker regionen vår.

Vi skal satse på forskingsrekruttering i strategiperioden. Fakultetet skal sikre forskingsbasert undervisning på masterstudiet og arbeide med å vekke forskingsinteresse hos studentane og førebu dei på ein slik karriereveg. I samband med utlysing av stillingar skal vi syte for at forskingsbasert undervisning blir sikra også på lang sikt. 

Det juridiske fakultet skal ha ei forskarutdanning av høg internasjonal kvalitet. Ph.d.-kandidatar på fakultetet skal delta aktivt i lokale, nasjonale og internasjonale nettverk. Ph.d.-kandidatane skal bli trena i å presentere og diskutere prosjekta sine med internasjonale kollegaer. Fakultetet skal syte for at det jamleg blir halde kurs og seminar for dei som rettleier ph.d.-kandidatane.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet skal verke i form av samarbeid mellom enkeltpersonar, forskingsprosjekt og forskargrupper. Vi skal vidareutvikle forskargruppene som ein av fleire arenaer for fagleg utvikling.

Særlege tiltak for å oppnå måla

Samfunnsoppdraget til Det juridiske fakultetet krev at undervisningstilbodet til ei kvar tid er forskingsbasert.

Undervisningsbehovet vil styre noko av forskingsaktiviteten ved fakultetet. Dette fordi det er naudsynt å sikre, og somme tider ytterlegare styrke, forskingskompetanse i dei faga som utgjer kjernen av utdanninga.

Fakultetet skal drive nyskapande grunnforsking i dei obligatoriske faga og i sentrale valemne. Satsinga innan strafferett, konkurranserett og formuerett frå føregåande strategiperiode skal også ha naudsynte rammevilkår for vidare utvikling.

Fakultetet skal støtte opp under tverrvitskapeleg forsking ved å styrke kontakten med andre forskingsmiljø, særleg ved UiB. Fakultetet skal sette inn ressursar for å kome tidlegare inn i prosessen når forskingsprosjekt og søknader skal utformast. Vi skal legge til rette for at forskarar og forskingsadministrasjon kan ha eit tett samspel. Vi skal oppmuntre til, og legge til rette for, å utvikle forskingsprosjekt på tvers av juridiske fagdisiplinar. Det same gjeld samarbeid mellom rettsvitskapelege forskarar og forskarar frå andre fakultet.

Fakultetet skal vidareutvikle kompetansen vi har knytt til dei store globale samfunnsutfordringane og marin forsking. Det vil tidleg i strategiperioden vere særskilt naudsynt å styrke forskinga innan klima og energiomstilling i vid forstand. Ei slik styrking er naudsynt for at Det juridiske fakultetet skal kunne delta med tyngde i UiB sine satsingar, og for å kunne bidra som partnarar i søknader om ekstern finansiering. Styrkinga er også naudsynt for at fakultetet skal kunne utdanne juristar som i framtida vil kome til å arbeide med slike spørsmål i større grad enn det juristar gjer i dag.

I strategiperioden skal fakultetet bidra til UiB si målsetting om å syne relevansen av forskinga for samfunnet ved å samarbeide tettare med viktige regionale aktørar innan offentleg verksemd og næringslivet.

Høg kvalitet i forskinga vil vere eit grunnleggande vilkår når fakultetet skal fordele ressursane sine. I konkurranse om kven, eller kva forskargruppe, som skal få tildelt stillingar eller forskingsmidlar, vil fakultetet vurdere i kva grad tiltaket fremmar måla til fakultetet. Det vil til dømes vere tilfelle om ein stipendiatstilling både bygger kompetanse i eit undervisningsfag ein treng å styrke, og samstundes bidrar med forsking innan klima eller miljørett i vid forstand.

