Hjem
Det juridiske fakultet
Handlingsplan for forsking 2024-2025

Handlingsplan for forsking 2024-2025

Handlingsplanen for forsking er eit verkemiddel for å nå fakultetet sine strategiske mål. Planen er forankra i strategien "Rettsvitskap i front" (2023-2030), vedteken av fakultetsstyret 13.06.2023 (styresak 59/23).

Det juridiske fakultet
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Overordna mål: Langsiktig og nyskapande forsking  

Fakultetet skal i strategiperioden 2023-2030 styrke forskinga på grunnleggjande utfordringar i rettssystemet og tidsaktuelle problemstillingar i samfunnet. Forskinga skal vere orientert mot den internasjonale forskingsfronten, skje over tradisjonelle disiplingrenser i rettsvitskapen og i dialog med andre vitskapsdisiplinar og samfunnssektorar.  

Handlingsplanen for forsking presenterer delmål og aktivitetar som skal sikre høg kvalitet i forsking, forskingsformidling og rekruttering til vitskaplege stillingar i perioden 2024-2025.

Synleggjering av rettsvitskapen sin posisjon som bidragsytar til dei globale berekraftsmåla (SDG) er sentralt i arbeidet med kvalitet i forsking.  

Korleis lese handlingsplanen  

Delmåla og aktivitetane som er identifiserte i handlingsplanen skal vere dei første stega mot å nå det overordna strategiske målet om å utvikle langsiktig og nyskapande rettsvitskap i den internasjonale forskingsfronten. Fakultetet vil ikkje utvikle eigne handlingsplanar for internasjonalisering, rekruttering, mangfald- og likestilling og formidling for perioden 2024-2025. Delmål og aktivitetar i handlingsplanen for forsking skal såleis også sikre strategisk framdrift på desse felta. Satsingsområda A-F i handlingsplanen reflekterer dette samansette siktemålet: 

A: Solide miljø for framifrå forsking 

B: Målretta rekruttering  

C: Sterk kopling mellom forsking og utdanning  

D: Internasjonalt samarbeid og posisjonering  

E: Mangfald i perspektiv og personale  

F: Vitskapleg publisering og samfunnsdialog  

Les handlingsplan for forsking her