Utdanning av juristar for morgondagen

Overordna mål

Fakultetet skal utdanne juridiske problemløysarar for framtida. Studietilbodet på fakultetet skal vere på linje med dei leiande i Europa. Fakultetet skal gje eit studieprogram og ein studiekvardag som utdannar studentane til kunnskapsrike og ansvarlege juristar som har kompetanse til å gå inn i dei ulike rollene som juristane kan ha. Våre kandidatar skal vere kjenneteikna av fagleg tryggleik, sterkt metodisk medvit og høg etisk standard.

Delmål

Fakultetet skal sikre eit studium med klar indre samanheng og progresjon. Det må ligge føre overordna perspektiv på utviklinga av undervisninga i dei einskilde faga. Fakultetet skal halde fram arbeidet med planstyrt og langsiktig utvikling av kvalitetshevande undervisningstiltak basert på evalueringar frå studentar, programsensorar og tilsette.

Studietilbodet til fakultetet skal til ei kvar tid vere tufta på forsking. Gjennom studiet skal studentane opparbeide seg sterkt metodisk medvit og ein solid juridisk kunnskapsbase, bygd på grunnleggande forståing for retten og dei viktigaste delemna i faget. Det skal leggjast til rette for at studentane skal få ta del i nye problemstillingar og innsikter. Det skal vere tydeleg for studentane kva forskingsperspektivet inneber for kvart einskild emne.

UiB si satsing på tverrvitskapeleg aktivitet bør vere tydeleg også i jusstudiet. Studentane skal få kjennskap til relevante problemstillingar frå andre universitetsfag. Slik kan vi møte samfunnet sitt behov for juristar som er vande med, og forstår samarbeid med, andre fagdisiplinar. Slikt samarbeid er naudsynt for å løyse komplekse samfunnsproblem.

Det er også eit mål at forskingsfronten innan satsingsområda til UiB og fakultetet blir spegla i undervisninga. Delar av studiet bør svare til UiB si satsing på klima/energiomstilling, marin forsking og store globale samfunnsutfordringar.

Studiet skal vere tufta på gode og innovative pedagogiske verkemiddel. Studentane skal vere sikra kvalifisert prøving på alle nivå i studiet.

Studiet skal ha både ein klar nasjonal og internasjonal dimensjon. Det skal spegle og vidareføre regionen sin internasjonale tradisjon, og stimulere til nysgjerrigheit og fagleg nyskaping gjennom impulsar frå utlandet. Innreisande studentar er ein ressurs som vi i større grad kan trekke vekslar på i undervisninga. Eit betre samspel mellom norske og utanlandske studentar legg grunnlaget for eit dynamisk og spanande læringsmiljø.

Fakultetet skal ha eit aktivt samarbeid med juridisk sterke fagmiljø og næringslivet i regionen. Samarbeidet skal kome studentane til gode i form av kunnskap om aktuelle problemstillingar, og fakultetet skal legge til rette for mogelege praksis- og skriveplassar. Til dette føremålet skal fakultetet for strategiperioden styrke kontakten med slike institusjonar i regionen med mål om meir og tettare samarbeid. Saman med institusjonane skal fakultetet synleggjere praktisk innretta mastertema som innbyr til at studentane får interesse for institusjonane.
 
Fakultetsleiinga skal vurdere om det i strategiperioden er tenleg å søke om eit Senter for Framifrå Utdanning (SFU). I alle høve skal dei parametrane for kvalitet som må møtast i ein SFU, vere retningsgjevande for kvaliteten på undervisninga. Undervisninga vår skal vere av høg, fagleg kvalitet, vere eit førebilete i bruken av pedagogiske og digitale verkemiddel, og spele på lag med solide eksterne fagmiljø. På denne måten skal vi utdanne kandidatar som er attraktive både på den norske og den internasjonale arbeidsmarknaden.

Leiinga skal i strategiperioden arbeide for at fakultetet skal få økonomisk utteljing for kvalitetshevinga av undervisningstilbodet. Økonomisk utteljing vil verke som ein ytterligare motivasjon for å halde fram med å betre kvaliteten i utdanninga, samstundes som gode økonomiske rammer er ein føresetnad for å kunne gjennomføre kvalitetshevande tiltak.

Særlege tiltak for å oppnå måla

Fakultetet skal legge til rette for at studentane skal få arbeide med forskingsperspektiv og -oppgåver. Allereie frå fyrste studieår skal vi legge vekt på å synleggjere gode og relevante forskingstema til masteroppgåver, og førebu studentane til å gjere sjølvstendige vurderingar med tanke på val av tema for masteroppgåva.

Fakultetet skal i strategiperioden følge opp initiativ teke av UiB om undervisningssamarbeid på tvers av fakulteta, og syte for at slikt samarbeid skjer til beste for utviklinga av jussen. Det kan til dømes vere tale om å samarbeide med andre fakultet om undervisning og/eller utvikling av masteroppgåver innan same overordna tema, men der studentar frå ulike fakultet arbeider saman.

Satsingsområda ved UiB bør i større grad integrerast i undervisningstilbodet. Særleg bør problemstillingar knytt til marin forsking, forsking innan klima og energiomstilling og forsking knytt til store globale samfunnsutfordringar bli gjort synleg for studentane. For å utdanne kandidatar som er rusta til å arbeide med slike utfordringar, må spørsmåla bli tatt opp i dei enkelte emna. Erfaringane frå integreringa av menneskerettar og EØS-rett kan tene som førebilete.

Fakultetet skal legge til rette for systematisk pedagogisk kompetanseutvikling og medviten bruk av digitale verkemiddel. Fakultetet vil arbeide for framleis å ligge i tet i å bruke digitale verktøy i både forsking og i undervisning. Fakultetet skal vere oppdatert, framtidsretta og innovativt i måten å drive undervisning og evaluering av studentane. Fagmiljøet og administrasjonen skal samarbeide tett for å utvikle og bruke gode og framtidsretta løysingar.

I strategiperioden skal vi stadig søke å sikre ei ressursadekvat og rettvis prøving. Fakultetet skal prøve ut nye vurderingsformer med god samanheng til undervisninga og sikre kvalitet i sensur og klagesensur. Vi skal opne opp for utprøving av, og større variasjon i, vurderingsformer på emne på 1.–4. studieår og spesialemna. Vi skal vurdere tiltak som bidrar til kompetanseheving og synleggjering av undervisningsopplegget for sensorane.

Fakultetet skal halde fram med å tilby utveksling med kvalifiserte institusjonar rundt om i verda. Porteføljen av utvekslingsavtalar skal sikre at dei utreisande studentane våre vel emne på eit nivå som svarar til kvar dei er i studieløpet sitt her heime. Fakultetet skal legge til rette for andre former for internasjonalisering, til dømes utanlandsopphald som ein del av eit emne. Vi skal legge til rette for at studentane får trening i å relatere seg til internasjonale diskusjonar i løpet av studiet, og vere
innovative i måtar å integrere internasjonale aspekt i studiet. Studentar som ønsker det, skal kunne skrive masteroppgåva på engelsk.

Fakultetet skal legge til rette for at det i løpet av planperioden blir etablert eit LLM-program.

Målretta formidling

Overordna mål

Forskarar på fakultetet skal vere i front med å formidle kunnskap om rettsreglane, rettsstaten og retten si rolle i samfunnet. Kunnskap om retten formidla breitt ut i samfunnet bidrar til opplysing og saklege debattar. Slik formidling er viktig for utviklinga av demokratiet. Formidlinga skal òg synleggjere kva forskinga gjev tilbake til samfunnet. Vi skal vise at investering i juridisk forsking kjem samfunnet til gode. Slik bidrar formidlinga òg til å vise kor viktig den juridiske forskinga er i samfunnet.

Delmål

Forskarane på fakultetet skal formidle forskinga si på fleire arenaer. Forskingsresultata skal formidlast både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Fakultetet skal bidra til betre avgjerder ved å formidle kunnskap til politiske og rettslege institusjonar. Mediebidrag er sentrale for å nå ut i den offentlege debatten. For forskinga sin del er det viktig at vi tek del på universitetsarenaen og formidlar kunnskap om retten til forskingsmiljø frå andre fagfelt.

Forskarane skal gjennom formidlinga synleggjere dei sterke fagmiljøa ved fakultetet. Fakultetet skal på ulike arenaer gjere dei framifrå forskarane våre synlege, til dømes ved å nominere dei til ulike verv og prisar.

I kampen om dei beste studentane og forskarane skal fakultetet stå fram som ein attraktiv arbeidsplass og ein forskings- og utdanningsinstitusjon som omverda koplar med høg kvalitet.

Særlege tiltak for å oppnå måla

Fakultetet skal i strategiperioden arbeide for å auke interessa for formidling hos dei tilsette. Særleg unge forskarar og andre nytilsette skal få insentiv og støtte til å gjere formidling til ein naturleg del av verksemda si.

Fakultetet har ein ambisjon om å lukkast med digital forskingsformidling. Mange av forskingsprosjekta våre vil vere godt eigna til å bli publiserte digitalt, og på den måten nå ut til eit breitt publikum. Dragefjellet lærings- og formidlingssenter vil vere sentralt her. Fakultetet ønsker å organisere dei eksisterande formidlingsressursane for å bidra til effektiv formidling på høgt nivå. Dette kan òg innebere eit tettare samarbeid med Kommunikasjonsavdelinga ved UiB.

Ein organisasjon i utvikling

Overordna mål

Fakultetet skal ha ein organisasjon som til ei kvar tid er rigga for å drive forsking, utdanning, formidling og forvalting av høg kvalitet, og som legg til rette for innovasjon. Fakultetet skal drive institusjonen vidare, samstundes som vi aktivt skal vurdere om endringar i organisasjonen kan gje forbetringar. I den komande strategiperioden vil fakultetet bli stilt overfor nye rammevilkår og aukande resultatkrav knytt til forsking og utdanning. Tverrfagleg aktivitet innan forsking og undervisning vil kunne skape behov for nye organisasjonsløysingar.

Delmål

Fakultetet sine tilsette skal ha kollegial og institusjonell støtte til personleg og fagleg utvikling. Fakultetet skal profesjonalisere rolla som forskingsleiar og prosjektleiar. Fakultetet skal i eiga regi, eller i samspel med andre, utvikle program for dette.

Satsingsfelt, som tverrfagleg forsking, eksternfinansiering og internasjonalisering, skal utviklast i tett samspel mellom leiinga, vitskapelege og administrativt tilsette. Vi skal ha insentiv til å oppsøke andre institusjonar for læring, pilotprosjekt og andre måtar å skape utvikling i forsking, undervisning og måten vi organiserer verksemda vår på.

Eit godt studietilbod er avhengig av eit godt samarbeid mellom undervisarar, administrasjon og studentane. Tiltak for i større grad å samordne undervisningsressursar, og ein adekvat bruk av desse, skal settast i verk. Fakultetet skal vurdere om det skal opprettast fagleg studieårsansvarlege.

Fakultetet skal utvikle eit betre og meir inkluderande sosialt fellesskap, blant anna ved å organisere jamlege faglege og sosiale møteplassar. Særleg skal nytilsette inviterast inn i miljøet, og få høve tilå presentere seg og verksemda si for kollegaene, til dømes gjennom prosjektpresentasjonar eller andre bidrag. Vi skal arbeide for å finne ordningar, slik som fagpresentasjonar, debattar og liknande, som bidrar til å skape intern utveksling av kunnskap, samarbeid og dynamikk i organisasjonen.

Særlege tiltak for å oppnå måla

I starten av strategiperioden skal vi gjennomføre eit prosjekt for organisasjonsutvikling for å sjå korleis fakultetet best kan tilpasse seg nye rammevilkår og resultatkrav.

Dokumenter